Gå til innhold

Eit brev om frykt... (Treng råd.)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Det er tri år sidan me var i lag, du og eg. Tri år har gått sidan du drog for siste gong. Eg telgjer deg, sjølv om bitane du etterlagde kosta meg det beste forholdet eg nokon sinne har hatt å pusla saman igjen. Korleis kan eg gløyma nokon som, på trass av mishandlinga, eg elska så djupt? Eg hadde det fint. Så kom du seglande inn i livet mitt igjen. Ville prata. Eg let deg. Skjønnar no at eg burde ha beskytta meg sjølv meir.

Tenkte vel, naiv og godtruande, optimistisk og idealistisk som eg er, at du kunne endra deg.

Kan «sånne som deg», manipulatorar og undertrykkarar, verkeleg endra seg? Eg høyrer du seier unnskyld, men eg høyrer også at du seier at eg «gjorde deg sånn». Suicidal, nedbroten og utan sjølvtillit. Alt eg gjorde var å nekta å ta tilbake ordet «mishandlar» om deg, stod på mitt. Så begynte det.

Du ringte meg midt på natta for at eg skulle høyra korleis det var når du skada deg sjølv, gret og hylte av smerte. Eg har høyrt desse hyla før når eg sjølv ulte til nattehimmelen, kjent korleis det er når nokon tar noko skarpt og vrir om. Er eg sånn no? Nei. Eg jobba meg forbi at du øydela meg, valdtok meg og var i overkant beskyttande.

Kva vil du med meg no? Ikkje vil du at eg skal dra min veg, ikkje vil du ha meg her, og ikkje kan eg rapportera deg til politiet, då du bor utanlands (og eg har prøvd før). Kan du verkeleg endra deg, som du seier du kan? Eg tvilar, og likevel, så er det meg som er løgnaren, fordi eg oppdreiv overlevingsstrategiar.

Og når du likevel har funne meg, min kontaktinfo, plassen eg bur… korleis kan eg nokon gong kjenna meg trygg igjen?
Korleis kan eg skapa ein fristad, som eg hadde, før du igjen tok det frå meg?

Alt eg veit er at eg saknar han som kom etter deg. Han eg kallar «lysberaren min». Han som lærte meg om kjærleiken, og som eg, i ein anna verd, hadde håpt å vera med litt lengre, på rette premissar. Han som, ei perfekt, har satt standarden for kva eg ser etter i ein partnar. No, eit år etter at det tok slutt, er han ein god ven.

Eg veit ikkje kvifor eg saknar han. Veit ikkje om det er han eg saknar, eller om eg saknar tryggleik frå deg. Eg berre veit ikkje korleis eg kan få ho, no som du veit kva som skjer i livet mitt. Eg er redd.



Anonymous poster hash: a220d...4f1
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Rådet er det følgende: når folk sier en ting og gjør noe annet, nei, da er det ikke håp.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...