Gå til innhold

Anbefalte innlegg

AnonymBruker
Skrevet

Skal ein tru kva ein høyrer rett, er Ola Nordmann anno 2013 ein bleikfeit, tafatt mammadalt med pappas bankkort i lomma. Han må drekkja seg til mot før han tør å prata til ei jente, han kan nemne mote, (venstre)politikk og feminisme av interesser, og det er generelt fint lite igjen av den freidige, stolte, men óg særs humoristiske, lojale og ikkje minst hardtarbeidande nordmannen me kjende for eit par tiår sidan.

Men så sit eg her, då, ei bydgejente frå langt uti gokk, og ser utover kjøtmarknaden - og lurer på kvar i helvete ein finn desse feminiserte tøffelheltane.

Eg ser nemleg menn med ryggsekk på nokon-og-femti kilo, menn som klaskar kvarande kameratsleg på ryggen når dei skiljast, menn som er grov i målet men som likevel kan prestera kjærleikserklæringar så sødmefylde at det er til å spy av, menn som let skjegget gro og menn som velgjer på ta det vekk, menn som står på ski om vinteren og berre ler høgt og seier "Eg går det nok av meg!" om dei detter, menn som halder turneringar i handbak og menn som gjerne stoppar for å hjelpa ei jomfru i naud sjølv om det strider mot SV sin politikk.

Eg veit ikkje korleis det står til i storbyen, men eg er ei nokså bereist jente for dét, og eg kan med handa på hjartet seie at norske menn er noko av dei finaste, barskaste, mest sjarmerande typane eg har vore borti.

Så, kvar finn de eigentleg desse tøflane? Er det i Oslo at ein ikkje kan arbeida med fisk utan å verta stempla som hulebuar og mannsjåvinist? Er det kanskje grunna sosiale medier, som etter kva eg har forstått fungerer som ein heilt ny arena for sofahelter landet over, at folk får dette forvrengte synet på Ola Nordmann frå?

Eg har jo møtt nokre av desse typene i tronge bukser og med spraytan, men eg har inntrykk av at dette er ein storbygreie, og slettes ikkje noko som representerer Ola Nordmann jamnt over. Eg seier ikkje at han er nett som det eg beskreiv over, men det kan umogleg stå til så dårleg i meir sentrale strøk?

Er det eigentleg Ola Nordmann det er noko gale med, eller er det vi som heilt har gløymd han?

Og sist, men ikkje minst; her er ein klem til deg, du norske mann som får ufortent mykje drit etter deg. Det fins oss som ikkje har gløymd deg og som framleis set pris på ein mann som kan fiske, stå på ski utanfor slalomtrekket og snakka litt høgt utan å unnskulda seg med ein gong etterpå. :hug:



Anonymous poster hash: 6c66f...272
  • Liker 8
Videoannonse
Annonse
AnonymBruker
Skrevet

Eg er samd med deg, TS!



Anonymous poster hash: fcf49...3b7
  • Liker 1
Gjest Stjerner og planeter
Skrevet

Eg vart rørt av skriftspråket ditt! Fantastisk flott å lesa så godt nynorsk!!

Skrevet

Hvor bor du TS? :)

Og er helt enig med Stjerner og planeter, fantastisk fint skrevet! Elsker nynorsk!

Her jeg bor er det "lett blanding". Mange menn som ikke tørr ta i eller spise fisk, bruker mer tid på håret enn meg og som vil heller se på serier enn å gå en tur. Men det er også menn som pakker ryggsekken og går lengre turer, lar sjegget gro og som sløyer fisken selv.

Skulle vert flere av sistnevnte synes jeg. Men det er jo smak og behag. Er jo på mote nå å være litt jålete? Eller?

AnonymBruker
Skrevet

Takk for flotte kommentarar!

Bur i Sogn. :)



Anonymous poster hash: 6c66f...272
Skrevet

Oh shit – jeg foretrekker å handle fisk i butikken, hater ski og snakker lavt, jeg må være en feminisert tøffelhelt!

  • Liker 1
AnonymBruker
Skrevet

Liker hverken metroseksuelle menn eller skjeggete menn med ryggsekker som sløyer fisk. Forhåpentligvis finner jeg en mellomting :P

Anonymous poster hash: 1f29d...073

AnonymBruker
Skrevet

Slapp aaav, me er på Skråblikk-forumet - sjølvsagt er det satt på spissen. :)



Anonymous poster hash: 6c66f...272
Skrevet

Hehe, enig. Synes nå det er ei god blanding jeg da. Det er plenty av de mer "røffe" typene og.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...