Gå til innhold

Om influencere og reklame (Artikkel frå BuzzFeed)


decker

Anbefalte innlegg

Kom over denne interessante artikkelen frå BuzzFeed:

https://www.buzzfeednews.com/article/tanyachen/the-jcrew-bankruptcy-has-exposed-a-hard-truth-about-the?utm_source=dynamic&utm_campaign=bffbbuzzfeednews&ref=bffbbuzzfeednews
 

Cliff notes:

- Amerikansk influencer avlyser planlagt «try haul» med J.Crew fordi dei har gått konkurs og ho vil ikkje lenger tjena pengar på affiliate links, og artikkelforfatter meiner dette er oppsiktsvekkande

- Artikkelen problematiserer vidare det som ofte vert diskutert i innlegg her, nemlig at viss all reklame (eller alt ein tjenar pengar på) vert merka så vil venninne-følelsen forsvinna og lesaren vil kun sjå på det som ein rein reklamekanal 

- Dei fleste influencere held korta tett om at dei tener pengar på det dei syner fram eller snakkar varmt om, og mange lesarar er heller ikkje klar over dette, dei nektar rett og slett å tru på at influencere deler alt dei gjer for å tena pengar 

Særleg dette sitatet er noko som er veldig gjenkjenbart, som til dømes frå diskusjonar om CBE:

«I like to imagine an influencer’s feed as a magazine. Magazines are full of ads, but would you read a magazine that was only made up of ads? Of course not»

Når eg les artiklar som dette er det jo heilt tydeleg at det ikkje berre er «kjerringer på KG» som er opptekne av narrativet influencere prøver å selga med den kyniske samanblandinga av det personlige og business, og kor viktig det er at det er diskusjon rundt dette temaet sånn at fleire får opp augene. 

  • Liker 10
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...