Gå til innhold

Katt som ikkje fattar katteluka


Anbefalte innlegg

Gjest Tigress
Skrevet

Ja, altså, eg har to katter, ei tre år gammal damepuse og ein to år gammal guttepus.

Dama klarte å komme seg gjennom katteluka etter eit par-tre stapperunder med mat i andre enden, samt at eg lot ein godbit stå på andre sida. Det gjekk ganske greitt, ho er glad i mat.

Han, derimot. Vi har hatt luka i tre veker, og han skjønnar ingenting. Mat på andre sida funkar ikkje, han går att og fram og glor, men til slutt er det pusa som et maten. Han skjønner ikkje korleis det funkar sjølv om han ser ho gå att og fram. Sjølv å halde luka oppe er for skummelt for han, han tør ikkje anna enn å snuse på luka, og det gjer han berre når det anten er mat der eller han er innesperra i kjellaren - luka går frå stua og ned til kjellaren. Deretter byrjar han å klynke, og eg synest eg må sleppe han opp att. Er eg for snill?

Eg freistar gje denne hannkatten ein god heim. Han blei eigarlaus i desember, og har budd hjå oss i tre veker no. Han provoserer pusa heile tida, og det er ein del gauling her, så eg synest det er litt ille å la han vere i kjellaren til han blir lei, liksom. Det høyrer med til historia at han spring ned i kjellaren så ofte han kan, og at eg lukkar att døra for å spare litt på varmen. Eg vil veldig gjerne at han skal fatte den luka, for då kan vi ha båe kattedoane i kjellaren, og framleis ha det varmt i stua...

Tips? Kan eg trøkke han gjennom luka med hovudet først? Han er skvetten, men toler greitt å bli handtert, sjølv om han ikkje nett likar å bli løfta på.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Det tok litt tid før den ene vår skjønte katteluka også. Men plutselig en dag sprang den inn og ut som om den aldri hadde gjort annet. Det er en litt skvetten og redd pus, så nye ting er skummelt.

Jeg dyttet katten inn luka og den forsto faktisk greia etter det. (Dvs. den gikk bare den veien jeg hadde dyttet den, ikke motsatt. ;) )

Jeg vil kanskje gjette på at det er vinteren som ikke frister så mye. Det er iskaldt ute og de færreste katter liker å være ute akkurat nå. Jeg hadde prøvd å putte han inn/ut luka og så bare sett hvordan det hadde gått.

Anonym poster: 78a1c27e6420a27514671f43fb599221

Skrevet

Er han leken? I så fall så kan du prøve å binde noe sølvpapir, fjær og avispapir i enden av en hyssing. Eventuelt en sånn pinne med fjær så enden som man får kjøpt. Så har du kreasjonen på samme side av døra som pus mens du holder tråden/pinnen på andre siden av luka mens den er åpen. Lag litt bevegelse i tråden, og pus fatter interesse. Vips har han kommet seg igjennom luka :jepp: Gjør dette noen ganger begge veier før du tester med luka lukket.

Noe tilsvarende funker i alle fall på våre to minste. Har de stukket under en sofa de ikke skal, så er det bare å vifte litt med fjærdusken så kommer de :rodmer:

Gjest Tigress
Skrevet

Takk for svar!

Eg trur eg får prøve å dytte ham, då. Eg prøvde i ein halvtime med ein fjærdusk som forslått her, men han går ikkje nær luka. Han slo etter fjæra så lenge han var ganske nær, men med ein gong eg trakk ho nærmare luka gjer han opp...

Den første helga etter at vi innstallerte luka hadde vi døra åpen, altså vi tok ho vekk. Då gjekk båe kattene lukkelege ut og inn av luka. Men luka går til ned i kjellaren, og der er det kaldt, så eg kan ikkje ha luka open når det er så kaldt som no.

Eg får prøve å dytte han gjennom att. Det kan bli show. Katten er ein svær hannkatt på mest 6kg, og sjølv ho pusa på 4,5kg (ho er skikkeleg tett, altså, ei ordentleg lita tønne) må liksom strekke seg litt for å dra seg gjennom. Eg veit ikkje om eg klarar å dytte han gjennom skikkeleg, for han vil jo ikkje, han sprellar.

Men de trur ikkje han blir traumatisert av å bli dytta gjennom, altså?

Og igjen, takk for svar!

Skrevet

Ei venninne av meg installerte katteluke, og vi brukte følgende metode:

Jeg satt på utsiden og hun på innsiden. Hun tok katten og dyttet den vennlig (ikke hardhendt) gjennom katteluka. Jeg satt på andre siden og tok i mot, snudde katten og dyttet den tilbake. Det gjorde vi et par ganger frem og tilbake, og da forsto katten at han kunne gjøre det selv (vil understreke at katten ikke var redd eller gjorde motstand når vi gjorde dette).

Gjest Tigress
Skrevet

I dag blei han stengt nede i kjellaren. Eg lot han sitte der. Eg høyrde fleire gonger at det var ljod frå luka, så han driv i alle fall og undersøker. Eg freista å dytte han gjennom, men det funka dårleg, han berre sprella og blei heilt trekkspel. Men han er vel på veg no... At det skal vere så komplisert. Eg er litt tilbøyeleg til å la han sitje i kjellaren til han finn vegen ut sjølv, men eg trur det vil skje: ein dag er han nede i kjellaren utan at eg veit det, og så går eg ut. Då sit han anten fast der til eg kjem att eller så finn han ut av det...

Takk for tips!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...