Gå til innhold

TALE!


Gjest Talen til min kjære!

Anbefalte innlegg

Gjest Talen til min kjære!
Skrevet

KAN EG HA TALEN MIN SÅNN? Blir det teit? Noke som manglar? Konstruktiv kritikk blir motteke med STOR TAKK! :o)

Kjære ______

Endelig er den store dagen her. ENDELIG! Den som eg har planlagt i 27 år. Eg har hatt so mange tankar og forventningar om korleis den skal vere, men so langt har det her vore so uendelig mykje meir enn eg kunne fantasert om oppe i hovudet mitt. På ein positiv måte, sjølvsagt! Og til alle dåke som har møtt opp for å feire dagen ilag med oss: TUSEN, TUSEN TAKK! Det betyr utrulig mykje, og eg sette stor pris på det!

Eg har lyst å takke familien min heime. Spesielt mammaen min: Tusen hjarteleg takk for at du alltid har tatt så godt vare på meg, og at du fortsatt gjere det. Du har alltid sett andre sine behov framfor dine eigne, noke vi alle har fått merke spesielt dei siste åra. Eg har hatt ein fantastisk barndom på ______, og kjem ikkje på ein einaste negativ ting. Vi har vore gjennom ei beinhard tid dei siste åra, og i dag er det virkelig ingenting eg heller skulle ønske enn at pappa kunne ført meg opp kirkegolvet, men eg veit at han sitte og ser på oss frå ei sky på himmelen, og at han han ville vore uendeleg stolt og fornøgd! Han vil leve vidare med oss kvar einaste dag for alltid, og eg er så glad for at han rakk og bli kjent med sin fantastiske svigersønn!

Svigerforeldre – ____ og _____! Eg har følt meg velkommen hos dåke frå dag èin. Dåke tok i mot meg på ein fantastisk måte. Dåkehar jo oppdatt min kjære, det har nok sikkert ikkje vore like lett alltid, men dåke har skjøtta oppgåva på ein super måte! Visst vi trenge råd og hjelp når det gjelde barneoppdragelse veit iallfall eg kor vi kan spør oss til råds!

So til min fantastiske, kjære ______! For fem år sidan, hadde ikkje eg trudd at det var deg eg skulle gifte meg med, og eg hadde blånekta visst nokon hadde spurt om det var noko mellom oss. Eg veit at motstand e bra i eit forhold, og at ein sikkert blir sterk av det, men kanskje fekk du litt for mykje då vi berre var i startgropa av forholdet vårt. I dag e eg utrulig glad for at du ikkje ga deg. Du mobiliserte alt for å få meg, men eg kriga i mot heilt til eg skjønte at slaget faktsik var tapt, og eg berre måtte innsjå at eg var stupforelska. I ein gut frå ______, liksom

Det har sida den dagen i mai 2003 berre vedvart, og det kjem det til å gjere heile livet. Det er eg heilt sikker på. Eg har virkelig funne drømmemannen som utfylle meg på kryss og tvers. Du e den impulsive, som handla først og av og til tenke etterpå. Eg må alltid vurdere, diskutere og tenke nøye gjennom ting først. Eg har nok berre godt av å vere litt meir crazy.

Uansett finst da ikkje nok ord til å beskrive deg. Då pappa døydde brått for godt to år sida var du ei betre støtte enn nokon noken gong vil forstå! Visst det er sant at alle saman må gjennom ei såkalla ”ildprøve” må vår ildprøve ha vore akkurat det. Vi har vist at vi kom oss heilskinna ut frå det, og eg e heilt sikker på at vi kan komme oss gjennom kva som helst!

15. oktober 2008 kom ”gullet hem” til oss. Sjølv om det ikkje gjekk så bra for Brann det året, fekk vi eit mykje større gull! _____ e utan tvil pappa sin augestein, og han e utrulig heldig som har fått verdas flinkaste og beste pappa! Det blir spennande og sjå om ______ blir ein like ”habil” fotballspelar som sin far, men han skulle i allfall ha genene i orden :o)

Saman skal vi få mange, mange fine år saman. Vi kjem sikkert til å møte motgang i framtida òg, men eg veit det skal gå bra. Du utstråla ei positivitet og trygghet som eg virkelig misunna. Eg veit at eg e trygg hos deg. Ord blir så små når eg skal prøve og forklare min følelsar, men eg avsluttar med å bruke dei tre orda som kanskje er litt slitte, men som betyr så uendeleg mykje: Eg elskar deg!

Videoannonse
Annonse
Gjest Gjest_gjest_*
Skrevet

Veldig fin og personlig tale, virker ikke som du mangler noe. Fare for litt snufsing blant gjestene kanskje :cry3:

Skrevet

Fare for litt snufsing blant bruda òg.. Huff! *øve*

Skrevet

Fin tale! :)

Hadde jeg vært deg, hadde jeg valgt en annen åpning enn at du har planlagt denne dagen i 27 år. Det virker litt vel bridezillah, synes jeg. Kanskje heller flette inn noe underveis om at det er en dag dere har planlagt lenge? Bare et forslag, altså.

Skrevet

Tusen takk for tips ;) Las gjennom talen ein gang til - og ja ;) Sjøl om eg har tenkt på den dagen her i maany years, kan d kanskje høyres ut som om han ikkje har vore med i planlegginga!

Skrevet

Nydelig tale :)

Men bare for å pirke litt, så ville jeg ikke sakt svigerforeldre og så navnene deres men bare startet med og si f.eks, Ola og Kari! Eg har følt meg velkommen hos dåke frå dag ein.

Lykke til med talen :)

Skrevet

Ikke kjenner jeg dere, ikke kjenner jeg foreldre og gjester. Men triller tårene? JA!!

Nydelig skrevet, alt sammen! :)

Skrevet

Veldig fin! LYKKE TIL =)

Skrevet

Flott tale! Nydelig!

Enig med det at om å ha planlagt dagen i 27 år, men du kan jo bytte ut ordet og si dagen du har drømt om i 27 år.. :)

Og, hvis jeg skal sette finger på en ting i teksten, så er det denne setningen:

Eg har hatt ein fantastisk barndom på ______, og kjem ikkje på ein einaste negativ ting.

Tror det er mer effektfult enten kutte den delen etter komma, eller vende på det å si at du kun har med deg positive minner.. For når du sier at du ikke kommer på en eneste negativ ting så virker det litt som om det er forutsentningen.. Men, det blir jo egentlig bare pirk ;)

Lykke til :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...