Gå til innhold

Ysera: ICSI - over 40

Ysera

Anbefalte innlegg

49 minutter siden, Melis87 skrev:

Huff, så trist lesning! Jeg føler med deg og sender gode tanker din vei! Jeg håper at mensen er på plass hos deg igjen snart og at neste forsøk blir suksess! 

takk for gode tanker og lykkeønskninger! :klem: Det hjelper godt på! Krysser fingrane for at det ordnar seg asap. ;) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

4 timer siden, Ysera skrev:

Jepp, det var lurt å ta kontakt, for her var det masse igjen inne i livmora, og etter gårsdagens Cytotec-kur er det nok fortsatt mykje att der inne, for eg har nesten ikkje blødd. :sjokkbla:

Eg kjem nok til å kjenna på den redselen om eg vert gravid på neste forsøk ja. Eg hadde noko redsel for det no i dette forsøket, så den redsla kjem nok til å vera ti-dobla denne gongen ;) Men det eg kjem til å vera aller mest redd for er at eg ikkje får ut nokre særleg med egg eller vert gravid i det heile ved neste forsøk. Hahaha, ja det er så mangt ein skal vera bekymra for i denne prosessen, men sånn er det jo berre. :) Det rare er at eg allerede no er byrja å verta nervøs for neste forsøk, og me er jo ikkje i nærheten av det ein gong ;) Har mykje som skal skje her fyrst, og så kan det jo godt vera at me treff midt i sommarferien til Hausken og må venta endå litt til. puh!! Kjenner eg blir smålig stressa ;)

Det var det eg sa, Cytotec er noko dritt! :sur: Jammen godt at du fekk time så fort, og fann ut at det var restar igjen i livmora. Ikkje rart då, at du hadde lite smerter når du tok første kuren, når mesteparten var igjen der inne. Og så kjedelig med smerter men minimalt med blødning, etter Cytotec-kur nr 2. :(

Blir akkurat sånn som det var med meg, dette her. Først to rundar med Cytotec, der lite skjedde, og så vart det utskraping til slutt. Får berre håpa du får time til utskraping så fort som mulig, så du blir heilt ferdig med dette her. :troest:

Det er vel på Haukeland du skal få time til utskraping, og ikkje på Hausken? Eg måtte ha narkose når eg fekk utskraping, og eg reknar ikkje med at dei gjer sånt på Hausken. Lykke til iallfall - håpar det går fort og greit, og at du snart er i gang igjen med planlegging av nytt forsøk! :tommel: Eg kryssar fingrane for at du får ut masse fine egg neste gang, sånn at du har nok både til innsett og frys - og ikkje minst, at du blir gravid. :jepp: For neste gang er det din tur, og då skal det gå bra heile veien fram! :duskedame:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit eg burde ha oppdatert her inne for lenge sidan, men her har det verkeleg gått slag i slag.

Eg kontakta Hausken om morgonen på tirsdag, var vel ein av dei fyrste som kom gjennom klkka 09:00 ;) Satt og venta på at eg skulle kunna ringa. Gav då beskjed om at kur nummer to ikkje hadde fungert. I tillegg byrja det no å bli ein del dagar og eg spurde derfor og om sjukemelding for desse dagane. Då eg snakka med sjukesøstera nemnte eg at sjukehuset på Voss og kunne vera ein mogelegheit (om det var lang ventetid på Haukeland), sidan eg har litt familie der oppe som eg kunne overnatte hos. Mannen skulle jobbe seint og ville derfor ikkje kunne hente meg etterpå om eg var lagt inn på Haukeland. Sjukesøstera sa at dei skulle kontakte meg så snart ho hadde fått snakka med gynekologen (etter formiddagens egguthentingar). Etter at dette var gjort tok eg og gjekk ut i hagen og hadde litt terapeutisk rensing av bedet... har aldri luka eit bed med ein slik intensitet før ;) 

I tolv-tida ringte dei frå Hausken med gledelige nyhender: Voss sjukehus kunne ta meg inn (om eg ikkje åt noko frå klokka 12 den dagen) og meinte dei skulle kunna gjennomføra utskarpinga sånn i 18:00-tida på kvelden. Eg hadde ikkje ete endå den dagen så eg visste det ville verta tungt, men gav ein god f*** i det og heiv meg rundt. Køyrte opp til Voss og troppa opp på sjukehuset sånn i 4-tida og fekk lagt meg sjølv inn for dagen. Klokka 18:00 var eg klargjort for inngrepet og eg hadde  allereie logge i ei seng og slappa av i litt over ein time ;) Eg vart henta for operasjonen sånn fem over seks og gjekk sjølv inn og hoppa opp på operasjonsbordet i operasjonssalen. ;) Vart klargjort og 5 minutt etter det var eg heilt vekke. Då eg vakna att var eg veldig i ørksa, så då eg fekk beskjed om at alt var over løsna ein demning inni meg og eg berre grein og grein. Både av sorg over tapet og av glede for å vera ferdig med det slik at eg endelig kunne se skikkelig framover igjen. 

Då eg vakna skikkelig på oppvakningsrommet vart eg litt fortumla sidan klokka på veggen sa 19:30, for i følge alt eg visste så skulle jo dette inngrepet ta mellom 10 og 20 minutt. Så når gynekologen var innom meg var det det fyrste eg spurde om. Ho fotalde meg at Cytotecen aldri ville ha fått ut det som hang att i meg og at eg måtte vera oppmerksam på det seinare om eg skulle vera så uheldig å havna i samme situasjon igjen. For det som hadde skjedd var at begge morkakene hadde sete så fast at ho hadde måtta hatt meg i narkose i litt over ein time for å få ut alt. Ho var ikkje 100% sikker på at alt var ute, men hadde gjort så godt ho kunne og gav beskjed slik at me kunne vera obs på det framover. Så eg må følga med på min eigen form og sjå om eg kan få endå ein ultralyd om ikkje så alt for lenge hos Hausken. ;) Då eg fortalde dette til mor mi på telefonen seinare på kvelden kom ho plutselig på at ho hadde hatt det samme problemet då ho fødte meg... då hadde morkaka sete så fast at etter at dei hadde klipt navlestrengen av meg så kom det 3 legar som sammen måtte dra morkaka ut av mor mi. Det var visst ikkje så veldig behagelig. Ha! Greit å vite det då!!

Fekk endelig i meg litt mat den dagen før det bar rett i seng... men eg fekk jo såklart ikkje til å sova uansett kor overtrøtt eg var. ;) 

I dagtidleg ringte eg Hausken for å oppdatera dei og nett sjekka inn. Der fekk eg vita at dei var klar når eg var klar, eg skal i neste omgang på akkurat samme regimet, men i denne omgangen skal eg også gå på blodfortynnande. ER det nokon her inne som har gjort det? Eg vart og anbefalt av ei venninde i skottland som fekk sitt fyrste barn for nokre år sida ved hjelp av IVF at det kunne vera ein god ide å gå til ein akupunktør som jobber medå hjelpe blodtilstrømmingen til livmora. Så eg har kontakta eit firma i Bergen som tilbyr slik behandling og tenker at eg får prøva det også. Då har eg i alle fall gjort det eg kan ;)  Tenker eg begynner med akkupunkturen om ikkje så lat for lenge, men har tenkt å gjera som gynekologen på Voss sjukehus sa, at det kunne vera greit å ha ein menstruasjon før me gjekk i gang igjen... det sure då er at det mest truleg gjer til at eg må venta to omgangar sidan min andre mens då sanynlegvis ender opp i ferievekene til Hausken. Men, ein veit jo ikkje sikkert, så då får me berre venta å sjå, berre greit å i alle fall ha tenkt på det slik at om det skjer så vert det ikkje ein kjempenedtur eller noko stort sjokk ;)

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For noen dager du har vært igjennom. Men bra at det endelig er ute. Håper at mens nr 2 ikke treffer friukene, og at dere kommer i gang så raskt dere føler dere klare.

Har forresten hørt om flere som både har gått på blodfortynnende og gjort akupunktur mens de har vært igjennom IVF, men ikke forsøkt det selv. Håper det gjør forsøket deres vellykket 💕

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra du fikk gjort utskrapning! Så fint at det ble ordnet så raskt, når situasjonen var som den var 👍 Jeg er også usikker på når min mens kommer og om jeg rekker et forsøk før sommerferien, ellers blir det etter.  Kjedelig at man må vente på mensen, kroppen kan være uberegnelig så ikke så godt å si når den kommer etter en MA. Jeg hadde blodfortynnende dette forsøket fra innsett, det var helt uproblematisk å sette de sprøytene og det skal vel minke sjansene for å miste. Har også brukt akupunktur, men usikker på effekten. Burde vel ha dagbok, men litt skummelt synes jeg!   Blir nok aktiv her ihvertfall fremover 💗😊 Sender deg mange gode tanker og håper du har kommet deg etter operasjonen nå. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Juni15 skrev:

Jo takk, det har vert ganske mykje i det siste ja. Men, eg er berre glad for at dei høyrte på meg på Hausken slik at det gjekk fortgang i det, har jo høyrt om damer som har trudd alt var greit og har gått rundt med restar i lengre tid (har og høyrt om dei som har blitt sterile av restar), før dei fekk orden på ting og endelig kunne starte prøvinga att. :) Så er glad me har komt nokre få hakk vidare no i alle fall. Så no er det berre å venta på at mensen skal komma tilbake att.

ER sjølv litt usikker på det med akupunktur, men jo venninda mi sverger at det hjalp ho med å slappe av og gi det rette miljøet i livmora.... så eg tenker berre at me kan jo gi det eit forsøk, det skader jo ikkje. ;) Krysser fingrane for at det funker denne gongen ja! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

20 timer siden, Waldfee skrev:

Så bra du fikk gjort utskrapning! Så fint at det ble ordnet så raskt, når situasjonen var som den var 👍 Jeg er også usikker på når min mens kommer og om jeg rekker et forsøk før sommerferien, ellers blir det etter.  Kjedelig at man må vente på mensen, kroppen kan være uberegnelig så ikke så godt å si når den kommer etter en MA. Jeg hadde blodfortynnende dette forsøket fra innsett, det var helt uproblematisk å sette de sprøytene og det skal vel minke sjansene for å miste. Har også brukt akupunktur, men usikker på effekten. Burde vel ha dagbok, men litt skummelt synes jeg!   Blir nok aktiv her ihvertfall fremover 💗😊 Sender deg mange gode tanker og håper du har kommet deg etter operasjonen nå. 

Ja det var veldig godt å få gjort den utskrapinga, det hjalp veldig og eg føler liksom at det kapitlet er avslutta, slik at det er lettare å kunna sjå framover att! ;)

Ja, det er heilt utruleg at ein ting som mensen (som ein helst vil vera forutan når ein fyrst får den), er noko som ein ventar iherdig på og gjerne vil ha med ei gong når ein vil ha barn. Hehehe. 

Åh, så du har gått på blodfortynnande? og testa akupunktur? utgjorde dei nokon forskjell for deg? eller føler du det forsøket var sånn ca. det samme som andre forsøk? Eg er litt nysgjerrig på akkurat dette såklart sidan eg skal i gang med blodfortynnande denne gongen. Pluss at sidan venninda mi sverger på at ho aldri hadde hatt den vetle datra si i dag hadde det ikkje vore for akupunktur-timane ho tok gjennom heile prosessen.

Når det gjelder eigein dagbok så er du velkommen til å dele min dagbok så lenge du føler for det! ;) Men du skal heller ikkje vera redd for å starte di eige dagbok, det er veldig fint å ha ein plass å skrive/dele din situasjon slik at du sjølv får best mogeleg oversikt :) Men som sagt: du er hjertelig velkommen til å dele min dagbok om du treng det ;) 

Endret av Ysera
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, du er snill, og jeg får se angående dagbok!! 👍😊 Jeg brukte akupunktur da jeg ble gravid med treåringen på første IVF i 2014. Men nå har jeg brukt det ved søskenforsøkene uten hell. Det gjør meg litt skeptisk til effekten. Ett negativt frys, et frys med exu, et negativt fersk, et fersk med MA. Akupunktur gjorde ingen forskjell ved disse forsøkene, ser det ut til. Forskning tror jeg også viser at det ikke har særlig effekt. Men jeg prøver det kanskje på neste forsøk også, i så fall for å ha «prøvd alt». 

Bldofortynnende har jeg bare brukt 1 gang, på det siste forsøket nå hvor jeg ble gravid, men hadde MA. Jeg tror blodfortynnende er en god ide, det øker vel blodsirkulasjonen i livmor og er bra både for festing av egg og med tanke på å minke risikoen for å miste. Nå mistet jeg likevel, men det hadde nok med embryoet å gjøre. Kommer sikkert til å bli satt på blodfortynnende neste forsøk også. Ikke helt klart om det blir frys (har 1 på frys, men ikke helt troa på fryseforsøk) eller fersk med kort protokoll (rekker ikke lang slik jeg har pleid, med laaang nedregulering, før sommeren). Skal snakke med legen uka etter 17. mai om hva det blir til. Klemmer til deg 😊💗

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har vært innom her å lest underveis, jeg har bare ikke vært så god til å legge igjen kommentarer. Litt fordi jeg synes rett og slett det er vanskelig å vite hva jeg skal skrive og ikke. Jeg vet så altfor godt hvor stor den nedturen er, men jeg kjenner meg så utrolig godt igjen i den lettelsen når alt er ute. Utrolig bra at du fikk sjekket deg så kjapt slik at du fikk en utskraping fortest mulig. Først når alt er ute er det tid for å se fremover igjen. 

Nå blir det en veldig spennende tid forran deg da, håper du rekker det før sommeren. Å hvis du ikke gjør det så kan du nyte sommeren med god samvittighet. Jeg husker ikke hvor mange egg du satt igjen med sist, men starter du rett på et nytt ferskforsøk eller har du egg på frys? 

Ang. akupunktur og blodfortynnende. Jeg tror ikke akupunktur har noen påvirkning på hvordan selve forsøket går, men at det kan hjelpe på med å slappe litt mer av, det tror jeg på. Venninnen min fikk blodfortynnende under sine forsøk, men det har så langt ikke hjulpet henne. Når jeg spurte om å få det samme så sa klinikken at det ikke var noen forskningen som viste med sikkerhet om det fungerte eller ikke. Men hallo, man kommer ikke lagt om man ikke tør å prøve- så kjør på!!! :) 

Jeg heier på deg, og jeg er sikker på at du skal bli mamma om ikke så altfor lenge. Jeg har en godt følelse på det :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at du fekk utskraping så fort, sånn at du vart ferdig og kan sjå framover mot nytt forsøk. :hug: Høyrest litt skummelt ut at morkakene sat så godt fast, at det vart så mykje styr for å få dei ut. :ohmy: Men veldig bra at du veit om det, sånn at jordmødre og legar kan vera ekstra oppmerksomme på dette etter ein fødsel seinare. 

Eg måtte som sagt ha narkose og utskraping etter mine siste to fødslar. Morkaka kom ikkje ut i det heile tatt etter den siste fødselen min. Og etter fødsel nr 2 var det restar igjen i livmora, som ikkje kom ut. Etter første fødselen min kom morkaka ut av seg sjølv, men det var litt styr å få den ut. 

Eg gjekk på blodfortynnande dette siste forsøket mitt, der eg vart gravid. Anar ikkje om det var nødvendig, trur berre legane ville prøva noko nytt. Eg likte ikkje dei sprøytene, for det svei sånn når eg stakk. Synst dei var vondare enn dei andre sprøytene eg tok. Og så måtte eg ta sprøytene så lenge. Så akkurat dei sprøytene kunne eg godt ha vore foruten. ;)

Håpar mensen kjem snart, sånn at du rekker eit nytt forsøk før klinikken stenger i sommar! :tommel: Men eg veit at klinikkane i Bergen og Haugesund har feriestengt forskjellige veker om sommaren. Så ein mulighet er jo å reisa til Haugesund, viss klinikken i Bergen har feriestengt akkurat når du er klar for å gå i gang med nytt forsøk. :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var så spent på å se om det ble en eller to på deg, skikkelig trist at det ikke gikk denne gangen likevel :( Men fint å høre at du ser fremover nå.

Jeg fikk blodfortynnende sist. Og prednisolon. Ble gravid. Men jeg har også blitt gravid en gang uten støttemedisin, og en gang på bare prednisolon. Også har jeg hatt to negative innsett uten medisin og et på prednisolon. Noen ganger blir man gravid og det går bra, andre ganger ikke.

Er selv veldig skeptisk til akupunktur (etter alle disse årene burde det vel finnes skikkelig dokumentasjon hvis det faktisk virker..?). Likevel så kan det jo være godt å føle på at man gjør noe selv for å bedre sjansene, også er det ganske chill å få satt akupunktur :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.5.2018 den 9.00, Waldfee skrev:

Såklart eg deler dagboka mi! ;) Ja, det er den "for å ha prøvd alt" som gjer til at eg vurderer akupunktur og, pluss at for venninda mi i Skottland følte det hjalp for ho. så eg tenker me begir oss utpå og prøver det. Kanskje det kan hjelpe meg/kroppen min med å "roe seg ned" etter MA'en/utskrapinga slik at kroppen kjem i lage att snart.

Eg og tenker blodfortynnande er ein god ide, og er glad for at dei vil halda meg på samme regime. For alle dei sprøytene eg hadde på forrige forsøk var ehilt greie, kjente ikkje at eg tok dei. Så då blir det jo "berre" ei ny sprøyte å kvi seg til og vera nervøs for at skal vera veldig vond ;) 

Heier på deg og at du får gullegget i denne omgangen, og spesielt at du skal få forsøket slik det er best for deg! Gode klemmer til deg! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.5.2018 den 11.04, Chickenwings85 skrev:

Jeg har vært innom her å lest underveis, jeg har bare ikke vært så god til å legge igjen kommentarer. Litt fordi jeg synes rett og slett det er vanskelig å vite hva jeg skal skrive og ikke. Jeg vet så altfor godt hvor stor den nedturen er, men jeg kjenner meg så utrolig godt igjen i den lettelsen når alt er ute. Utrolig bra at du fikk sjekket deg så kjapt slik at du fikk en utskraping fortest mulig. Først når alt er ute er det tid for å se fremover igjen. 

Nå blir det en veldig spennende tid forran deg da, håper du rekker det før sommeren. Å hvis du ikke gjør det så kan du nyte sommeren med god samvittighet. Jeg husker ikke hvor mange egg du satt igjen med sist, men starter du rett på et nytt ferskforsøk eller har du egg på frys? 

Ang. akupunktur og blodfortynnende. Jeg tror ikke akupunktur har noen påvirkning på hvordan selve forsøket går, men at det kan hjelpe på med å slappe litt mer av, det tror jeg på. Venninnen min fikk blodfortynnende under sine forsøk, men det har så langt ikke hjulpet henne. Når jeg spurte om å få det samme så sa klinikken at det ikke var noen forskningen som viste med sikkerhet om det fungerte eller ikke. Men hallo, man kommer ikke lagt om man ikke tør å prøve- så kjør på!!! :) 

Jeg heier på deg, og jeg er sikker på at du skal bli mamma om ikke så altfor lenge. Jeg har en godt følelse på det :) 

hei igjen søta! :) Skjønner godt at det kan vera vanskelig å vite kva ein skal skrive. Det er ein fortvilande situasjon og ein veit at det er så lett å sei noko som kan såra sjølv om det aldri var meininga. Ord vert faktisk fattige i slike situasjoner. ;) Ja, i forhold til heile situasjonen er eg no veldig glad for at det gjekk såpass fort, no føl eg med på hcg nivået ved hjelp av billigtestane mine ;) godt dei kan brukast til noko fornuftig. så har eg bestilt nye og er straks klar for eit nytt forsøk ;) Det som roa meg aller mest var det at dei på Hausken tok meg alvorleg og var kjappe med å hjelpa meg. Eg kunne jo ha sete der i den situasjonen som du var i for ikkje alt for lenge sidan. Det var jo heilt utruleg!! Eller endå verre: at det tok endå lenger tid og eg hadde blitt steril slik tanta til min mor vart. (hos ho fann dei eit forsteina foster då ho var sånn i 40-50 åra), hadde gått med det i livmora i mange år, hovedgrunnen til at ho aldri fekk fleire barn enn den eine ungen ho hadde.

Når det kjem til blodfortynnande så har eg null peiling på om det vil fungera, men når legane på Hausken trur det vil forbetra sjansane så hiv eg meg på og prøver det dei seier eg bør prøva. ;)

Du er så god @Chickenwings85 berre den støtten og dei gode orda hjelper så utruleg mykje!! :klem: Eg trur og håper eg og! ;) Sender mange store og gode klemmar til deg og bamsemumsen og heier på dekan heile vegen!! :)

Endret av Ysera
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

På 12.5.2018 den 13.28, Mirabella76 skrev:

Så bra at du fekk utskraping så fort, sånn at du vart ferdig og kan sjå framover mot nytt forsøk. :hug: Høyrest litt skummelt ut at morkakene sat så godt fast, at det vart så mykje styr for å få dei ut. :ohmy: Men veldig bra at du veit om det, sånn at jordmødre og legar kan vera ekstra oppmerksomme på dette etter ein fødsel seinare. 

Eg måtte som sagt ha narkose og utskraping etter mine siste to fødslar. Morkaka kom ikkje ut i det heile tatt etter den siste fødselen min. Og etter fødsel nr 2 var det restar igjen i livmora, som ikkje kom ut. Etter første fødselen min kom morkaka ut av seg sjølv, men det var litt styr å få den ut. 

Eg gjekk på blodfortynnande dette siste forsøket mitt, der eg vart gravid. Anar ikkje om det var nødvendig, trur berre legane ville prøva noko nytt. Eg likte ikkje dei sprøytene, for det svei sånn når eg stakk. Synst dei var vondare enn dei andre sprøytene eg tok. Og så måtte eg ta sprøytene så lenge. Så akkurat dei sprøytene kunne eg godt ha vore foruten. ;)

Håpar mensen kjem snart, sånn at du rekker eit nytt forsøk før klinikken stenger i sommar! :tommel: Men eg veit at klinikkane i Bergen og Haugesund har feriestengt forskjellige veker om sommaren. Så ein mulighet er jo å reisa til Haugesund, viss klinikken i Bergen har feriestengt akkurat når du er klar for å gå i gang med nytt forsøk. :jepp:

Ja, kjempebra at eg fekk utskrapinga så kjapt, og veldig bra at gynekologen gav meg beskjed om at ha var litt usikker på om ho hadde fått alt ut. No må eg berre følga med på min eigen kropp og prøva å sjekka for nedgang i hcg. Om hcg'en ikkje rikkar seg noko særleg dei neste vekene veit eg jo med ei gong at eg bør få ein til sjekk. ;) Pluss at det gav meg kunnskapen om at morkakene satt såpass godt fast... ;) Dei hadde jo mest truleg fortsatt vert der og hadde heilt sikkert sete fast ganske så mykje lenger og. No er jo mesteparten ute. ;) 

Wow, så du måtte ha utskraping etter fødselen altså? Ja, det tenker eg at eg bør forbereda meg på og, og då er det jo greit å vita det slik at eg kan gi informasjonen vidare til jordmødre og legar :) og dei kan som du seier vera ekstra oppmerksame på dette ved ein eventuell fødsel i framtida.

Så dei blodfortynnande sprøytene svei? huff, no vart eg litt nervøs for dei, men nei eg skal ta meg saman og gjenomføra det! Kor lenge du gjekk på dei? Venninda mi gjekk på dei gjennom heile svangerskapet. :sjokkbla:

Eg håper mensen kjem om ikkje så lat for lenge, slik at eg veit at kroppen er byrja å komme tilbake på sporet, for å sei det slik ;) Eg tek det ikkje så tungt om det treff i ferien, men det hadde vert supert om me kunne vera forberedt på å byrja med behandlinga i slutten av juli, slik at egguttak og innsett hadde blitt den fyrste veka i august (men også den siste sommarferieveka vår). for då kunne me ha bestilt oss ein god 2 vekers ferie i litt varmare strøk (europa) og så komt heim og hatt egguttak i løpet av siste ferieveka ;) slik hadde me jo då sleppt å ha nokon sjukemelding og ingen på jobben ville visst at me prøvde igjen.... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, QBee skrev:

Var så spent på å se om det ble en eller to på deg, skikkelig trist at det ikke gikk denne gangen likevel :( Men fint å høre at du ser fremover nå.

Jeg fikk blodfortynnende sist. Og prednisolon. Ble gravid. Men jeg har også blitt gravid en gang uten støttemedisin, og en gang på bare prednisolon. Også har jeg hatt to negative innsett uten medisin og et på prednisolon. Noen ganger blir man gravid og det går bra, andre ganger ikke.

Er selv veldig skeptisk til akupunktur (etter alle disse årene burde det vel finnes skikkelig dokumentasjon hvis det faktisk virker..?). Likevel så kan det jo være godt å føle på at man gjør noe selv for å bedre sjansene, også er det ganske chill å få satt akupunktur :) 

Ja, det var veldig leit og dagen eg fekk vita det var utruleg tung, men sånn var det berre. No er eg i alle fall glad for at me hadde bestemt oss for å ta ekstra UL hos Hausken og betale ekstra for det (sjølv om me no slapp å betale for det då), for no fekk dei følga meg heile vegen og dei fekk inn data med utviklinga på embryoa. Sjukepleiare sa jo at på bakgrunn av det dei hadde sett på dei to UL'ane var avgjerande for at dei ville ha meg på blodfortynnande dette forsøket. For no hadde dei data som tilseier at blodfortynnande kan hjelpa. Det hjelper jo veldig på for ein akademikar å få høyra at det baserer seg på litt meir enn famling i mørket :rulle: hehe.

Når det kjem til akupunkturen tenker eg at eg prøver, berre for å ha prøvd (og sikkrar meg på alle bauger og kantar). ;) Pluss at eg må innrømma at eg er veldig nysgjerrig på det sidan eg aldri har tatt akupunktur før. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes ikke de blodfortynnende sprøytene var noe ille i det hele tatt. Hadde hørt de skulle svi, men kjente ingenting. Og de var så enkle - måtte ikke drive med luftbobler som skulle ut eller noe slikt, eller trekke opp riktig dose (eller enda verre, blande hele greiene sjøl slik man må med Menopur) så det var veldig greit, syntes jeg! Bare et stikk, tømme sprøyta og ferdig. Men noen får sviing, altså. Men ikke jeg, så da trenger jo ikke du få det heller 😊

Akkurat nå heller jeg litt mot fryseforsøk før sommeren for minst mulig påkjenning for kroppen, og så heller nytt ferskforsøk i juli/august om det ikke går. Men får høre hva legen sier neste uke😊 God klem til deg 💗 Må jammen ta en graviditetstest jeg også, håper den er negativ! Har ikke tenkt på å sjekke, siden de sa på kontrollen at alt var ute. Greit å følge litt med. Har kjøpt el-tester for å sjekke når eggløsningen kommer, men der får jeg ingen utslag foreløpig så tar tid, dette her.

Bra med maidager og langhelg 😊Vi var ute i dag og lekte med en annen treåring, som nettopp er blitt storebror, og som spurte min treåring «har du ingen baby, du da?». Så stolt storebror, håper min treåring også får oppleve det altså. Men han ble sånn «nei, jeg vil ikke ha noen baby» for han trives godt med å ha all oppmerksomhet for seg selv 😉

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Har ikke fått med meg hva de så på ul. Men mister man, i ditt tilfelle to stk, så kan nok det være indikasjon god nok på at blodfortynnende er en bra ide :) Håper det er det som skal til neste gang :) 

De sprøytene har litt tjukkere spiss enn de follikelstimulerende som jeg har brukt. Men begynte ikke å bli vonde å sette før etter noen uker, når det var ømt over det meste av magen eller kun tynn hud igjen å stikke i :P Og har man gått på dem i flere uker så er det jo fordi man er gravid så da betyr ikke litt svie i magen noe som helst :) 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Waldfee skrev:

Så greit at sprøytene er enkle å setta då, det gjer det jo 10 gonger enklare/greiere å ta dei. 😊 Eg er så nervøs for at eg skal synst dei er vonde å ta eller at dei skal svi. 😉 meir redd for det enn for akupunktur 😄 Eg har forresten funne ein akupunktør som er utdanna sjukepleiar og jordmor i tillegg til at ho er akupunktør. Tenker eg tar kontakt med ho asap og høyrer med ho om å begynna å gå til ho no i sommar. 😊

Ja det er ikkje så dumt å følge med på nedgangen i hcg'en 😉 det gir i allefall eit litt håndfast resultat... noko ein kan forholda seg til og måla 😀 eg føler i allefall at det hjelper på for meg.

Håper det ordnar seg for deg og du får inn eit fryseforsøk no i sommar! Heier på deg! Så greit då at du skal innom i neste veke, det hjelper vel litt på når ein veit ein har ein avtale som kanskje til slutt kan resultera i ein liten knert 😍 mange gode klemmar til deg og, og lykke til med timen. Håper legen seier/gjer akkurat det du vil. 😊

Hahaha 😂aldri så gale, at det ikkje er godt for noko 😉 Han koser seg nok med all oppmerksomheten ja, men det går nok veldig fint når de får ein liten knert til. Skal berre se han blir ein veldig stolt og god storebror!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, QBee skrev:

Har ikke fått med meg hva de så på ul. Men mister man, i ditt tilfelle to stk, så kan nok det være indikasjon god nok på at blodfortynnende er en bra ide :) Håper det er det som skal til neste gang :) 

De sprøytene har litt tjukkere spiss enn de follikelstimulerende som jeg har brukt. Men begynte ikke å bli vonde å sette før etter noen uker, når det var ømt over det meste av magen eller kun tynn hud igjen å stikke i :P Og har man gått på dem i flere uker så er det jo fordi man er gravid så da betyr ikke litt svie i magen noe som helst :) 

Siden eg var på meir enn den eine UL'en i veke 7, så fekk dei litt data på størrelsen på begge embryoa, osv. Det er vel det dei baserer seg på pluss at eg som du sa mista begge to. Krysser fingrane for at det er blodfortynnende medisin som skal til og at neste forsøk får eg gått heile vegen 😊

All informasjon hjelper! Greit å vera forberedt på at det kan bli litt ømt i lengden 😉 og Ja, du har heilt rett: når det kjem så langt at det blir ømt, så er det jo fordi ein då er gravid. Og då fortsett ein gjerne i ein periode til, sidan belønninga med ein liten knert kan skimtast litt lenger framme 😍

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.5.2018 den 16.22, Ysera skrev:

Ja, kjempebra at eg fekk utskrapinga så kjapt, og veldig bra at gynekologen gav meg beskjed om at ha var litt usikker på om ho hadde fått alt ut. No må eg berre følga med på min eigen kropp og prøva å sjekka for nedgang i hcg. Om hcg'en ikkje rikkar seg noko særleg dei neste vekene veit eg jo med ei gong at eg bør få ein til sjekk. ;) Pluss at det gav meg kunnskapen om at morkakene satt såpass godt fast... ;) Dei hadde jo mest truleg fortsatt vert der og hadde heilt sikkert sete fast ganske så mykje lenger og. No er jo mesteparten ute. ;) 

Wow, så du måtte ha utskraping etter fødselen altså? Ja, det tenker eg at eg bør forbereda meg på og, og då er det jo greit å vita det slik at eg kan gi informasjonen vidare til jordmødre og legar :) og dei kan som du seier vera ekstra oppmerksame på dette ved ein eventuell fødsel i framtida.

Så dei blodfortynnande sprøytene svei? huff, no vart eg litt nervøs for dei, men nei eg skal ta meg saman og gjenomføra det! Kor lenge du gjekk på dei? Venninda mi gjekk på dei gjennom heile svangerskapet. :sjokkbla:

Eg håper mensen kjem om ikkje så lat for lenge, slik at eg veit at kroppen er byrja å komme tilbake på sporet, for å sei det slik ;) Eg tek det ikkje så tungt om det treff i ferien, men det hadde vert supert om me kunne vera forberedt på å byrja med behandlinga i slutten av juli, slik at egguttak og innsett hadde blitt den fyrste veka i august (men også den siste sommarferieveka vår). for då kunne me ha bestilt oss ein god 2 vekers ferie i litt varmare strøk (europa) og så komt heim og hatt egguttak i løpet av siste ferieveka ;) slik hadde me jo då sleppt å ha nokon sjukemelding og ingen på jobben ville visst at me prøvde igjen.... ;)

Ja, du får ta kontakt med Hausken igjen, viss hcg ikkje går nedover. Men eg kryssar fingrane for at alt er i orden, sånn at du kan venta på mensen og koma i gang med nytt forsøk. :jepp:

Eg måtte ha utskraping etter dei to siste fødslane, ja. Og etter den siste MA-en min. Så godt mulig at me to har det samme problemet, med fastsittande morkaker. Veldig greit at du veit om det no iallfall, før ein eventuell fødsel. :)

Ja, eg synst dei blodfortynnande sprøytene svei ganske mykje. Og så fekk eg sånne stygge blåmerker på magen av sprøytene. :ohmy: Eg likte til og med Menopur bedre, sjølv om eg måtte blanda og trekke opp væske i sprøytene sjølv! For dei sprøytene gjorde nesten ikkje vondt. Heller ikkje Puregon- eller Gonal-f- sprøytene, som eg også har prøvd. Orgalutran-sprøytene var kanskje bittelitt tjukkare, men eg synst dei gjekk heilt fint og. Men som du ser, så er det andre her inne som ikkje synst dei blodfortynnande sprøytene svei, så du kan jo vera heldig du og. ;) Eg brukte Klexane. Kan jo sikkert vera litt forskjellig og, alt etter kva slags blodfortynnande sprøyter ein tar. Eg gjekk på blodfortynnande fram til veke 12 i svangerskapet. Men eg trappa litt ned dei siste vekene.

Håpar du snart er i gang med nytt forsøk, og at du får starta opp igjen i månadsskiftet juli/august, sånn som du ønskjer! :klem1:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...