Gå til innhold

Vil dele moromme historier med dere


Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Vi har fått en ny ped leder i bhg til minsten, og han er så utrolig flink å skrive "dagen i dag", at jeg syns dere skal få lese litt. Jeg klipper og limer litt her :)

"Etterpå fann vi fram trampolinen og øvde på å stå i kø, noko som i framtida vil utgjere store delar av deira vaksne liv. Av andre aktivitetar som kan nemnast så har vi fargelagt trollet og/eller dei tre Bukkane Bruse, som er det aktuelle eventyret for veka."

"Som ein kontrast til i går har dagen i dag vore høgst ordinær. 4åringane har vore på og deltatt i Blekkulf-gruppa. Der har dei arbeidd med temaet haust. Vi andre har i hovudsak vore ute eller så har vi sove, gjerne litt av begge deler. Inne har vi hoppa på trampolinen og putta husdyr (av den ikkje-levande sorten) i duplobilar. Her har det vore esel i politibil og gris i stasjonsvogn".

"Syklar er i vinden som aldri før, og i vente av babydisser klamrar vi oss fast, så godt vi kan, til dei dissene vi har. Klatring er eit hasardiøst prosjekt, så dei fleste nøyer seg med å observere barna på den andre avdelinga. I dag har det tydelegvis vore eit godt fiskevêr, for det har vore mykje aktivitet i skuta vår, og større fiskar har ein knapt sett i barnehagen. Når sola bit seg fast kan det vere lurt å ta seg ein kvil på benken med eit glas vatn, ark og fargeblyant. Andre på si side er meir jordnære og held seg på asfalten med kritt i alle (u)tenkelege fargar".

"Som vanleg når det regnar går det mykje i bøtter og spadar. Ein er ikkje blitt einige i kva som skal gjerast med søla som blir produsert (vi snakkar om eit par årsverk i søle), men den skal visst lindre alle formar for sjukdom og plager. Babydissene er på plass og desse skal prøvast av babyar i alle aldrar. Det at underteikna ikkje får plass skuldast nok kommunen".

"Av uviss grunn er det blitt fargelagt eit par dusin kyllingar i dag. Heldigvis var desse kyllingane av typen ein finn på ark og ikkje hjå Prior. Sidan det har vore relativt fint haustvêr i dag, har det vore mest utetid".

"Bli-kjendtur - Part Deux. Vi har vandra langs vegen til ***** skole og utforska stien bak skulen. Her samla vi inn fine og fargerike haustlauv (høstløv), slik at borna har mat til vinteren. Det har regna mykje i det siste og det har gjort til at det er ekstra kjekt å gå i grøftekanten. Om ettermiddagen vart det sol i barnehagen og syklane blei halt ut av skuret".

"Vi har vore mest ute i dag, sidan det har vore fint vêr og borna gjerne ville oppleve siste rest av snø. Sidan asfalten stort sett var fri for snø har det vore mykje sykling. Andre har vore i trappa eller ved leikehuset og laga mat av isvatnet som var igjen. Dette blanda med sand frå sandkassa har gitt oss fantastiske og utsøkt kulinariske opplevingar. Det har vore stor trafikk mellom leikehuset og plattingen utanfor avdelinga sidan det var minst ein butikk ved kvart punkt. På eit tidspunkt var det ein iskrembutikk i trappa òg. Butikkane virka ikkje å vere rivaliserande, men snarare komplimenterande, sjølv om det gjekk mest i mat. I tillegg til dette har vi prøvd å hoppe i det som er av dammar, og gjerne kasta litt sølevatn ned sklia. Litt småstein i baken er vel triveleg når ein rutsjar ned den. Alt i alt ein fortreffeleg dag".

"I dag har vi vore på det som i utgangspunktet skulle vere den kortaste turen i verdshistoria. Det som skulle vere 15 minuttar i friluft, blei utvida til 45. Turen gjekk til leikeplassen som ligg omlag 75 meter frå barnehagen. Borna trudde kanskje dei leika, men det heile var ein øvelse i koordinasjon, balanse og generel grov-motorikk. I det borna fann ut at det faktisk eksisterte ei verd utanfor denne leikeplassen, og dei nysgjerrige sjelene sprang til alle kantar, blei flokken samla og sendt attende til barnehagen. Her i den grå og triste kvardagen, leika vi med det vi fann i skuret og sendte gjenstandane i tur og orden ned sklia".

"I frykt for at vêrgudane skulle gi jernet i dag, vart barnegruppa delt opp. Dei som, meir eller mindre, søv etter lunsj var ute på formiddagen, medan dei eldre var inne. Småfolket ute var stort sett borte med dissene eller prøvde seg i sklia, medan dei som var inne i hovudsak var borte på den andre avdelinga. Her var dei fyrst på kino, før det vart bestemt at ein skulle produsere pengar. Om dette er ulovleg avskriv eg meg eit kvart ansvar, dette var noko dei vaksne på M***** fann på. Vi som var trufaste til S*** sine lokalar var meir opptatt med å farglegge ulven og dei tre små grisane (eventyret for veka). Då forfalsknarane frå den andre avdelinga kom, gjekk leiken meir over til å omfatte dukker og ulike klesplagg. Andre gøymde seg heller bak sengane og lagde rare lydar".

Et lite utdrag. Jeg har sjeldent ledd så godt :)

Endret av Sophie-Ann
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Herlig :fnise:

Må jo bli glad av sånne infoskriv.

Skal jammen sende lenka til ei som jobber som ped. leder i barnehage. Kanskje hun får noen ideer.

Skrevet

Jeg har flere hvis dere vil lese mer. De blir bare bedre og bedre :)

Skrevet (endret)

"I tida etter lunsj var det hoppestrikk, hundetur og kaptein Sabeltann. I båten borte med dissene satt det tre Sabeltannar, og med tre kapteinar bak roret burde det vore kaos, men alle var einige i at det var lurast å køyre ned Ø****. Etter dette sang og dansa dei tre dagar til ende, før dei gjekk opp på haugen og feira jul som gitarspelande julenissar. Ringen vart slutta ved at dei returnerte til båten og lada spadane. Dei meir jordnære som spaserte den vesle plastikkhunden på fire hjul, var opptatt av om den kunne klatre i tre. Det kunne den ikkje. Heldigvis kunne den ligge i buskene og bjeffe. Hoppestrikk er hoppestrikk, ein svingar rundt på ein strikk og folk hoppar. Sært".

"I går som i dag har det vore ei todelt gruppe, hovudsakeleg fordi representantar frå M*** kom og trylla vekk samtlege av fireåringane. Kva desse har gjort i dag får ein nesten spørre dei om, eller lese om på M**** si oppslagstavle. Før dette skjedde hadde vi ei koseleg samlingsstund der B****** forfriska sansa våre med si fantastiske gitarspeling. Etter dette fekk kvart born kome fram for å spele gitar og synge ein sjølvvalt song. Borna spelte minste like vakkert som B*****. Om vi skulle få behov for å spele inn ei "best of"- samleplate, vil den inkludere songar som "Lille kakerlakk", "Lille pusekatt", "Nede på isen", "Pekefinger, hvor er du?" og ikkje minst "Smil og vær glad". Sistnemnte fekk vi i fleire utgåver, og vi ser for oss ein Dance/Dub Mix-versjon i framtida".

"Det har vore vått ute i dag, og det likar vi, og sidan Blekkulfane var på tur har vi hatt godt med plass. Graveprosjektet, som M***** har stelt i stand, held fram og det har vore "blautaskit" nok til å mette ein liten landsby. Syklane har til stadig gått i sirklar rundt på asfalten. I sandkassa har vi fått laga til eit midlertidig hamnebasseng, og ei rekkje meir eller mindre sjødyktige farty har trafikkert der i løpet av dagen. På grunn av dette har dissene og sklia opplevd ei redusert tilstrøyming og dalande popularitet. Dette er trist og vi vil ta det opp til vurdering.Det som kanskje kan oppfattast som ei positiv nyheit er at gitarspelinga ser ut til å ha fått meirsmak. I alle fall kunne ein observere heftig spadespeling og freestyle versjonar av "Pekefinger, hvor er du?". Kva ein kyssefinger er for noko er vi ikkje sikre på, men det er tydlegvis eit ustyrteleg morosamt ord å bruke.På førespurnad kan vi gjerne ta vare på litt "blautaskit" i tupperware-boksar eller noko, ein veit aldri når det kan kome godt med".

"I dag har det vore skikkeleg fint vêr, og det var ikkje reint få som såg halvdrukna ut i det dei kom i barnehagen. Ordtaket om at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede (vær/klær-relasjon) passar godt på ein dag som denne, men vi vel skulde på møteverksemd for at vi ikkje gjekk ut. På ein haustdag passar det dessutan med haustaktivitetar og E*** ville so gjerne bruke lamineringsmaskina. Som eit resultat av dette leika E*** og B**** med haustblad og lim, medan borna vaska gongen og badet. Dette er kanskje ikkje heilt sant, men Ø**** var på møte og vel å tru det føregjekk slik. Resultatet ser ein uansett på oppslagstavla i avdelinga".

"Seinare på dagen klarte B**** å finne gitaren igjen, og då er det ikkje rart at det gjekk mykje i doktorleik utover ettermiddagen. Vi har heldigvis to leikesett med stetoskop, sprøyter og liknande. "Herr/Lille Kakerlakk", "Smil og vær glad" og mange av dei folkekjære hitsa dundra gjennom veggen til pauserommet. Nokre born song på "Alle fugler små de er", men det var visst berre på tøys, for fuglane dei søv om vinteren. Bortsett frå kråka for den er dum. Når Ø**** ikkje hadde pause, møte eller surra rundt om, leika han tog inne på avdelinga (han skal til Geilo i helga og øver seg). Enkelte av borna ville vere med på det, og vi song "Nede på stasjonen" minst fleire gonger".

Endret av Sophie-Ann

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...