Gjest Anonymous Skrevet 27. oktober 2003 #1 Skrevet 27. oktober 2003 Trenger litt hjelp til en oppgave, og siden det er så mange kloke hoder her så spør jeg Det handler om Moses Skal fortelle om hans oppvekst-kallet han fikk-folkeføreren og de ti bud Trenger bare litt hjelp for å komme i gang :oops:
Pip Skrevet 27. oktober 2003 #2 Skrevet 27. oktober 2003 Ehh... kva er det du treng hjelp med? Starten: Moses vart fødd av israelske foreldre, medan israelittane var slavar i Egypt, og alle gutebarn dei fødde vart drepne av egyptarane. Moses overlevde vha. to listige israelske jordmødre, ei sivkorg og den egyptiske prinsessa... Det er starten... Historia om Moses kan du lese i 2. mosebok i Bibelen... Kanskje eg kan hjelpe deg, viss du seier meir spesifikt kva det er du treng?
Gjest Anonymous Skrevet 27. oktober 2003 #3 Skrevet 27. oktober 2003 Hmm, ja trenger hjelp til å fortelle om oppveksten hans, det kallet han fikk, folkeføreren Moses og om de ti bud Jesus gav til han. Det er til min datter og hun synes det er veldig vanskelig å forstå måten det er fortalt på i Bibelen. Det er en oppgave som skal legges frem for klassen. Men kom på at jeg har barne bibelen og der stod det lettere fortalt. Så hvis noen kan fortelle litt i korte trekk om dette, hadde det vært til stor hjelp. Skal prøve å hjelpe henne litt på vei.
Pip Skrevet 27. oktober 2003 #4 Skrevet 27. oktober 2003 Oki! Her kjem ein kortversjon (kanskje...): Situasjonen då han vart fødd skreiv eg litt om. Altså, mora batt ei korg av siv som ho la han i, og gjekk så ned til Nilen og la han inni sivet, så han ikkje skulle bli oppdaga. Storesøstra hans, Miriam, stod og følgde med på korleis det gjekk med han. Dotter til Farao kom for å bade, ho oppdaga korga, og fann Moses. Ho tykte han var så nydeleg at ho adopterte han - men først måtte han ha ei amme. Då spratt Miriam fram og tilbydde seg å finne ei, og han fekk såleis vere med mora si til han var avvendt. Deretter vaks han opp i Faraos palass. Egyptarane (som Farao var leiar for) styrte israelittane (slavane deira) med jernhand. Slavedrivarane var rå, og ein dag Moses såg kor urettvist ein israelitt vart behandla av ein 'bajas' av ein slavedrivar, rauk han på slavedrivaren, og drap han! Dette var ikkje bra, så Moses gøymde liket, og lot som ingeting. Nokon hadde likevel sett det, og det var nok til at Moses måtte rømme vekk, for ikkje å få ei grusom straff. Moses slo seg ned saman med nokre bønder langt vekke frå Farao. Han fekk seg ei kone der, og jobba som sauegjetar. Ein dag han gjette sauene, såg han ein tornebusk som stod i full fyr. Han tykte dette var svært rart, for busken brann ikkje opp! Han gjekk bort, og då tala Gud til han frå busken - fortalde at folket til Moses (isralesfolket) hadde det så vondt i Egypt at Gud ville redde dei ut derfrå. Men til dette måtte han ha ein mann som kunne leie folket, og som kunne overtyde Farao til å la dei reise ut frå landet (dei var jo slavar, utan rettar). Gud hadde sett seg ut Moses. Moses protesterte - han meinte han var for ung, for dårleg til å snakke for seg (han stamma) etc. Men Gud sa at broren, Aron, skulle tale dei orda Gud gav Moses. Til slutt gjekk Moses med på det. Etter mykje om og men (dei to plagene etc.) fekk folket fare ut frå Egypt. Moses leia dei òg gjennom ørkenen i mange år. I løpet av desse åra vart det behov for klare reglar for korleis folket skulle leve - dei vart jo fleire og fleire, og Moses kunne ikkje lenger ta seg av kvar einskild sak. Gud talte då til Moses og bad han kome opp på toppen av Sinai, eit høgt fjell. Moses gjekk opp, og der tala Gud til han, og gav han to steintavler - ei med dei tre første boda på, og ei med dei 7 siste. (Dei tre første var om korleis msk. skulle oppføre seg mot Gud, dei sju siste om korleis dei skulle oppføre seg mot kvarandre.) Puh. Var dette noko av det du trengde??
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå