FruF Skrevet 30. november 2008 #1 Skrevet 30. november 2008 Hei Eg håper eg kan få litt hjelp av erfarne prøvarar, og unnskylder på førehand for dei blodige detaljane: Eg og mannen skal bli prøvarar til våren, og ivrig som eg er har eg tempa sidan august og lagt inn temperaturane i fertilityfriend.com. Dessverre har det vist seg at eg har korte lutealfasar, mellom eggløysing og mens har det vore ni dagar kvar gong. Så då eg byrja å blø ni dagar etter eggløysing var eg sikker på at det var mensen sjølv om det vanlegte temperaturfallet ikkje hadde vist seg. Men det var berre littegrann friskt blod. Eg hadde brunleg utflod resten av dagen og i dei neste to dagane og jamn temperatur. I går kom det ingenting, men temperaturen fall, og i natt vakna eg med skikkelig mensen med større smerter enn vanleg. Eg har lest at friskt blod er mensen uansett, men gjeld det i mitt tilfelle? Temperaturen og den veldig tydelege mensen som kom i natt tyder på noko anna. Dette er litt viktig for meg å finna ut av. Eg hadde blitt veldig glad viss eg hadde ein lutealfase på tolv dagar denne syklusen, for då kan eg kanskje få det igjen og kanskje til og med bli gravid utan hjelp?
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå