Alsana Skrevet 5. april 2010 #1 Del Skrevet 5. april 2010 Hei! Skal kjøpe ny symaskin, men klarer ikkje bestemme meg. Har funne ut at det står mellom Janome Easy Jeans eller Husqvarna Viking Emerald 183, evt. Janome DC 4100, men då må eg ha ein verkeleg god grunn! Prisane er respektive 4000, 5000 og 6000. Eg har veldig dårlege erfaringar med å sy på dårlege maskiner, og vil gjerne ha ei maskin som rett og slett berre fungerer. Det hadde vore greitt om maskina varte ei stund, og at eg ikkje veks ut av ho med ein gong. Eg syr ikkje mykje, hovudsakleg fordi eg ikkje har ei symaskin. Ser at Easy Jeans er mykje anbefalt, og per i dag hadde den nok passa mine syferdigheiter godt. Men eg kan godt sjå for meg at eg vil sy litt meir enn gjennomsnitt, eg strikkar mykje og er elles litt handarbeidsorientert av meg. Har tenkt at det ikkje er så naudsynt med alle ekstrafinessene til 183, men når det er snakk om ein tusenlapp så er jo ikkje det så mykje. Det eg har høyrd er at det er vanskeleg å få service på Husqvarnamaskiner, stemmer dette? Janome har tydelegvis eit godt rykte, og eg vil heller ha ei litt mindre avansert maskin og då heller få hjelp til å fikse ho når (ja, når! Slik er mi symaskinoptimisme.) det er noko gale. Eg trur eg kunne hatt bruk for ein overtransportør, er det dette på 183? Er så ny på sying at eg ikkje skjønar kva det er på engelsk. Går det an å få det som ekstrautstyr på Easy Jeans? Eg har heller aldri prøvd ei elektronisk maskin før, og kjenner at eg er litt skeptisk, utan at eg heilt kan forklare dette! Det er vel noko med at om ho døyr, så er ho verkeleg daud utan moglegheit til å reparere. Skal dra og sjå på symaskinene i ein butikk i morgon, men litt tips og råd mottek eg gjerne på vegen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Concertina Skrevet 5. april 2010 #2 Del Skrevet 5. april 2010 (endret) Jeg endte opp med Janome DC4100 da jeg skulle kjøpe maskin for et år siden, jeg skulle bruke rundt 5000 kr, jeg ville ha en elektronisk maskin siden det er det jeg er vokst opp med - elektroniske maskiner er ikke noe nymotens fenomen, min mor har en Husqvarna fra 1989 som er elektronisk og den går som en klokke, hun har service på den to ganger elns, og hun syr *mye*. Det jeg liker med DC4100 er bla. at den er enkel å bruke, lett å tre, syr pent og ikke minst fest-tråden-knappen (et must om man skal applikere spør du meg). Jeg valgte en maskin litt over mitt behov for å være sikker på at jeg hadde noe å vokse i. Antall sømmer var jeg litt opptatt av, men strengt tatt er det ikke akkurat viktig, jeg bruker hovedsaklig rett søm/sikksakk/elastisk søm. Det er begrenset hvor mye pyntesømmer man egentlig bruker Jeg valgte DC4100 i stedenfor 183 fordi jeg leste om så mange som var fornøyde, i tillegg så legger visstnok Husqvarna om produksjonen sin av de rimeligere maskinene (som ikke produseres i Sverige) slik at det ikke vil bli like enkelt å få tak i reservedeler etc. (hadde jeg hatt flust med penger slik at jeg hadde hatt råd til en svensk Husqvarna så hadde jeg nok kjøpt det siden jeg er vant til Husqvarna). Det er ikke overtransportør på 183, regner med du kan kjøpe det til. Både Easy Jeans og DC4100 kan du kjøpe det til, koster vel 4-500 kr. Jeg har ikke savnet det, har aldri sydd med overtransportør, men regner med å kjøpe det i løpet av sommeren siden jeg planlegger å sy endel i tyngre stoffer med flere lag. Skal du ha innebygget overtransportør så må du opp en prisklasse eller to. ...jeg ville valgt 183 framfor Easy Jeans, rett og slett fordi jeg foretrekker en elektronisk maskin, og det er mange som er fornøyde med den og Endret 9. september 2010 av Concertina Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alsana Skrevet 5. april 2010 Forfatter #3 Del Skrevet 5. april 2010 Sånn, no har eg registrert meg på Sykroken. Må vente eit døgn før eg kan lese resten av forumet, det passar ikkje bra for ein som er så utolmodig som meg! No fekk eg litt lyst på DC4100, eg. Hehe. Eg er lett å selje til. Men såg at sysiden.no ikkje hadde den inne akkurat no, typisk! Har helst lyst til å få maskina i hus så fort som mogleg. Synst pyntesaumane til 183 var litt finare, då. Men, det er jo ikkje det ein treng mest, som du seier! Så 183 er altså ein av dei maskinene som ikkje blir produsert i Sverige? Det er jo verkeleg litt urovekkjande det med reservedelane som kan bli eit problem i framtida. Eg merker at eg heller litt meir mot elektronisk og dei moglegheitane ein kan få med ei slik maskin. Er litt redd for å angre på at eg ikkje like godt slo til og kjøpte ei maskin som kunne litt meir. Denne maskina skal eg jo ha lenge, i alle fall er det det som er planen. Eg skal sjølvsagt ikkje spørre deg om kva du ville ha valgt av 183 og DC4100 sidan svaret gjev seg litt sjølv. Er det ein god brukarmanual til maskina di? Trur ikkje det blir så mykje sykurs på meg, så eg kjem nok helst til å pusle med det sjølv. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alsana Skrevet 5. april 2010 Forfatter #4 Del Skrevet 5. april 2010 (endret) Dobbelpost ... Endret 5. april 2010 av Alsana Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Concertina Skrevet 5. april 2010 #5 Del Skrevet 5. april 2010 183 er produsert i Kina, tror du må opp en drøy prisklasse (7-8-9000 kr-klassen) før du får de som er svenske. Om det virkelig er sant at det er problemer med reservedeler har jeg jo bare selgeren på den lokale sysjappas ord på da, men Husqvarna er visst samme konsern som Elna og Singer så de skal visst samprodusere mer i framtiden hvis jeg forstått det rett... Synes brukemanualen er super, jeg har alltid funnet svar på det jeg har trengt, i tillegg så anbefaler jeg Sykroken hvis du trenger svar på noe! Der er det alltids noen som kan hjelpe (innehaveren av sysiden.no er også aktiv på forumet og svarer kjapt om du lurer på noe!). Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alsana Skrevet 6. april 2010 Forfatter #6 Del Skrevet 6. april 2010 I dag var eg innom sybutikken og kikka på maskiner. Dei hadde ikkje DC4100 inne, noko eg vart litt lei for - hadde så lyst til å sjå og teste den. Dei hadde heller ikkje 183 inne, men derimot 203, som dama sa skulle ta over for 183. Dei skulle heller ikkje bestille inn fleire 183. Det som var saka var at dei har venta kjempelenge på å få inn DC4100, dei har folk som har stått på venteliste sidan i haust ... Ho sa at dei skulle kome inn no etter påske, men eg er altså litt utolmodig av meg og eg veit ikkje heilt om eg tør å stole på at dei faktisk kjem snart når det har gått så lang tid. Dama i butikken tok seg god tid og viste meg diverse saumar og snakka og svarte på spørsmål, og no har eg sjølvsagt endt opp med å tenkje på 203 i staden. 203 kosta 6500 i butikken, men på symaskiner.no kostar den 6000. Det har ikkje noko å seie for meg å ha den fysiske butikken i nærleiken då eg uansett snart skal flytte. Og til 203 følgjer det faktisk med overtransportør (pluss eit lite sybord som ein fester på sida). I tillegg har den to alfabetfontar og ikkje ein slik som 183, og så har den fleire saumar. Så om eg kjøper DC4100 med sykrokrabatt og legg på ein overtransportør så blir det jo cirka same pris likevel. Eg har også planar om å sy litt tjukke stofflag og tenkjer kvifor gjere livet vanskelegeare for seg sjølv. Sysiden.no skal forresten få inn DC4100 veldig snart, dei trudde at dei kom på lager i morgon. Det var jo altså slik ein skilnad frå dei andre maskinene eg har brukt at eg nesten ikkje kan tru at det var ei symaskin. Ikkje bråka ho, ikkje tulla ho, ikkje surra ho saman stoffet til ein liten klump medan ho lo høgt ... Det verka rett og slett veldig enkelt og kjekt. Og eg tenkjer som så at eg kanskje blir nøgd uansett kva eg veljer når det er så stor skilnad frå det eg er vand med. Uff, det er litt vanskeleg når eg helst ville hatt maskina i hus i går! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
miss_stjerne Skrevet 6. april 2010 #7 Del Skrevet 6. april 2010 Jeg får janome easy jeans i bursdagsgave nå, så venter bare på at de skal ringe fra butikken og si den er kommet inn igjen, er som deg TS svært utolmodig og vil komme igang! Jeg valgte easy jeans fordi den ikke er elektronisk. Jeg er mest vant med det og foretrekker det. Jeg tenker at den kanskje er enklest å fikse på om noe går i stykker, men det er ikke sikkert det stemmer. Jeg har sydd litt vesker og "småplukk" frem til nå, hadde en gammel maskin, men skal begynne å sy klær når jeg får den nye!!! GLEDER MEG! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alsana Skrevet 7. april 2010 Forfatter #8 Del Skrevet 7. april 2010 Så spennande! Då er vi to som går og venter. Eg tinga akkurat ein 203 ... så no er det gjort, ingen veg attende! Eg får også med ein liten pakke med diverse syutstyr, perfekt for meg som ikkje har noko som helst. Så då får eg berre gjere meg klar, vaske stoffa eg har kjøpt inn, og prøve å lese meg opp litt til. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alsana Skrevet 7. april 2010 Forfatter #9 Del Skrevet 7. april 2010 Så spennande! Då er vi to som går og venter. Eg tinga akkurat ein 203 ... så no er det gjort, ingen veg attende! Eg får også med ein liten pakke med diverse syutstyr, perfekt for meg som ikkje har noko som helst. Så då får eg berre gjere meg klar, vaske stoffa eg har kjøpt inn, og prøve å lese meg opp litt til. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå