Gjest Gerd Skrevet 28. november 2010 #1 Skrevet 28. november 2010 Eg har ei jente på snart 12, og ho har vel det ein kan kalle "vanleg samvær" med faren sin. Eg har vore heimeværande i fleir år pga sjukdom. (Psykisk). Far jobbar skift, 4 veker jobb, 2 veker fri. I jobbeperiden har han både dag-ettermiddag-nattskift. Så han kan ha ho sånn ca ein dag i veka, han vil ikkje ha ho meir, og 3 av 6 helger av turnusen sin, sjøl om det så klart ikkje blir annankvar helg. Men det er greit for meg så lenge me har like mange helger i løpet av turnusen. Men... et av problema er at han syns han kan bytte om på avtalte samværsdagar akkurat som det passar han, gjer som oftast beskjed dagen før el samma dagen... Dette har eg klaga på, fordi eg syns det blir veldig uforutsigbart for både dottera mi og meg. Han syns ikkje det e noko problem, for eg "e jo bare heime", og bør kunne bytte om på dagar uten å "gjera nokon sak" ut a det. Eg har jo den daglege omsorgen, og han meiner det e min plikt når han må "melde avbud". Han syns bare eg e vanskeleg. Sånn som høst, jul, vinter, og påskeferier, blir ikkje delt viss det ikkje passar med jobben hans. Og kan han få ekstra jobbing, sier han bare ja uten å spørre meg, sjøl om det er "hans dagar". Han kan jo ikke sei nei, sier han, for det e så godt betalt å jobbe ekstra.. Joa, eg ser den, men likevel.... :-( Men nå te det største problemet: SOMMARFERIEN. :-( Den evige krangelen hvert år.. Han vil IKKJE ha ho 14 dagar sammanhengande i løpet a hennes ferie på 8 veker. Da sier han bare "skal eg ikkje få ferie om sommaren eg da?" Er det ikkje ferie å væra sammen med barnet sitt?? Eg greidde å få krangla meg te 9 dagar sist sommar, men det va utruleg mykje om og men, og spørsmål om bytting i løpet a dei 9 dagane. Eg sier at dei fleste som har vanleg samvær har barna sine opp te 3 veker sammenhengande på sommaren, men han kjenner INGEN som har det.. Så det meiner han ikkje e vanleg. Han skal snart bytte jobb, så derfor kom ønsket mitt opp om 3 veker.. Men 2 eller 3 veker e heilt uaktuelt, fordi han har lest ein stad at han ikkje har nokon plikt te å ha ho. Kunne ønske meg litt ferie uten henne eg au, blir jo sliten, sjøl om eg "bare e heime". Min plan e å væra i Tyrkia 8 veker te sommaren, men prøve å legge det opp slike at han kunne ha ho da 2-3 veker sammenhengande, fordi han syns det va lenge uten å sjå ho. (og det e jo forståeleg). Men når han nektar å ha ho meir enn vanleg samvær, har eg sagt at eg tek ho med, og me blir i 8 veker. Dette kan eg IKKJE gjera, sier han. Kan eg ikkje gjera det?? Vil bare også sei, te hans forsvar, at han e kjempeflink med ho når han har ho, og følger godt med i forhold te skule og fritidsaktiviteter. (viss det passar med jobben) Så det ska han absolutt ha skryt for. Ønskar synspunkter på dette.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå