Gå til innhold

Kvalm, slapp og svimmel.


Anbefalte innlegg

Skrevet

På torsdagskveld begynte eg å føle meg slapp og svimmel. Tenkte at det kunne vere fordi eg hadde ete dårleg den dagen, at eg var svimmel fordi blodsukkeret mitt var relativt lågt. Det var på same måten på fredag, men då hadde eg i tillegg følelsen av eg skulle besvime heile dagen. Var også småkvalm/trøytt og hadde ein generell uvel følelse i kroppen. På laurdag, i går, var det for så vidt på samme måten. Var på konsert på fredagen, så blei "naturlegvis" nokre øl, så det var litt vanskeleg for meg å seie om eg framleis var dårleg i går eller om det berre var fyllesjuke. I dag føler eg meg litt betre. Føler ikkje at eg skal besvime slik som på fredagen, er berre litt uggen i kroppen.

Skriv ikkje det innlegget her fordi vi skal stille ei felles diagnose, slik at alt plutseleg skal vere fryd og gammen. "Gå til legen" tenkjer sikkert mange, men eg har ikkje mogelegheit til å reise dit før onsdag. Lurer på om nokon har opplevd liknande, eller veit kva som er gale?

Det eg reagerer på er at det kom så plutseleg. Har heller aldri vore slik før. Har jo sjølvsagt hatt influensa der ein kan få liknande symptom, men det er ikkje på same måten om de skjønar. Er litt redd og lurer på om det kan vere noko alvorleg.

Ellers kan det leggjast til at mora mi har lågt stoffskifte, og eg arvar "det meste" etter ho. Men det kan vel ikkje dukke opp så plutseleg? Tenkte også på om det kunne vere jernmangel, ettersom ein del i familien er plaga med dette. Var ferdig med mensen på onsdag, og eg blør ganske mykje, så det kan vel kanskje vere det? Samtidig har eg eit godt kosthald, så skulle jo tru eg får i meg nok jern.

Ettersom eg berre blir betre og betre kan det jo verke som at det går over. Men som sagt, lurer på om nokon har innspel å kome med.

Beklager for langt og litt rotete innlegg.

Skrevet

Som du skriver selv: gå til lege.

Jeg var både svimmel og kvalm før jeg fikk konstatert jernmangel og begynte å ta det.

Skrevet

Kan være mye forskjellig. Jernmangel, som det blir skrevet over, for eksempel. Eller kyssesyken, men da opplever du gjerne i tillegg flere symptomer. Grunnen til at jeg skriver nettopp det, er at jeg har det nå, og jeg opplevde å være svimmel, slapp og kvalm i en tid før sykdommen slo ordentlig ut.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...