Alsana Skrevet 11. september 2009 #1 Skrevet 11. september 2009 (endret) Hei! Eg tenkte å kjøpe ny mobiltelefon, men har endt opp med å bli heilt fullstending overvelda av alle telefonane som finst. Eg veit kva eg vil ha, men får på ein måte ikkje heilt full klaff. Mine kriteria: Pris: Maks 1500 kr Uten abonnement Gode tastar til å sende SMS Lav SAR-verdi Radio Ordliste med moglegheit for å leggje inn eigne ord God og logisk meny God batterikapasitet Kamera må gjerne vere med, men det treng ikkje å vere veldig bra. Har ein iPod, så treng ikkje eigentleg ein god mp3-spelar på telefonen også. Greitt å kunne sjekke e-posten når eg er på tur, men vil neppe surfe mykje. Hadde ein SE K700i før den telefonen eg har no, og var så nøgd med den (heilt til den fekk vatnskade). Der kom det opp bilete av den som ringte og sendte melding, og ein kunne leggje til forskjellige ringetonar til ulike kontakter. Min SE T250i som eg har no er eg så frustrert og lei av. Batteriet døyr utan grunn eit par gongar i månaden, ordlista er heilt idiotisk (gjer det mellom anna vanskeleg å skrive nynorsk, og eg må som regel taste inn kvar bokstav i halve meldinga), og det er så mange ulogiske måtar å gjere ting på. Var som sagt nøgd med min forrige SE, og vil gjerne ha ein igjen, men ser at dei aller fleste telefonane frå SE har høg SAR-verdi og vil gjerne unngå det for sikkerheits skuld. Har sett på SE G502 som verkar bra til mitt bruk med unntak av SAR-verdien. Så har eg sett på W205 som eg også er positiv til. Av Nokia-modellar har eg vurdert 3110, 3120, 5310 og 6300. Men, eg synest ikkje Nokiatelefonane er så fine ... Har lest mange testar, men det er alltid eitt eller anna som ikkje er heilt som det skal vere. Mange av telefonane eg har sett på har jo også begynt å bli litt gamle, har det noko å seie eller? Er ikkje så oppteken av å ha det nyaste, men vil jo gjerne at det skal fungere greitt også. Det skal ikkje vere lett! Er sjølvsagt open for forslag til andre merker også. Viktigast av alt er at telefonen fungerer som han skal, eg er lei av å ikkje vite om telefonen min vil vere på når eg treng han. Er det nokon som har nokre anbefalingar? På førehand takk. Endret 11. september 2009 av Alsana
feuerstein Skrevet 12. september 2009 #2 Skrevet 12. september 2009 Til så lav pris er utvalget nokså begrenset. Tror Nokia generelt skal være gode på SAR, i den grad det er noe å bry seg om, i tillegg er menystrukturen hvertfall etter mitt syn veldig god.
Alsana Skrevet 12. september 2009 Forfatter #3 Skrevet 12. september 2009 Takk for svar! Var og trykka litt på telefonar i diverse butikkar i dag, men falt ikkje heilt for Nokia. Hadde tenkt å slå meg til ro med SE G502, men trykkskjermtelefonane har murra litt i bakhovudet heile tida. Kom så over ein brukt LG KU990 til ein billig penge, og då var det gjort!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå