Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hjelp!

Eg var inne på ei eller anna lyrics-side - og etter det vart det heilt texas på maskina. Det låg masse nye snarvegar på menyen min, som eg sletta, + at eg sletta mappene dei var frå - som hadde lagt seg inn i 'favoritter' i windows. Startsida mi på nettet var endra - eitt eller anna context-greier. Fiksa det òg.

Men framleis er det noko eg ikkje får vekk - det har lagt seg ei linje under adresselinja i headinga mi (under verktøylinjene). Den er blå, har eit search-felt, og knappar som heiter 'sex chat', 'sex film' etc. Korleis får eg dette vekk? Eg kan velje å ikkje vise dei i 'vis'-menyen, viss eg klikkar vekk 'dead bolt about' (som aldri har stått der før!). Men det kjem igjen når eg går inn på ei anna side! HJELP! :-(

Ein annan ting er - er dette lov? Å gå inn og påverke oppsettet mitt på den måten?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

lov er det sikkert ikke nei!

du bør laste ned ad aware her, installere og så kjøre en "dyprens" av pesen din. ad aware tar spyware, som er det du har fått.

lykke til!

Skrevet

Akkurat favorittar og skifte startside kan lett gjerast i IE ved hjelp av litt javascript på ei webside, så det treng ikkje vera noko spyware Pip har vore ute for - kun ei irriterande side ho sikkert ikkje er så interessert i å besøke meir... (Eller?)

For min del er det nok ein grunn til å bruke Opera i staden. (Evt. Firefox) ;)

Skrevet

Men Crazee - kvifor er det framleis eit val under 'verktøylinjer' i 'vis'-menyen som heiter 'dead bolt about'? Det skal det då verkeleg ikkje vere? Eg har jo 'skrudd den av' då - men eg vil ikkje ha den der!

(Synst det du sa verka logisk, men viss du ikkje har ei logisk forklaring på dette òg, kjøper eg Tigerlily si forklaring, og lastar ned! :wink: )

Gjest the imp
Skrevet

Tror jeg ville lasta ned ad-aware Pip. Det er ikke sikkert du har vært utsatt for spyware, men man vet aldri og ad-aware er gratis og kjekt å ha.

Skrevet

Ja, då har du nok fått endra meir enn berre favorittar, så last ned AdAware du. Det er uansett eit kjekt program å ha - og så finst det eit par plug-ins til programmet som er kjekke òg. (Eller kan vera.) :)

Skrevet

Nedlasting pågår!

Takk for hjelpa! :D

Skrevet

Program lasta ned, 'deepscan' gjennomført, filer sletta og alt. Men den dumme 'dead bolt about' er der enno... Men programmet skulle slette to element neste gong eg reboota maskina, sa det, fordi det ikkje hadde tilgang no eller noko sånn. Håpar det forsvinn då! :-(

Skrevet

Ps. Program installerer seg ikke av seg selv. Klikk ALDRI på annonser og popups. Kan ligge skjulte knapper innprogramert. F.eks. den typiske X-lukkeknappen kan gjøre at du laster ned noe.

Skrevet

jordbær - veit det! Men vert så inderleg provosert av ein del popups som det tek frykteleg lang tid å fjerne utan å bruke den knappen... (er nok litt for utålmodig...)

Skrevet

Enno ein grunn til at eg føretrekk Opera (evt. Firefox): Still inn at du ikkje aksepterar popups, evt. kun dei du ber om, og du kan gå inn på plagsomme sider utan at du er klar over at dei er plagsomme... ;)

Skrevet

Men finst det ikkje 'popup-killer' for explorer? *ynskjer seg*

Skrevet

Joda, Kombiner det med Google så har du google toolbar som inkluderer popup-killer i tillegg til "instant søkemotor" (Altavista har tilsvarande.)

Det hjelper jo litt - men IE vil jo stadig vera utsett for sånne favorittar som automatisk legg seg inn hjå deg, eller startsider som vert bytta ut.

Skrevet

:sur: Det er der enno!

I dag var den derre 'dead bolt about'-verktøylinja der igjen - måtte fjerne ho sikkert 5-6 gonger (kom på ny for kvar ny side eg gjekk innpå).

I tillegg var det ein diger meny NEDE på sida (då eg logga på internett), som eg måtte fjerne vha. kryss oppe til høgre. Heilt tydeleg frå same greia. OG startsida var endra igjen i dag... Kva ER dette? Korleis får eg det vekk? ...og alt dette på grunn av eit søk etter ein sangtekst... :cry:

Skrevet

Sikker på det var siste versjon og oppdatering av AdAware du brukte?

Uansett - eit raskt søk på Google gav meg t.d. denne sida - den nemner både at pest Patrol kan fjerne det, OG gir deg instruksjonar for å fjerne det manuelt.

Så får du heller skrika opp om ikkje dette heller hjelper.

Skrevet

gjør livet dere enklere folkens, drit i Internet Explorer, last ned gratis versonen av Opera, det er 10 ganger bedre, aldri krasjet til meg, mye mere oversiktlig, tåler mye mere når det gjelder spy-dritt osv

Skrevet

TAKK for masse god (og tålmodig!) hjelp, Crazee! :blomst_opp:

Har no brukt PestPatrol til å finne det som såg 'uggent' ut, fjerna det, og har i tillegg lasta ned gratisversjonen av Opera - så no håpar me på betre tider her! :)

Skrevet

Berre hyggeleg - og eg trur heller ikkje du vil angra på at du lasta ned Opera. :D

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...