AnonymBruker Skrevet 19. mars 2012 #1 Skrevet 19. mars 2012 Eg er no ferdig med min bachelor og språk og litteratur, og skal velje kva master eg vil ta vidare. Eg vil verte lærar på vgs (trur eg). Det står mellom master i lingvistikk og i nordisk språk og litteratur. Eg skjønar jo at sistnemnde nok er mest relevant, men er det vanskeleg å få seg jobb som norsklærar med ein master i lingvistikk, når bacheloren er i språk og litteratur med fordjupning i norsk? Eg ringde ei vgs for å høyre med ho som er ansvarleg for tilsetjing, og ho sa at eg kom laaangt bak i køa viss eg hadde master i lingvistikk. Sjølv om ho måtte innrømme at dei såg på kva ein skreiv masteroppgåva om (eg kan jo skrive om noko som er relevant for vgs). Vidare sa ho at eg burde ha enno eit fag!! :O Kva?? Enno eit? Av di at ingen burde vere eller ville vere fulltids norsklærar - til det var faget for stort. Eg sa at eg ville kanskje ta årsstudium i RLE, men det var ikkje noko vits for det faget var så lite. Men er det verkeleg slik at ein må ta master i eitt fag som ein skal undervise i, men så kan ein óg få undervise i eit anna fag som ein berre treng å ha nokre studiepoeng i? Eg skjønar ikkje heilt... Dessutan er eg meir interessert i å ta master i lingvistikk av di eg føler eg er litt ferdig med generelt språk og litteratur no, eg kan mykje og kan lett undervise i det, men vil óg studere noko rett og slett av eiga interesse... Kva kan eg elles jobbe som med ein master i lingvistikk? Takk for svar til eit litt forvirra og rotate innlegg!
AnonymBruker Skrevet 19. mars 2012 #2 Skrevet 19. mars 2012 Ang flere fag: De fleste norsklærerene på min videregående skole underviste i et annet språkfag også, f.eks fransk eller tysk. Eventuelt i samfunnsfag eller historie (grunnfag/årsenhet i historie eller statsvitenskap er nok ganske vanlig blant norsklærere rundt omkring).
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå