Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Hei! :)

Tenkte eg kort ville dela litt av historia til meg og min kjære her, med håp om at andre i liknande situasjonar kanskje får hjelp til å halda motet oppe.

Eg har vore gravid minst 6 gonger. Blei kjempelett gravid alle gongane, men poff så forsvann dei små liva, i SA og MA. Kroppen min klarte berre ikkje å halda på dei.

Etter mykje fortviling vart eg og gubbben utreda, men dei fann ingen feil hos nokon av oss. Påein måte positivt, men òg vanskeleg å forhalda seg til - klart noko måtte vera feil ein stad når det gjekk gale gong på gong...

Me var heldige og møtte ei fantastisk gynokologdame på lokalsjukehuset! Ho følgde oss opp gjennom utreding, prøving og venting, og var ein enormt god støttespelar - skikkeleg dyktig fagleg, og veldig varm som person. At me hadde så god kjemi med ho gjorde den tøffe tida lettare å bera!

I fjor vår nærma me oss klare til å prøva å bli gravide på nytt.

Gynekologen vår jubla, og sette meg på albyl - e, folat og e-vitamin i 3 månader. Etter det var det fritt fram for å prøva, og eg skulle frå dagen med positiv test ta albyl-e og lutinus progesterontilskot.

Testen var positiv i september 2013, og me sat der med blanda kjensler - prøvde å førebu oss på det verste igjen, men med eit stort håp om at det kunne gå med medisin. Eg vågde såvidt å lesa slike "frå veke til veke"- artiklar på nettet, min kjære prøvde å ikkje tenka såmykje på det, og me nærma oss etter kvart grensa for kor lenge eg hadde vore gravid tidlegare (ca 9 veker).

Me fekk tett oppfølging frå lokalsjukehuset i dei første månadane, med tidlege ul for å sjekka at alt var fint, og eg fekk koma innom til kontroll nærast ved minste bekymring. Utruleg godt å ha god støtte frå fagfolka :)

Me passerte magiske veke 12, og var på ordinær ultralyd rett før jul. Den viste ei frisk og rask lita jente! DET var ein fantastisk milepæl! :yvonne:
-Men me våga enno ikkje å ta det ordentleg inn over oss at det kunne gå bra. Hadde jo brent oss pådet så mange gonger før...

Men, no sit eg her i veke 31 (!) og skal snart ut i morspermisjon. Mini i magen er aktiv og viser heilt klart ein liten personlighet allereie. No veit me at det etter all sannsynlegheit vil gåbra, og har endeleg våga å kjøpa klede og ordna med seng, vogn og slikt.

Kva som har virka denne gongen veit me ikkje. Kanskje medisinane har hatt noko å sei, eller kanskje det berre er tilfeldighetar? Eg skal uansett fortsetja å ta albyl - e fram til veke 36.

For eitt år sidan hadde eg aldri våga å tru at eg skulle klara å bera fram ein baby. Me førebudde oss mentalt på at adopsjon eller å vera fosterfamilie kunne bli like fint som å få eigne ungar.

Så til dåke som slit med habituell abort og liknande - ikkje gje opp! Det er utruleg tungt mens det står på, men det kan gå bra òg. :)

Endret av Kvitveis
  • Liker 8
Videoannonse
Annonse
AnonymBruker
Skrevet

Denne teksten skjønte jeg mindre av…….

Anonymous poster hash: f36f5...2c6

Gratulerer så mye! Og lykke til videre! :)

Anonymous poster hash: c631c...05e

AnonymBruker
Skrevet

Denne teksten skjønte jeg mindre av…….

Anonymous poster hash: f36f5...2c6

Det er bare flaut for deg, siden det er nynorsk og de fleste er oppegående nok til å ha fått med seg dette i løpet av skolegangen.

Gratulere så mye TS! Og sikkert veldig bra for mange at du deler din historie :)

Jeg trodde ikke det skulle gå bra helt på slutten heller, etter dårlige erfaringer.

Anonymous poster hash: 865d7...ef0

  • Liker 3
Skrevet

Det er bare flaut for deg, siden det er nynorsk og de fleste er oppegående nok til å ha fått med seg dette i løpet av skolegangen.

Anonymous poster hash: 865d7...ef0

Oooog så har du de av oss som aldri har fått opplæring i nynorsk, men som likevel prøver å forstå...

Uansett; gratulerer så mye, TS! :blomst:

  • Liker 3
Gjest Vevila
Skrevet

Gratulerer så masse!!!! :hoppendeglad::strix: Skikkelig glad-historie! :laugh:

Skrevet

Fantastisk å få høre om de som klarer å få det til også. Er alt for ofte man leser om de som ikke får det til!

Lykke til med resten av svangerskapet :blomst:

Skrevet

Gratulerer så masse!!!! :hoppendeglad::strix: Skikkelig glad-historie! :laugh:

Takk for det, folkens! :) Heldigvis går det fint for mange etter kvart. :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...