Annie19 Skrevet 22. juli 2010 #1 Skrevet 22. juli 2010 Hei! Eg bur i ei leilegheit i Bergen sentrum, og den er så ekstremt støvete! Har budd i to andre leilegheiter før, men dei var ikkje i nærheita av å vere så støvete ein gong. Det raraste er at støvet er skikkeleg tynt og "syntetisk", ser på ein måte ikkje ekte ut. Det dannar seg svære hybelkaniner overalt i heile leilegheita på ein dag eller to, og eg må tørke støv på overflater kvar einaste dag. Dette er det sikkert mange som gjer, men eg er nødt, ettersom det ligg eit tjukt lag med støv der. (Det kanskje litt rare) spørsmålet er om nokon har tips til kva eg kan gjere? Om det i det heile teke er noko å gjere. Vindauga på soverommet står på gløtt heile tida, og har lurt litt på om det kan vere grunnen. Samtidig så står ikkje vindauga i stova opne, og der er det like mykje støv. Det er reagerar mest på er det at støvet ser så falskt ut. Vanskeleg å beskrive, men som sagt falskt og syntetisk. Nokon som har opplevd liknande? Er relativt plagsomt, ettersom klede, dukar, produkt på badehylla osb er kronisk nedstøva. Leilegheita er 40-50 kvadrat, om det skulle ha noko å seie. Helsing ho som bokstavleg talt har støv på hjernen
Gjest navnelapp Skrevet 22. juli 2010 #2 Skrevet 22. juli 2010 Det er vel sannsynlegvis asfaltstøv du får inn, det er litt seigt og rart i konsistensen. Du kan også sjekke om det er andre sprekkar i huset enn vindua. Viss det er eit gamalt hus kan det vere gissent, og det kan vere stubbloftsleire som isolasjon, som avgir eit utruleg tynt og fint støv. Stubbloftsleira ligg i taket og i golvet. finn du sprekker, så dytt glassvatt nedi, viss du får tak i det. (Bruk hanskar!)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå