Gå til innhold

Kvakseheimen


Fremhevede innlegg

Skrevet (endret)

Eg skal også ta historie til våren, Neala! Frå 1700-talet fram til i dag....med andre ord: det mest keisame (?) som finnast av historie...eg vil mykje heller lese om steinalderfolk og svartedaud! :Nikke:

Endret av Sequax
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Historie er eg usedvanleg dårleg i, så det tror eg ikkje er smart. Norsk munnleg derimot..... Har du noko samfaunnsfag, matte eller naturfag teg eg gjerne det.

Samfunnsfag, matte og naturfag er eg ferdig med. Heldigvis. Men har nokre teaterfag óg, om det fell i smak? Både teoretiske og praktiske.

Skrevet

Eg skal også ta historie til våren, Neala! Frå 1700-talet fram til i dag....med andre ord: det kjedelegaste (?) som finnast av historie...eg vil mykje heller lese om steinalderfolk og svartedaud! :Nikke:

Einig! Er det vidaregåande-pensum?

Skrevet

Ja, videregåande Vg3...

Eg tek opp fag så eg kan søkje på UiO til hausten.

Skrevet

Teaterfag... Då stryk du. :fnise:

:ler:

Eg skal nok komme meg forbi det. Ser fram til det vert ferie!

Ja, videregåande Vg3...Eg tek opp fag så eg kan søkje på UiO til hausten.

Kult, då har vi jo det same! Eg skal kunne denne boka. Zzzz...

Eg håper å komme meg gjennom dei faga som gjenstår, så eg får søkje høgskule til hausten. Er veldig ivrig etter å byrje studietida mi, så eg kan bli ferdig å kome meg i jobb. Har ein del fag, og teaterfaga anar eg ikkje korleis man tek eksamen i, i praksis. Så i morgon trur eg at eg må ringe rådgjevarane på den gamle skulen min, slik at eg kanskje kan få eit svar på det. Endar vel opp med dei eg hadde til lærarar, som sensorar. Greit og heilt forferdeleg på same tid! :redd:

Skrevet

Eg les denne:

Utgivelsesbilde

Historie Vg3

Fra 1700-tallet til i dag

Ivar Libæk, Øivind Stenersen, Asle Sveen og Svein A. Aastad

Språk/målform: Bokmål

ISBN: 9788202275143, Utgivelsesår: 2008, Innbinding: Innbundet m/trykt helbind, Nivå: Vg3

Skrevet

Haha! Tekniske Kvaksen! Utgivelsesbilde!!!!! :hoho:

Skrevet (endret)

:ler:

Eg spør her sjølv om du kanskje ikkje veit. Eg tok eksamen i spansk i andre klasse (vår 2010), strauk, og tok den på nytt hausten 2011. Frå hausten 2011 vart læreplanen endra, slik at dei og hadde framandspråk i tredjeklasse. Det hadde ikkje vi. Trur du eg må ta eksamen enda ein gong? :vetikke: For då døyr eg...

Edit: Har spurt rådgjevar, men eg skjønte aldeles ikkje kva ho meinte med svaret sitt. :balltre:

Endret av Neala
Skrevet

kjedelegaste (?)

Det heiter forresten "mest keisame" ;)

Skrevet

Det trur eg ikkje, sidan det var ein annan læreplan som gjaldt da du tok eksamen, men for å vere på den sikre sida, hadde eg skreve ein e-post til skulen! Eg forpester skulen "min" med e-post straks eg har eit spørsmål! :fnise:

Skrevet

Det heiter forresten "mest keisame" ;)

Takk! :kose:

Skrevet

:daane:

Kvar sender du den, då? Til ein rådgjevar? Eller?

Skrevet

Nei, eg sender han til administrasjonen på skulen, så får DEI vidaresende den til ein som faktisk kan svare!

Eg gruar meg til å lese om annan verdskrig... :sjenert: Hatar å lese om Hitler, Hitlerjugend og korleis dei lagde vegar av jødeaske i konsentrasjonsleira. :spy:

Så ein grusam film her om dagen: the boy in the striped pajamas....føkk,ass...

Skrevet

Ei banan?! :bond::skratte:

...men det heter jo ei penn, da :sjenert: og EN hamster! :opplyser:

Skrevet

Den filmen hadde eg aldri orka å se etter eg fekk born. :tristbla:

Skrevet

Kva skreiv ho då? Eg kan tolke!

Har det ikkje på mail, skjønar du. Snakka om det då eg var hos ho i fjor, like etter N vart fødd.

Men det verka ikkje som ho var heilt sikker. Det som gjer meg usikker er at no er jo ikkje eg ein del av det kullet som gjekk ut våren 2011, så kanskje det kan ha innverknad på om eg er nøydd til å ta framandspråk? Skal nok gå heilt greit, altså, men det hadde vore greitt å sleppe!

Nei, eg sender han til administrasjonen på skulen, så får DEI vidaresende den til ein som faktisk kan svare! Eg gruar meg til å lese om annan verdskrig... :sjenert: Hatar å lese om Hitler, Hitlerjugend og korleis dei lagde vegar av jødeaske i konsentrasjonsleira. :spy:Så ein grusam film her om dagen: the boy in the striped pajamas....føkk,ass...

Ja, då får eg gjere det. Hjelp til å formulere? Ja, takk. Eg lurer på det der, og så lurer eg på korleis det fungerar med desse teaterfaga. Eg prøvde å sjå om eg kunne finne datoar for eksamen på udir.no, men der fann eg kun hovedmål og sidemål. Og det er jo berre ein liten del av alle eg skal ta :fnise:

Gruer meg til å lesa om det eg óg... :sukk:

Skrevet

Neala: (skriver bokmål for å kunne formulere meg riktig, nå...:fnise:)

Du kan skrive noe slikt som:

"Hei! Jeg skal ta opp x og x til våren. Tidligere har jeg x karakter i dette faget, men eksamen ble tatt under forrige læreplan. Gjelder denne fremdeles, eller må jeg ta den opp igjen?

Jeg skal også ta opp teaterfagene til våren, og her syns jeg Udir har en noe forvirrende framstilling. Kan dere si meg hvordan jeg skal gå fram for å ta eksamen i disse fagene?"

Noe sånt? :)

Skrevet

God ettermiddag, godtfolk!

Eg hadde er herleg draum i natt.... :rodmer: . En heit ein......:lur:

Mer seier eg ikkje! :ler:

:sexy:

Elskar de ikkje berre desse draumane som gjer at ein føler seg spesiell og sååå vakker? Av ein eller anna grunn er eg alltid rykande heit og ubeskriveleg skjønn i desse draumane! :ler:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...