Gå til innhold

Kjenner lengt etter gamle dagar


Rskre

Anbefalte innlegg

Eg har vorte så gamal at mest alle som var vaksne då eg var ung ligg under torva. Eg saknar dei berre meir og meir som tida gjeng, tek ofte vegen til Nasjonalbiblioteket for å lytta til intervju og radiosendingar frå gamle bygdesamlingar. Eg har jamvel funne fram til føredrag eg heldt på 60-talet, tenk på alle dei gilde folka som var til stades!!!

Eg vert deppa her eg sitt. Folk var mykje meir interessante i gamle dagar, dei var kloke og forvitne.

Det er litt som å vera med i ein krig, alle dei gilde folka ein kjende har omkome og for oss som førebels er levande er det som å vera på ei slagmark av demente og alderssvekkja menneske.

Endret av Rskre
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Er eg heilt åleine her på KG med slike tankar? Det må jo vera mange kvinnfolk her som har passert middagshøgda, og som har budd i ein storby i fleire år, for så å koma heim til bygda og oppdaga at mest alle dei vaksenpersonane som merkja barndomslandskapet med sine eigne heilt eineståande fargeverknader no var fråverande; og alt vart med eit trylleslag fargelaust og stusseleg.

Endret av Rskre
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes virkelig dette ikke har NOE med sorgforumet å gjøre.Vi snakker savn etter døde mennesker eller dyr her.

Det må være lov å bruke hodet og se at dine poster er på helt feil forum

Endret av Kårky
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...