Gjest gjest1 Skrevet 29. mars 2004 #1 Skrevet 29. mars 2004 Nokon som veit korleis eg kan gå fram når eg har lyst å lage meg ei heimeside? Eg er heilt nybegynnar, og vil lage ei side utan å måtte bruke vanskelege html-kodar og slikt, viss det går an... Har hørt noko om at det går an å lage heimeside i Front Page, men er ikkje sikker på om eg har dette programmet på maskina mi, eg har Windows XP home edition.. Håpar nokon kan hjelpe meg, for det hadde vore veldig gøy med ei side! Trur eg....
Gjest Moonshadow Skrevet 29. mars 2004 #2 Skrevet 29. mars 2004 Frontpage får du i alle fall lasta ned fra kaaza...
Crazee Skrevet 29. mars 2004 #3 Skrevet 29. mars 2004 Men skal du først piratkopiere slik så kan du like godt laste ned eit mykje betre program; DreamWeaver Elles så er ikkje HTML-kodar noko særleg vanskeleg. Greier du å identifisere kva som er overskrifter, bilete, menyar, avsnitt og sånt, så greier du å læra deg HTML utan særleg store problem.
vixen Skrevet 29. mars 2004 #4 Skrevet 29. mars 2004 Ellers så er det jo internett-tilbydere som tilbyr hjemmesidegeneratorer eller nyttige tips og verktøy... f.eks; http://www.start.no/home/ http://www.online.no/ti/hjemmesider/ -viXen-
Arwen Skrevet 29. mars 2004 #5 Skrevet 29. mars 2004 Jeg synes denne siden var fin for å lære grunnleggende HTML. http://www.polydesign.no/npn/index.asp?artikkel=2 er veldig glad jeg gadd å lære det før jeg begynnte å "jukse" med front page.
Crazee Skrevet 29. mars 2004 #6 Skrevet 29. mars 2004 Einig med deg at det er eit smart trekk å læra seg litt grunnleggjande HTML før ein startar med såkalla WYSIWYG-editorar, for då står ein sterkare til å løysa problem som må dukka opp. Skjønt - eg håpar sida du viser til er gammal, for den viser ting på ein litt dum måte no i dag. (Korleis ting skal sjå ut skal definerast i CSS, og ikkje direkte i HTML.) Eg skal sjå om eg får tak i adresser til gode, oppdaterte kurssider. Men www.w3schools.com får mykje skryt - og der er det mange tutorials, både i HTML, CSS og meir til.
Arwen Skrevet 29. mars 2004 #7 Skrevet 29. mars 2004 Ja, lenge siden jeg brukte siden så kan hende den er gammel :oops: ikke meningen å villede noen.
Gjest gjest1 Skrevet 29. mars 2004 #8 Skrevet 29. mars 2004 Uff, er nok for dum til å lage meg heimeside eg - skjønner jo ingenting her eg... :klø: Kva er sånn WYSIWYG-greie då? Har ikkje noe lyst å lære meg HTML, det virka så vaaanskeleg... Hmfr...
Crazee Skrevet 29. mars 2004 #9 Skrevet 29. mars 2004 Du e'kje for dum, veit du. Sjølv om andre kjem med dumme forklaringar. men altså: WYSIWYG: What You See Is What You Get. Reint bortsett frå at du aldri får det du ser, så er dette slik program som Frontpage, GoLive, Dreamweaver m.fl. arbeider. Du skriv og plasserer bilete, tekst og andre element slik du vil ha det i programmet, og du vil sjå noko som liknar i nettlesaren. (Første regel: Det blir aldri heilt likt, så det skal du ikkje streva for mykje med.) Det beste programmet i denne stilen er DreamWeaver, definitivt. Så spørst det då kva du vel: Dersom pris ikkje spelar noko rolle, så får du tak i DreamWeaver MX 2004. Enkelte anbefaler FrontPage, gjerne fordi det virkar meir kjent om du er van med Word, men eg meinar det vil lønna seg for deg å bruke nokre minutt ekstra og setja deg inn i DW uansett. (Og sjølv om FP er blitt betre enn før, så er det - etter det eg høyrer - stadig lettare å gjera noko dumt i FP enn DW.) Dersom pris spelar ei rolle (du har ikkje så mykje pengar å leggja ut og du privatkopierer ikkje) så vurderer du billigare alternativ. Kanskje FP er eit alternativ, kanskje du heller ser deg om etter shareware eller freeware. Det finst ein del av det rundt om, av varierande kvalitet. Eg har ikkje erfaring med det sjølv, men eg høyrer at editoren som følgjer med mozilla (www.mozilla.org) slett ikkje er så verst - og den er gratis. Du har sjølvsagt òg mulighetar fleire stadar til å bruka heimesidegeneratorar - det blir gjerne å fylle inn i ulike malar kor du vil ha ting, og få sjansar til å laga heilt personlege ting. (Men det varierer.) Håpar dette hjelper. Men eg påstår stadig at om du greier å sjå kva som er overskrifter, avsnitt, tabellar, bilete og slikt, så greier du å læra deg HTML òg
Gjest gjest1 Skrevet 30. mars 2004 #10 Skrevet 30. mars 2004 Takk for gode svar.. Får lese litt og tenke litt og sjå kva eg set i gang med!
Crazee Skrevet 30. mars 2004 #11 Skrevet 30. mars 2004 Du må fortelja kva du kjem fram til Elles, her har eg fått tak i adressene eg tenkte på, pluss litt eg ikkje tenkte på: - HTML - CSS - Ressursar om webutvikling Dette var kurs på norsk. Engelske greier man bør få med seg, er dette (Har ikkje sett på den sjølv enno, men eg stolar på han som kom med lenkja! - CSS på dansk (finst fleire kurs på dei sidene òg, utan at eg veit korleis dei er.) Dette er litt lesestoff - men uansett kva du bestemmer deg for: Du vil ikkje angra på å lesa litt på dette, og prøva. Du får så mykje igjen for det.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå