Gå til innhold

Talen min kjære holdt...


Anbefalte innlegg

Gjest Gjest_Elisabeth_*
Skrevet

Første lørdagen i november gifter vi oss, jeg visste min kjære var en habil person i sosiale sammenhenger, men ikke at han kunne skrive så nydelige taler. Så jeg tenkte jeg ville dele den med dere ord for ord, direkte fra bryllupsvideoen :)

Kjære Elisabeth, eller min kjære Elsie.

Fyrst av alt må eg få lov å seie at kvar dag vi har vore saman har du vorte vakrare og vakrare. Ikkje berre på utsida, men også etter kvart som eg har lært deg å kjenna betre har eg innsett kvar fantastisk priviligert eg er som får vere saman med ei kvinne som deg.

I dag ved alteret skjønte eg verkeleg at du er den som komplementerer livet mitt, på godt og vondt.

Kjære Trude og Frode, kjære Mamma og Pappa, sysken, besteforeldre, tantar, onklar, vener og alle andre som er her i dag. Tusen takk for at de vil dele denne fantastisk store og flotte dagen saman med oss. Særskild takk til alle dei som har teke seg bryet med å kome langveisfra. Onkel Anders frå Alta, og Kjerstin frå studiar i USA. Me set utruleg stor pris på denne gesten.

Det er no 5 år sidan eg møtte mi Elisabeth for fyrste gong, det vil seie eg møtte ho, men ho var ikkje like innstilt på å møte meg. Skjebnen ville ha det til at me skulle vere i same kollokvie gruppe! Den første gongen eg smilte til Elisabeth spurte ho meg rett ut kvifor eg sat å flirte og ikkje jobba. Då var det gjort, denne jenta gjorde noko med meg, bortsett frå å skremme meg, så syntes eg faktisk ho var ganske herleg.

Det var ikkje det lettaste å be Elisabeth ut, enten hadde ho ikkje tid til "mannfolkvrøvl", eller så fekk eg klar beskjed om at kollokvie gruppe ikkje var nokon plass for speedating, så dei skitne tankane mine kunne eg berre legge heime på hybelen.

Dei seier ein alltid vil ha det ein ikkje kan få, sjølvsagt. Eg er inget unntak. Elisabeth tente ein gnist i meg, som gjorde at eg melde meg på alle slags aktivitetar der eg visste ho skulle vere. Og som de alle veit, i dag sit me her saman, mi vakre Elisabeth og den innpåslitne studiekameraten som til sist vann fram med Mr Lee nudlar og fatøl frå 1978.

Dei siste åra har ikkje vore dei lettaste for oss, alle veit me alt me har hatt å stri med, særskild underteikna. Dei vanskelege periodane i livet har vore tøffe å bera når det har storma som verst. Kva eg skulle gjort utan Elisabeth veit eg ikkje heilt.

Å møte eit menneske som ser deg for den du er, og møte eit anna menneske som berre er der, utan betingelsar, utan krav, men berre forståing, toleranse og respekt er ikkje alle for unt. Eit menneske som gjev ikkje av seg sjølv, men heile seg sjølv for at andre skal føle seg betre, eit menneske som delar av sitt overskot, og set andre sitt velvere foran sitt eige, men fortsat thar det bra med seg sjølv, eit menneske som ikkje tenker på meg og mitt, men vårt og oss. Slik er du Elisabeth. Og slik har du alltid vore.

Når eg ser deg saman med andre menneske, og ser det vakre smilet ditt som sitter på lurt bak den blonde panneluggen, eller når eg ser dei store smilehola som rullar ut ein herleg lattar bak dei fantastisk sexy tennene dine (ja, berre sjå, ho har sexy tenner), og når du stryk meg vart over kinnet med dei mjuke fingrane dine, då kriblar det fortsatt i kroppen. Eg kjenner eg lever, og eg kjenner at du er for meg.

Men det er ikkje berre dei gode dagane, når du gret, når eg gret, når du held rundt meg og trøystar, dei gongane du har stroke meg varsamt gjennom håret og kviskra lindrande ord i øyra mitt, med ei stemme ein engel verdig, når du har holdt rundt meg til eg sovna, og når du har vært der når eg vakna. Når du har vore lei deg, og eg har haldt deg i handa, og tørka dei salte tårene frå dei mjuke kinna dine, når eg har stroke deg over ryggen og følt varmen frå kroppen din inntil meg. Det er då eg verkeleg veit at det er slik det skal vera.

Endeleg har me fått leiligheit. Det er på ein måte litt trist, etter å ha budd på 23 m2 i 3 år, saknar eg deg når du er på kjøkenet. Eg har verkeleg lært deg å kjenne, eg saknar den hissige mumlina fordi nettbanken ikkje har pengar (som om det er banekn sin feil), eg saknar den den rolige nynninga av gamle songar, eg saknar den trippande blyanten som leikar over papiret når oppgåva ikkje går heilt som den skal. Og eg saknar alle fy orda når du les triste saker i nyhetene.

Eg saknar ikkje siste nytt frå Se og Hør, eg saknar ikkje Greys Anatomy på web tv, eller siste tilbod frå La Redoute. Så kanskje er det bra likevel at me har fått vårt eige, slik at livet verkeleg startar no.

Eg vakna i dag morges, like forelksa, kanskje enda meir forelska, for kvar dag som går merkar eg at eg er så inderleg forelska i Elisabeth-mi, eg tek meg sjølv i å kikke etter henne når eg vet ho skal kome frå skulen, dei minste ting kan minne meg om deg Elisabeth, dei raraste dufter i butikken frå eit mislykka matprosjekt og dei styggaste songane på radioen frå ein dårleg biltur. Dei vakraste ord frå bøker og dei mest sukkersøte ord frå ein romantisk song, alt er deg, og du er i meg, du gir meg ein heilhet som det ikkje går an å beskrive.

Trude og Frode. Mine fantastiske svigerforeldre, som har teke imot meg med meir enn opne armar. Trude, du som alltid har eit godt råd eller eit morsomt sitat på lager, og du som lager dei beste pannekaker. Frode, du som lite diskret syner meg våpensamlinga di, mens du snakkar om at Elisabeth ikkje skal verte såra, det har sin sjarm det også!

Mamma og Pappa. Mine to fantastiske foreldre, som har lært meg at livet kan vere godt og vondt, som har vist meg og rettleda meg til å verte den eg er. Takk for at de har lete meg ta mine eigne val, prøve og feile, våga og vinna. No ser de resultatet, odelsguten dykkar har kapra den hottaste damo frå Bøler.

Så til sist, min kjære, kjære Elisabeth. Ord kan ikkje beskrive deg, ord kan ikkje beskrive oss. Du er verkeleg så viktig og så dyrebar i meg. Kvar dag tenkjer eg på kor heldig eg er som har funne deg, og at me får vere saman. Når du ser på meg med dei blå augene dine og det fantastiske smilet der så får eg ein så stor klump inni meg, fordi eg verkeleg, av heile meg elsker deg. Du er min Elisabeth, og er din!

Din Sebastian!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Det der var en helt utrolig flott tale!

Skjønner GODT du er stolt :)

Skrevet

Jeg gråt litt jeg nå - sånn vil jeg også ha det en gang! Ta godt vare på hverandre! :klemmer:

Skrevet

:rødme: :grine: Det må være noe av det nydeligste jeg har hørt. *gåsehud*

Skrevet

Den var rett og slett vakker!

Så flink han er :)

Skrevet

Åååååå... smelt... for en nydelig tale!!! Klart du er kry over mannen din!!!! :strix:

Gjest Gjest_Maja_*
Skrevet

Tårene triller hos meg. Helt nydelig tale som kommer oppriktig fra hjertet <3

Skrevet

Gud, så skjønt! Du er jammen meg heldig som har en sånn mann :)

Dette var rørende:)

  • 7 måneder senere...
Skrevet

Helt fantastisk!

Så flink han er med ord. Gratulerer så masse med bryllupet.

Lykke til videre !

Gjest Gjest_Hmmm_*
Skrevet

Ikke for å være ekkel nå...men jeg har dessverre lest talen ett annet sted tidligere...da jeg selv skulle hente inspirasjon til min egen tale...

Og det begynner å bli en stund siden ja ;-)

Skrevet

Jeg blir litt trist når jeg leser slike taler...for jeg vet at min kjære kommer aldri til å toppe noe slikt! Dette var aldeles nydelig, mannen din må være fantastisk!

Gjest Gjest_Prestekrage_*
Skrevet
Ikke for å være ekkel nå...men jeg har dessverre lest talen ett annet sted tidligere...da jeg selv skulle hente inspirasjon til min egen tale...

Og det begynner å bli en stund siden ja ;-)

Nå er dette innlegget over 9 mndr gammelt da!

Men er vel mange som finner inspirasjon andre steder..?

Jeg hadde blitt glad om min mann hadde holdt talen uansett jeg da=)

Skrevet

Nydelig! Heldig du er. :)

Mvh Yvonne :heiajente:

Gjest .kommende brud..
Skrevet

åååååååååå!!! tårene triller her også:):) så vakkert:):)

håper min kommende mann overraker såå positivt i bryllupstalen også;):)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...