Gå til innhold

Digitalt kamera


Løvinna

Anbefalte innlegg

Jeg har planlagt å kjøpe meg et digitalt kamera, men har ikke så mye peiling på dette. Jeg ønsker et bra kamera og lurer på hvor mye det koster. Hva er viktig og hva er mindre viktig? Er det forskjell på de forskjellige merkene? Takknemlig for svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Kva som er viktig og mindre viktig kjem an på din bruk. For nokre er det viktig med god zoom, andre vil ha eit kamera som reagerer raskt, nokre vil ha eit enkelt peik-og-klikk-kamera mens andre vil ha manuelle innstillingar. For nokre er oppløysinga svært viktig, fordi dei vil skrive ut store bilete, eller kunna skjera vekk og redigere mykje i biletet. Andre er nøgde med å ha greidd å ta eit bilete.

Med slike ting å ta omsyn til, vil prisen variere frå litt over 1000-lappen til mellom 10.000-20.000...

Om du er ute etter eit godt kompaktkamera, enkelt å bruka men likevel med ein del mulighetar, så tenkjer eg du vil finna ein del kamera rundt 4000 kroner - nokre over, nokre under. Ved ei oppløysing på 4 megapixel kan du òg få litt storleik på bileta om du vil, eller du kan beskjæra dei ein del og likevel få gode utskrifter.

Du vil òg gjerne få med fleire ferdige innstillingar for å ta bilete ved natt, portrett, natur osv. Det gjer at det er enkelt å bruka under ulike forhold, men at du likevel har kontroll.

Ein ting du bør kjøpa samtidig med kameraet, eller kort tid etter, er ei stor minnebrikke. Og ta bilete med stor oppløysing, slik at du ikkje angrar på at du tok det blinkskotet, men i så lita oppløysing at det ikkje blir fint om du skriv det ut...

Gå i fotoforretningar, spør og grav, fortel kva du vil bruke kameraet til, og kva du kanskje vil bruka det til når du er blitt hekta og flinkare. Spør om å få prøve kameraet - mange blir berre glad for det, nokre spør først om du vil prøva. Då kan du òg sjekka reaksjonstida (tida frå du trykker til biletet vert teke - det kan variere mykje mellom ulike modellar.)

Det var vel det eg kan seia generelt. Det finst òg ein del sider der ulike kamera vert vurdert og samanlikna. (akamera.no er vel ei.) Kan vera lurt å sjekka litt der - kanskje du kjem på ting du lurer på då, og kan spørja meir om kva betyr for deg og ditt bruk.

Personleg har eg Canon Powershot A80, og er godt nøgd med det så langt. Har ikkje fått prøvd ut alt enno sjølv, for det er mykje eg kan gjera med det - men det er òg enkelt å koma i gang med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...