Gjest Knut Lavngard Skrevet 5. mai 2013 #1 Skrevet 5. mai 2013 Etter å ha fylgt med på snooker i fem år tykkjer eg årets VM har vore ein fiasko. Selby, Robertson, Higgins, Allen, Ding, Maguire, Williams, Fu, og andre gode spelarar har forsvunne altfor tidleg, og dårlegare spelarar har prega årets VM etter mi meining. Dette føler eg skuldast at det har vorte altfor mange rankingturneringar no. For nokre år sidan klaga spelarane på at det var for få turneringar, men no er det meir enn nok. Når det då kjem til VM etter ein lang sesong har alle konsentrert seg så hardt over så lang tid at alle er leie av snooker, og ikkje orkar å konsentera seg 100% i ein heil best av 20+- kamp. Det at O'Sullivan, som har halde seg borte frå touren i eit år no kjem til å vinna VM seier i grunnen sitt. Er Barry Hearn & co i ferd med å øydeleggja sporten? Eg meiner at det er så mange turneringar no at spelarane har byrja å slakka på nivået. Kva trur de? Er det urimeleg av meg å påstå at ein burde funne ein middelveg mellom antal turneringar no vs. antal turneringar for 5 år sidan?
Gjest Knut Lavngard Skrevet 5. mai 2013 #2 Skrevet 5. mai 2013 Ingen andre som ser på? Han Ronnie går nok mot siger, men det er jamnare enn eg trudde på førehand.
AnonymBruker Skrevet 5. mai 2013 #3 Skrevet 5. mai 2013 Har nettopp begynt å skjønne snooker og følger med. Spennende! Så om noen år kan jeg kanskje komme med en vurdering:) Anonym poster: 5b3316b2ccaa61fa91bfb1f1ba423455
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå