AnonymBruker Skrevet 18. juni 2015 #1 Skrevet 18. juni 2015 Og om kva? Eg hadde nettopp ein liten dagdrøm, imens eg spelte FIFA, som eg synast blei ei ganske god historie: Eg er då altså ein ung og lovande fotballspelar, i ein middels god klubb i Italia. Etter ein forholdsvis god sesong, visar det seg at sjølvaste Jose Mourinho (Chelsea) er interessert. Ikkje fordi eg er meint til å gå rett inn på laget (eg er trass alt ikkje stormannsgalen), men fordi han har tru på meg for framtida. Så interessert er han, at han faktisk kjem heilt over til Italia for å ta ein prat. Lokasjonen er ein betre restaurant (Jose er litt uortodoks sånn sett), Servitøren kjem, me bestiller, og begge seier "takk". Etter ei stund kjem maten, og me takkar igjen. Og me et, og me drikk, og han spør meg ei mengde spørsmål han har førebudd: "Kva vil du seie er dine tre største svakheiter?" "Kva trur du er det viktigaste for å lukkast?" "Kor ser du deg sjølv om fem år?" Eg er nervøs for å svare feil, men eg tenkjer grundig igjennom kvart spørsmål, og prøver svare så godt eg kan. Plutseleg vert me avbrotne av ein servitør som snublar, og søler eit glas vin på skjorta mi. Ho er svært lei seg. Først er eg litt forfjamsa, men eg seier det "ikkje gjer noko", og "det går heilt fint". Ho skrubbar så godt ho kan med Club Soda og salt, før Jose fortsetter med fleire spørsmål. "Kven er den beste spelaren du har spelt med?" "Kvifor?" Igjen kjem ein ny servitør, snublar, og søler ein tallerken spaghetti bolognese over meg denne gangen. Eg må innrømme at no vert eg litt irritertert, så eg reiser meg brått og utbryt: "Seriøst?!" Eg høyrer Mourinho fnise, eg ser spørjande på han, han byrjar le seg ihjel. "Sjå på fjeset hans", seier han, og peiker på meg, og ler. Servitørane ler også. Alt var berre eit spel. Mourinho riv spørsmålsarket i bitar, og seier at sånne standard-greier berre er "bullshit". Det var interaksjonane med menneska rundt meg som hadde noko å seie, og servitørane var hyra av han. "Du har ein mild og generøs karakter", seier han, og legg til at: "desse er som oftast dei beste lagspelarane". "Du har jobben", seier han, og strekkjer ut neven. Eg ristar neven hans. Slutt. Ja, og eg er 35 år gamal. Anonymous poster hash: b146c...711 1
AnonymBruker Skrevet 18. juni 2015 #2 Skrevet 18. juni 2015 *spilte Anonymous poster hash: b146c...711
Gjest Belle âme Skrevet 18. juni 2015 #4 Skrevet 18. juni 2015 Dagdrømmer heile tida og masse forskjellig! Akkuratt no om deilige vårrulla eg og typen skal lage imorra 💖
AnonymBruker Skrevet 18. juni 2015 #5 Skrevet 18. juni 2015 Dagdrømmer hver dag. Anonymous poster hash: 93f9d...c00
AnonymBruker Skrevet 18. juni 2015 #6 Skrevet 18. juni 2015 Og om kva? Eg hadde nettopp ein liten dagdrøm, imens eg spelte FIFA, som eg synast blei ei ganske god historie: Eg er då altså ein ung og lovande fotballspelar, i ein middels god klubb i Italia. Etter ein forholdsvis god sesong, visar det seg at sjølvaste Jose Mourinho (Chelsea) er interessert. Ikkje fordi eg er meint til å gå rett inn på laget (eg er trass alt ikkje stormannsgalen), men fordi han har tru på meg for framtida. Så interessert er han, at han faktisk kjem heilt over til Italia for å ta ein prat. Lokasjonen er ein betre restaurant (Jose er litt uortodoks sånn sett), Servitøren kjem, me bestiller, og begge seier "takk". Etter ei stund kjem maten, og me takkar igjen. Og me et, og me drikk, og han spør meg ei mengde spørsmål han har førebudd: "Kva vil du seie er dine tre største svakheiter?" "Kva trur du er det viktigaste for å lukkast?" "Kor ser du deg sjølv om fem år?" Eg er nervøs for å svare feil, men eg tenkjer grundig igjennom kvart spørsmål, og prøver svare så godt eg kan. Plutseleg vert me avbrotne av ein servitør som snublar, og søler eit glas vin på skjorta mi. Ho er svært lei seg. Først er eg litt forfjamsa, men eg seier det "ikkje gjer noko", og "det går heilt fint". Ho skrubbar så godt ho kan med Club Soda og salt, før Jose fortsetter med fleire spørsmål. "Kven er den beste spelaren du har spelt med?" "Kvifor?" Igjen kjem ein ny servitør, snublar, og søler ein tallerken spaghetti bolognese over meg denne gangen. Eg må innrømme at no vert eg litt irritertert, så eg reiser meg brått og utbryt: "Seriøst?!" Eg høyrer Mourinho fnise, eg ser spørjande på han, han byrjar le seg ihjel. "Sjå på fjeset hans", seier han, og peiker på meg, og ler. Servitørane ler også. Alt var berre eit spel. Mourinho riv spørsmålsarket i bitar, og seier at sånne standard-greier berre er "bullshit". Det var interaksjonane med menneska rundt meg som hadde noko å seie, og servitørane var hyra av han. "Du har ein mild og generøs karakter", seier han, og legg til at: "desse er som oftast dei beste lagspelarane". "Du har jobben", seier han, og strekkjer ut neven. Eg ristar neven hans. Slutt. Ja, og eg er 35 år gamal. Anonymous poster hash: b146c...711 Ja dagdrømmer hver dag. Om en bedre fremtid, om å bli frisk, om å møte drømmemannen, et liv med natur og dyr og en givende jobb. Og reise langt vekk og se nye steder, og nyte livet slik det kan nytes. Anonymous poster hash: d6cfe...c04
QueenOfTheSidewalk Skrevet 18. juni 2015 #7 Skrevet 18. juni 2015 Ja, svært ofte. Alt ifra hvordan mat jeg ikke spiser smaker til historier.
Gjest Stjerner og planeter Skrevet 19. juni 2015 #9 Skrevet 19. juni 2015 *spilteAnonymous poster hash: b146c...711 Du kan bruke "spelte" og
AnonymBruker Skrevet 19. juni 2015 #10 Skrevet 19. juni 2015 Jeg dagdrømmer gjerne litt om romantiske relasjoner, evt. litt seksuelt (uten å nødvendigvis følge opp fysisk)- Anonymous poster hash: e137a...5c9
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå