Gå til innhold

Dagdraum

  • blogginnlegg
    62
  • kommentarer
    5
  • visninger
    69 863

ein sommargul draum


Moscato

1 163 visninger

Det er torsdag, ganske nøyaktig eitt døgn inn i mitt tjueandre år (altså i går). Eg er trøytt og gåen etter ein arbeidsdag med altfor mykje stress og slit, men likevel lukkeleg over den fine bursdagsfeiringa dagen før og eit strålande sommarvêr.

Når eg nærmar meg inngangsdøra heime ser eg at noko stikk opp av postkassa. Ein pakke i gråpapir, så stor at eg må bruke begge hender for å få lirka den ut av Tommy og Tigern-postkassa vår. På pakken står det namnet mitt (noko som forsåvidt garantert har samanheng med bursdagen dagen før), og i hovudet går eg raskt gjennom aktuelle avsendarar.

På veg opp trappa innser eg at alle dei vanlege presangane allereie er mottekne. Ei vurdering av handskrifta på utsida førte heller ingen stad, så gråpapiret må bøte med livet. Innanfor kjem ein nydeleg innpakka presang til syne.

DSC_0014.jpg

No er eg ganske sikker på at det må vere frå ei venninne. Men så snur eg kortet.

DSC_0015.jpg

Og eg tenkjer kva i alle...?

Med skjelvande hender forsvinn resten av papiret og åh herregud, Willy, du er pokkermeg sprø! Du kan ikkje ha.. jau, nei, hallo!

Verdas finaste overraskingspresang må vere ein solgul blomekjole, sydd av flittige hender i vakre Bergen.

2nl7q5j.jpg

Og det er just det eg har fått!

wl3rb9.jpg

Ein nydeleg kjole med puffermar og blondekant.

14y3cqo.jpg

Og den er så fin, så fin at eg ikkje kan tru det. Snille, snille Willy!

IMG_3036.JPG

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

×
×
  • Opprett ny...