Gå til innhold

Dagdraum

  • blogginnlegg
    62
  • kommentarer
    5
  • visninger
    69 867

Meg. Sol.


Moscato

1 173 visninger

Sol, det er meg.

24579_10150159800405005_852035004_11973098_4837860_n.jpg

Om berre åtte dagar er eg 21 år.

Eg bur

- heime på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, der eg voks opp

- ilag med familien min høgst midlertidig. Ein likar ikkje å flytte heim etter å ha budd vekke

- i eit murhus utan hage og eg saknar hage. Masse. Helst skulle eg hatt gard

- i etasjen over oldemor, og rett over gata for mormor

Familien

- består kronologisk oppramsa av pappa, mamma, meg, Kristian Sivert, Steffen, Oda Elise Marie og Torjus

- har fem kattar Mercedes, Pondus, Max, Ella og Melis Isabel

- er så norsk som ein får det den mest eksotiske i slekta er farmor, og ho er frå Møre

16835_402920610004_852035004_10495195_8134560_n.jpg

Eg er

- veldig, veldig redd for sniglar og mugg

- veldig, veldig glad i ein som er ganske kjærasten min

- bifil

- deprimert nokre gonger men ikkje så ofte (konstant), grusomt og altoppslukande som før

- ganske lav men passeleg til å vere jente, omlag eitthundreogseksti cm

- sterkare enn eg ser ut til å vere

- kreativ men for dårleg til å ta vare på ideane mine

- frykteleg dårleg til å lage mat og til å ete

- glad i namnet mitt fordi det er fint

image201103100009.jpg

Eg har

- angst for å vere åleine, å gjere feil, å bli svikta, å svikte, å ikkje vere elska, å ikkje få elske

- lyst på ungar ein dag

- nettopp sett tre episodar av Weeds rett etter kvarandre little boxes on the hillside, little boxes all the same

- mange prosjekt på gong omeinannan

- vore turnar og akrobat på sirkus

- reist til Paris heilt åleine og det var skikkeleg stort for meg

- budd i både Bergen, Trondheim og Oslo, men ikkje lenge på kvar plass

- betre karakterar enn dei fleste trur eg fortener men dårlegare enn eg eigentleg er god for

- brekt nasa ein gong etter å ha svima av på kjøkengolvet i bakfylla

- stor kjærleik for gamle ting og vintage klede, sko, kjøkenutstyr og alt mogleg men eg likar ikkje historie

- minst sytti par sko

DSC_0050.jpg

Sånn! Det var ei lita oppsummering av meg akkurat no, til glede eller frustrasjon for gamle og nye lesarar. Sidan eg sikkert har gløymt massevis vil eg dessutan oppfordre dykk til å stille spørsmål om kva som helst omtrent. For eg veit at de er der, faktisk <3

Dette innlegget er òg posta i denopphavlege bloggen. Ta gjerne ein tur innom!

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

×
×
  • Opprett ny...