Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei

Eg stiller spørsmålet mitt her fordi eg ser det er mange som har fått diagnostisert PSO. Eg lurer på om eg òg har det, men er usikker på om eg er "nok" bekymra, og om eg burde gå til legen eller venta og sjå. Eg blir veldig glad om nokon kan fortella meg kva som gjorde at dei fekk mistanke om PCO, og om eg burde be om å bli undersøkt hjå legen.

Her er situasjonen min:

26 år, gift og planlegg å prøva å få barn om tre år

Har alltid vore ganske tynn, men har det siste året lagt på meg litt. Er framleis slank, men merkar sjølv at eg no må tenka på kva eg et, før måtte eg anstrenga meg for å ikkje bli for tynn.

Plaga med kviser i ansiktet, rygg og bryst. Det er blitt betre etter at eg begynte med Basiron, men får framleis ein del kviser, særleg før mensen.

Lange syklusar, alltid over 30 dagar, ofte 33-34. Ganske regelmessige. Ingen eggløysingssymptom.

Mykje hårvekst på kroppen. Har alltid hatt mykje hår på armar, bein, langs bikinilinja og i ei stripe på magen. Var til gynekolog då eg var rundt 20 som skreiv "noko maskulin pubusbehåring" i journalen min.

Fått mykje meir hår i ansiktet etter at eg slutta på p-piller for eit år sidan. Gjekk lenge på Diane, men fekk migrene av dei etter kvart. Gjekk så eit år på Cerazette, som gav meg mageproblem, så då gjekk me over til kondom :gjeiper: Føler no at eg må voksa overleppa, og nappar regelmessig ut 3-5 stive, skjegghår på/under haka. Har fått dun på kinnene, noko eg aldri har hatt før.

Blitt tynnare i hodehåret, særleg i vikene.

Ser sjølv at kvart av desse punkta ikkje er noko å bekymra seg over, men er summen nok til å ta ein tur til legen med? På grunn av utdanning er me ikkje klare til å starta på prøving før om ca tre år. Då er eg allereide nesten 29 år gammal, og føler ikkje at eg har tid til å prøva eit år, ikkje bli gravid og så bli undersøkt for PCO.

Blir veldig glad om nokon tar seg tid til å lesa alt dette og svara meg :)

Videoannonse
Annonse
Gjest Gjest
Skrevet

Hvis jeg var deg ville jeg tatt en tur til legen ja. Høres jo ut som du kan ha en del av de typiske symptomene. Mange allmennleger vet lite/ingenting om PCOS, så jeg var veldig glad for at jeg ble henvist videre til en gynekolog som kunne gi meg mye informasjon. Her er en norsk brosjyre om PCOS som er veldig grei å ha lest igjennom: http://www.organon.no/authfiles/images/267_188063.pdf

Lykke til! :)

Skrevet

Takk for brosjyra, gjest. Eg fekk svar på mange spørsmål eg har :)

Får vel ta meg ein tur til legen etter sommarfeirien. Er berre redd for at han ikkje skal ta meg alvorleg sidan eg ikkje prøver endå. Men viss eg har PCO betyr det at eg ikkje bør venta så lenge som eg hadde tenkt før eg og mannen begynner å prøva å få barn. Utdanning er viktig, men det er barn òg :kgbaby:

  • 2 uker senere...
Skrevet

Spør legen om en tur til gynekolog. Jeg har selv PCOS, og mistet en eggstokk pga jeg ikke tok det alvorlig nok. Det er bedre å være sikker at du IKKE har det, enn å ha mistanker om at du kan ha det... Lykke til! :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...