Minimus Skrevet 4. mars 2011 #1 Skrevet 4. mars 2011 Hei! Er ny her, eg No er eg akkurat ferdig med blødningar etter ein SA Blødningane byrja for 1 veke sidan. Var ikkje meir enn 5 veker på veg. Psykisk og fysisk har dette eigentleg gått ganske bra. Hadde nettopp fått vete at veninna mi var gravid også, so gleda over å gå gravide saman var stor! Og so skjedde altso SA i løpet av forrige helg... Fekk vete resultatet etter ein underlivs-UL. Ingenting i livmora. Mensen skulle kome same tid som blødningane byrja, so håpar at det har vore litt mens inni der òg. Det eg er veldig gira på no er å byrje og prøve att. Vil ha ei lita spire inni der igjen. So lenge formen er bra og blødningane er over, ser eg ingen grunn til å vente Har forresten ikkje kjent noko særlig til smerter desse dagane. Svak murring berre. Sambuar og eg hadde prøvd sidan juni (fjerna hormonspiral då) når eg no vart gravid, og må innrømme at eg stressa litt desse månadene. Er berre so ufatteleg klar for mammarolla! Men, denne gongen vil eg gjere so godt eg kan for å unngå å stresse. Vil at kosen i senga skal vere naturlig So lurer på kva eg skal finne på om dagane. Er sjukmeldt 100% pga. sjukdom, so er stort sett heime dagen lang. Har ein del bøker liggande, kanskje det vert min nye hobby? Eg meldte meg inn her for å høyre på andre sine erfaringar, so tilbakemeldingar vil eg ha Ja, dette var mi historie. Helsing ei som har so utruleg lyst på ein liten bebis!
Teita Skrevet 5. mars 2011 #2 Skrevet 5. mars 2011 Uff! Håper det går bra med deg SA er ikke gøy! Men nå vet du ihvertfall at du kan bli gravid, og det sies jo at etter en SA er det lettere å bli gravid igjen. Så bare stå på! LYKKE TIL!
Minimus Skrevet 5. mars 2011 Forfatter #3 Skrevet 5. mars 2011 Tusen takk Ja, no veit eg heldigvis at me får det til iallefall. Har faktisk lese at det er lettare å bli gravid etter SA (veit du kvifor?), so er sjølvsagt veldig optimistisk og trur på det No er eg heilt klar til å byrje med både prøving og kosing igjen, hihi. Gler meg stort til å høyre: "Ja, den er klart positiv." igjen! Håpar eg vert gravid veeeldig snart. Sånn, i løpet av denne månaden. Snufs, saknar kjensla av å vere gravid. Har dei siste åra vore veldig fokusert på slank kropp, men no når eg vart gravid var det nesten noko magisk som skjedde Eg såg/ser kjempemykje fram til å få vise fine, gravide magen, og om eg legg på meg nokre kilo so kjenner eg meg veldig avslappa til det. Fri og letta, rett og slett! Fantastisk herleg. Ha ei fin helg alle saman
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå