Gå til innhold

Mann, trenger hjelp med dame


Anbefalte innlegg

Skrevet

Mann på 21 som for 2 veker sidan traff på ei jente heilt tilfeldigvis. Viste seg at ho var ifra Litauen og var her for å plukke bær. Me pratte litt da, delte namn og ho forklarde meg korleis eg kunne sei hei på Litauisk så eg kunne sei det om eg såg ho igjen. Eg forklarde ho kvar eg budde, og sa ho kunne stikke innom om ho ville, ho trudde ho fekk tid på søndag. Det gjekk 2 søndagar utan at ho kom, så mandagen forrige veke så reiste eg heim til garden der ho jobbar/bur istadenfor. Me sat å pratte noko, før eg lurde på om ho ville vere med nett oppå fjellet og kike utover bygda her. Det ville ho gjerne.

Så me reiste opp der og sat nokon timar, pratte og keik. Viste seg at ho var 4 år eldre enn meg, kom ifra største byen i Litauen og var litt lei jobben sin der, så ho hadde ei venninne her som sa at ho kunne tjene nokon kr på å vere her istadenfor og plukke bær. Utruleg søt jente, livleg, pratande og yrande av liv. Så gjekk me nedatt og eg køyrde ho heim. Onsdagen var eg heime til ho igjen og da sat me mangen timar å pratte, keik på kart over Litauen, og ja, hadde det kjekt. Torsdag var eg heime til ho igjen og spurde om ho ville vere med heim til meg, for eg hadde gløymt at me skulle selje kvelpane våre dagen etterpå, så da ville det vere for seint. Som sagt så gjort, så me var heime hos meg å koste meg kvelpane, før me gjekk litt rundt og reiste inn å åt is. Eg spurde ho da, om ho ville blitt i Norge, om ho kunne. Ho sa ho var noko usikker, det var jo Litauen som var landet hennas og vennane hennas var der. Skjønnar ho fullt ut i den, og ville sagt det samme sjøl. Så fekk ho melding ifra mora si om at ho ville prate på skype, så eg måtte berre køyre ho heimatt.

Ho er veldig glad i naturen og elskar å vere i den. Og her så er det ein fjelltopp som er ganske populær å gå til og ho ville jo sjølsagt på den. Så laurdag dukka ho opp som avtalt på tunet her midt på dagen og me brukte resten av dagen på å komme oss opp og ned på toppen. Me kom nedatt vel kl.18 og eg hadde tenkt me kunne bade eller ete før me gav oss. Men da ville ho veldig gjerne heimatt, så det respekterte eg. Skreiv til ho på fb samme kvelden at eg takka for turen og at eg hadde hatt det skikkeleg kjekt. Samt at nokon hadde sett meg og vart sjokka over at eg var der (eg er ikkje den som pleier å gå turar) Som svar fekk eg til at ho tykte eg burde fortsette å ta turar, men at dei kanskje skulle vere utan ho. Ho beklaga for at ho ville heim så fort, men det var visst nokon minner som hadde eksploder, så ho ville berre vere aleine. Søndagen var eg nett heime til ho med ein blomsterbukett eg hadde plukka sjøl. Ho dreiv å plukka bær, så hadde ikkje så mykje tid, noko som er forståeleg. Men ho takka for blomstane, men eg følte det var noko i vegen.

Så eg tenkte eg skulle gje ho noko "fri" til å tenke og vere aleine. Eg veit ikkje korleis det var for ho, men seinare på søndag, men spesielt mandag og tysdag var heilt jævlige for meg. Eg gjekk kun å tenkte på ho heile dagen, om eg hadde gjort noko gale og at ho reiser heimatt siste veka denne månaden. Spesielt det at ho skal heimatt gjorde at eg begynte å grine fleire gonger, når som helst på døgnet. Det andre gjorde at eg hadde problem med å få i meg mat, har aldri hatt noko problem med det før. Men no måtte eg verkeleg dytte i meg skevene, og eg skalv i heile kroppen. Men tysdag kveld så skreiv ho til meg på fb og spurde korleis dagen min hadde vore, pluss at ho ville ha mailen min så ho kunne sende meg bilda ifra fjellturen. Eg sa at dagen hadde vore stressande, så eg var noko øydelagd, men at eg gjerne ville til ho onsdagen (dagen etterpå) om det gjekk fint. Joda, det skulle gå fint, sålenge eg ikkje kom for tidleg. Ho visste ikkje heilt kor lenge ho måtte jobbe, men ho skulle skrive til meg.

Som sagt så gjort, så eg reiste fram til ho rundt 19 med minnepenn og sjokolade (ho elskar sjokolade). Og der vart me sittande til 23. Pratande om alt, delte litt norske og litauske ord, keik på kart over området her og sånt. Ho nemnde og at ho var noko usikker korleis ho skulle komme seg til Oslo, da sa eg som sant var at eg hadde tenkte noko på det, og komme fram til at om ho ville så kunne eg køyre ho. Ho måtte tenke på det, for det var langt og ho følte antakeleg at det var litt mykje å be om ifra meg. Eg prøvde å sei at eg har tatt ut 2 veker ferie no, så det går fint. Ho skulle tenke på det. Kvelden enda med at me blei einige om at idag (torsdag) så skal me av å bade i fjorden her, sidan det er siste dagen med fint vær på ei stund. Var tenkt å ta fram båten, men der var visst motoren gådd...

Veit ikkje heilt kva eg lurer på, men trur det er om det er håp for noko eller ikkje? Eg har ikkje hatt eit forhold på minst 5år, og det eg hadde da var ikkje så seriøst heller, så eg har jo tenkte at sidan ho er så grei så er det noko imellom oss. Men samtidig så tenker eg på at kanskje ho nettopp berre er voldsom grei. Har lagt merke til at ho ved nokon få tilfeller har tukla litt med håret sitt og bete seg i underleppa. Kvar gong me har reist ifra kvarandre så har me klemt, aldri meir. Eg er sjenert og uerfaren, så har ikkje turt å gjort noko anna heller, veit heller ikkje heilt korleis eg skal gjere det. Dama er som sagt nydleg på alle felt, passe liten, søt, sjarmerande, ler mykje, positiv instilling på livet. Kort og greitt, eg har aldri møtt ei jente som er så open og så positiv i heile mitt liv. Ho gler seg til å reise heimatt til Litauen, og det forstår eg fullt ut. Ho fortalde at det lengste ho hadde vore vekke før var 2 månader i England for å jobbe, og da og så lengta ho heim etter ei stund. Eg er verkeleg gira i jenta, og kunne gjort bortimot alt for at ho skulle blitt her eller komme tilbakes. Det virkar som ho likar Norge, pluss at ho seier at ho vil bu på bygda, ikkje i byen som i Litauen, så sånn sett er det perfekt i mitt hove da eg bur på bygda. Eg skjønnar og utruleg godt at ho ikkje vil gje slepp på heimlandet sitt, det hadde vel ikkje eg heller gjort så fort. Eg føler og at eg ikkje har fått nokon tydlege tegn på at ho er interesert i meg, noko som gjer at eg tviler på heile greia, men held motet oppe.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Det er bare en ting jeg lurer på etter å ha lest hele historien. foregikk alt dette i Valldal ? :)

  • Liker 4
Skrevet

Jeg synes ikke det virker som hun er veldig interessert i å bli noe annet enn venn. Såvidt jeg skjønner er det du som har kommet til henne på eget initiativ hver eneste gang, og at hun ikke inviterte deg først? Jeg vet selvfølgelig ikke, men det som ofte har slått meg er at den følelsen du har når du er sammen med noen ofte er riktig. Om du har følelsen av at en person har følelser for deg, så stemmer det som regel. Hvis du har følelsen av at personen trekker seg tilbake og bare vil være venn så stemmer som regel det.

Du får nesten flørte skikkelig en dag dere er sammen så ser du fort hva hun vil. Og gjør det ordentlig så hun skjønner hva du gjør. Trekker hun seg unna når du flørter og ikke flørter tilbake så vet du at hun bare vil være venn.

Anonym poster: 74857f3ed2395ad7c4bdf2e9f28e8470

  • Liker 1
Skrevet (endret)

Jeg synes ikke det virker som hun er veldig interessert i å bli noe annet enn venn. Såvidt jeg skjønner er det du som har kommet til henne på eget initiativ hver eneste gang, og at hun ikke inviterte deg først? Jeg vet selvfølgelig ikke, men det som ofte har slått meg er at den følelsen du har når du er sammen med noen ofte er riktig. Om du har følelsen av at en person har følelser for deg, så stemmer det som regel. Hvis du har følelsen av at personen trekker seg tilbake og bare vil være venn så stemmer som regel det.

Du får nesten flørte skikkelig en dag dere er sammen så ser du fort hva hun vil. Og gjør det ordentlig så hun skjønner hva du gjør. Trekker hun seg unna når du flørter og ikke flørter tilbake så vet du at hun bare vil være venn.

Anonym poster: 74857f3ed2395ad7c4bdf2e9f28e8470

Ja, jeg er enig i dette.

Endret av Evilposelos
Skrevet

Du får nesten flørte skikkelig en dag dere er sammen så ser du fort hva hun vil. Og gjør det ordentlig så hun skjønner hva du gjør. Trekker hun seg unna når du flørter og ikke flørter tilbake så vet du at hun bare vil være venn.

Anonym poster: 74857f3ed2395ad7c4bdf2e9f28e8470

Jeg er enig i at damen virker avmålt. Det er ingenting som tyder på noen form for interesse fra hennes side - alt tyder på at hun rett og slett bare på et fremmed sted er glad for å ha noen å prate med.

Men: om hun trekker seg tilbake om ts flørter, så vil jo dette også være en helt naturlig respons i det hun skal hjem om noen få uker, og ikke si noe om hvorvidt hun kunne vært interessert om situasjonen var en annen.

Anonym poster: 68adb54b71dc0ead4439537f4e31280f

  • 2 uker senere...
Skrevet (endret)

Får vel kanskje oppdatere litt her. Har vore mangen gonger med ho sidan sist, alt ifra heime hos ho, meg, i båt og til fjells. Eg tykjer me har hatt det artigt kvar gong me er ilag og praten sit for det meste laust. Det viser seg at me har eindel like meiningar og eindel ulike. Men eg har aldri gjett meg, eg har aldri prøvd so mykje før for å få noko til å funke.

Det viste seg at når ho kom til Norge så hadde ho type, men etter ei eller to veker her så fekk ho beskjed ifra han om at han ikkje ville vere ilag med ho lenger. Ho fekk ingen beskjed om kvifor og ho har ikkje fått tak i han for å spørre meir. Så ho har vore noko redd for å satse i frykt for å bli såra igjen, noko eg forstår fullt ut. Ho likte meg, men minna ifra han og korleis det gjekk hang fortsatt igjen.

Toppen kom vel kanskje igår når me var heime hos ho og såg på film. Eg hadde fått holde rundt ho før, så eg tenkte at no kunne vere eit godt tidspunkt å prøve igjen. Og joda, ho lente seg faktisk heilt intill meg og la hovet sitt på skuldra mi, så eg la hovet mitt intill hennas og strauk ho på armen mens me såg resten av filmen. Litt seinare sat me å pratte om noko og da kom handa hennas og holdt mi.

Så positive ting kan skje tydlegvis, hadde aldri trudd det sjøl, men no må eg berre holde på ho og håpe at ting går bra eller sjå om det berre blir ein sommarflørt. Ho sa faktisk ein kveld før at ho no kunne tenkt seg å vore i Norge om ho hadde funne seg ein jobb, så eg driv å leiter litt rundt for ho. Ja, det skal vel og nemnast at ho faktisk skal vere her i 2-3 veker til, da ho fekk ein ekstrajobb med å trimme plantene der ho har jobba så dei er klare til neste år. Så det var eit gledens tegn for meg ihvertfall at ho ville vere her lenger.

Endret av nilsern
  • Liker 3
Skrevet

Så bra!!! :)

Dette var jo supert å høre! Ser jo ut som det går rett vei dette. :--)

Anonym poster: dc796e9919271149497a3cb4119c924d

  • Liker 1

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...