Gå til innhold

Trenger hjelp til å finne passande strikkeoppskrift!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei!

Vi ventar ein gut i november, og snille strikkehjelparar har meldt seg, blant anna svigermor :) Vi fann ei oppskrift vi gjerne ville ho skulle strikke, ei selebukse i babyull. Viss nokon har boka "Myk Start", så er det den selebuksa som er på s. 26.

Problemet er at svigermor er ei ganske gammal dame, og no har ho prøvd i fleire dagar å strikke med dette tynne garnet på tynne pinnar. Ho er mest vant til å strikke tjukkeraggar på tjukkare pinnar. Men ho må berre rekke oppatt og starte på nytt, etc etc., pga ho ikkje får det heilt til.

Så det eg treng hjelp til, er å finne ei passande oppskrift, helst ei selebukse som ikkje er altfor avansert (men type den som er i "Myk Start"), på pinnar ca 4 og oppover, for babyar.

Eg har prøvd å google og kike på Garnstudio, men har ikkje funne ei passande oppskrift. For all del, om de finn ei bukse utan seler så går også dette bra :) Og oppskrifta må vere på norsk :)

Eg ville blitt evig takknemlig om nokon kunne hjelpe meg! :) Eg har så lyst at svigermor skal bli glad og fornøgd med strikkearbeidet sitt, for no trur eg ho er ganske fortvila, for det blir ikkje bra.. Og vi vil jo at ho skal ha det kjekt med strikkearbeidet, ikkje at det skal vere noko mas og kjas!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Eg trur eg fann ei bukse, riktignok utan selar, men men.. Problem solved! :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...