Gå til innhold

Nynorsk

estrella

Anbefalte innlegg

Eg er ikkje flink til nynorsk, men har ynske om å bli flink til det. Kva er dei viktigaste reglane når ein skal skrive nynorsk?

Nynorsk er jo mykje finare ein bokmål, eigentleg. Det er jo faktisk ein av to offieselle målforma i Noreg, som har vakse fram det skriftmålet til Ivar Aasen..Hvis eg ikkje huskar heilt feil :fnise:

Og ja, eg har sikkert mange feil allerede.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Gjest Julie
Kva er dei viktigaste reglane når ein skal skrive nynorsk?

Ord som ender på -ing er hunkjønnsord og får a-endelse:

ei hending hendinga hendingar hendingane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alle verb der du kan seie -a i fortid (kasta, hugsa, leita) skal ha -ar i notid også.

Bruk alle tre kjønn som det sto før her oppe - kan du velje mellom hankjønn og hokjønn skal du bruke hokjønn på nynorsk.

Lær deg pronomena: eg, deg, de, dykk og dei eigendomspronomena som høyrer til.

Skriv masse nynorsk, og ikkje føl deg dum om du må ha ordlista nær deg, du lærer fort, det er berre i starten det er litt tungvint. Eg begynte å skrive nynorsk i fjor, fordi eg måtte skrive eksamenar på nynorsk, og eg tok han heilt ut, eg skreiv e-post og blogg og alt på nynorsk. Til å begynne med måtte eg bruke ordlista heile tida, no går det betre, men eg har ho alltid på pulten... Dei fleste ordlistene har gode grammatikkrettleiingar, og mange har også oversetjing baki.

Jau, ein ting til: ikkje bli for sur når du får høyre at det er mykje feil, det er det nøydd å bli i starten.

Velkommen i klubben!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lær deg pronomena: eg, deg, de, dykk og dei eigendomspronomena som høyrer til.

Skriv masse nynorsk, og ikkje føl deg dum om du må ha ordlista nær deg, du lærer fort, det er berre i starten det er litt tungvint. Eg begynte å skrive nynorsk i fjor, fordi eg måtte skrive eksamenar på nynorsk, og eg tok han heilt ut, eg skreiv e-post og blogg og alt på nynorsk. Til å begynne med måtte eg bruke ordlista heile tida, no går det betre, men eg har ho alltid på pulten... Dei fleste ordlistene har gode grammatikkrettleiingar, og mange har også oversetjing baki.

Eg signerer dette!

Pronomena er viktig å få rett. Her er det eigentleg ganske store skilnadar frå bokmål, og dei blir brukt mykje. Dette er dessutan ikkje mange ord, og lett å pugga. :jepp:

Skriv mykje nynorsk og IKKJE ver flau om du må bruka ordbok/ordliste. Eg er omtrent avhengig av dette, sjølv om eg har vore nynorskbrukar gjennom heile skuletida! (Første klasse til universitetsnivå!) :fnise:

Den gule Nynorsk ordliste av Alf Hellevik anbefaler eg på det sterkaste! :) Bak i denne er det også ei lita bokmål-nynorsk-liste som er heilt suveren viss du ikkje kjem på eller ikkje kjenner det nynorske ordet. :klappe:

Eit lite tips er også å skriva nokså konservativt nynorsk. Då vil det vera enklare å skilja nynorsk og bokmål, særleg i startfasen.

Elles:

* Styr unna passiv. (finnes/fins=finst (+bøying), synes/syns=synest (+bøying) er vanskeleg å unngå, men elles bør du prøva å skriva om.)

* Styr unna genitiv-s (Tore sin bil eller bilen til Tore i staden for Tores bil) så godt du kan. Heller ikkje dette er lett å unngå alltid, men får du det til, så skriv om.

* Prøv å unngå ord som startar på be-, an- etc. (typisk tyske prefiks) og ord som endar på -else, -het etc. (igjen typisk tyske suffiks). Andre slike prefiks og suffiks finn du i ordbøker o.l.

Og ikkje minst: Ikkje fortvil dersom du skriv feil eller bokmålsord eller ikkje finn nynorskordet du vil skriva. Slik er det også for svært mange nynorskbrukarar, og dette er nok grunnen til at mange vegrar seg for å skriva nynorsk. :sukk: Skriv helst om setningen og styr dermed unna problemet, eller bruk bokmålsordet. :jepp: Etter mi meining er det betre at folk vil skriva nynorsk enn at dei absolutt skal skriva riktig og konservativt språk (type Noregs mållag). :jepp:

Du kan også melda deg inn i Noregs mållag (eventuelt Målungdommen). Dei arbeider for å styrka nynorsk, slik at me nynorskbrukarar får meir å lesa på nynorsk. Dessutan sender dei ut aviser, som sjølvsagt er skrivne på nynorsk. :fnise:

Sjekk også www.samlaget.no.

Og eit tips: Gratis ordbok (Nynorskordboka) på www.ordbok.no. :)

Lukke til! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har allerede fått mange gode tips, ser jeg.

Jeg vil i likhet med de andre anbefale å lære substantivbøying, verbbøying(både sterk og svak) og de personlige pronomenene.

Husk samsvarsbøying mellom adjektiv og substantiv.

Unngå ord som begynner på be-, og ord som ender med -het og -else.

Unngå når du kan å skrive passiv med -ast. Skriv heller vert/blir + verb

Bruk ordbok, og slå heller opp en gang for mye enn for lite.

Skriv heller konservativ nynorsk enn bokmålsnær nynorsk.

En bok som jeg kan anbefales er Nye vegar til nynorsk. Den er enkel og kortfattet, og har også mange oppgaver som kan løses.

Lykke til!

Elles:

* Styr unna passiv. (finnes/fins=finst (+bøying), synes/syns=synest (+bøying) er vanskeleg å unngå, men elles bør du prøva å skriva om.)

* Styr unna genitiv-s (Tore sin bil eller bilen til Tore i staden for Tores bil) så godt du kan. Heller ikkje dette er lett å unngå alltid, men får du det til, så skriv om.

* Prøv å unngå ord som startar på be-, an- etc. (typisk tyske prefiks) og ord som endar på -else, -het etc. (igjen typisk tyske suffiks). Andre slike prefiks og suffiks finn du i ordbøker o.l.

Jeg har alltid lært at man skal unngå garpe-genitiv (Tore sin bil), og heller skrive s-genitiv (Tores bil) eller aller helst emd preposisjon (Bilen til Tore). Er du sikker på at det er bedre å skrive garpegenitiv enn s-genitiv?

Endret av Grønt blad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut til at jeg har lært feil... :sjenert:

IKKE skriv s-genitiv.

Endret av Grønt blad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Læraren
Eg er ikkje flink til nynorsk, men har ynske om å bli flink til det. Kva er dei viktigaste reglane når ein skal skrive nynorsk?

Nynorsk er jo mykje finare ein bokmål, eigentleg. Det er jo faktisk ein av to offieselle målforma i Noreg, som har vakse fram det skriftmålet til Ivar Aasen..Hvis eg ikkje huskar heilt feil :fnise:

Og ja, eg har sikkert mange feil allerede.

Eg er ikkje særleg flink til å skrive nynorsk, men ynskjer å bli flink til det. Kva er dei viktigaste reglane når ein skal skrive nynorsk?

Nynorsk er jo mykje finare enn bokmål ,eigentleg. Det er jo faktisk eitt av dei to offisielle målformene i Noreg, som har vakse fram frå skriftmålet til Ivar Aasen (dersom eg ikkje hugsar heilt feil).

Og ja, eg har sikkert ein del feil allereie.

Berre ein liten kommentar til det 'Læraren' skriv:

Det heiter ikkje eit målform, men ei målform. :nei: Derimot heiter det eit språk. Derfor blir det: "Det er jo faktisk ei av dei to offisielle målformene i Noreg [...]"

Allereie er sjølvsagt ikkje feil, men eg føler det blir eit "fornynorska" bokmålsord. Mi personlege meining er at alt er mykje finare og for meg høyrest det mykje meir "nynorsk" ut! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tigress:

Sur? Neida.. :)

Takk for tips folkens! Får starte med nynorsken min på torsdag, på grunn av i morgen skal jeg ha tentamen i norsk, og tror jeg holder meg til bokmål.. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tigress:

Sur? Neida.. :)

Bra!

Å kunne leve med å få feila korrigert er i grunnen ein av dei viktigaste trekka å ha for dei som skal lære noko som helst. Eg trur dette blir å gå bra! Lykke til med tentamen, då, eg veit kordan du har det, sit med eksamen sjølv, men den er på bokmål...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er verre med eksamen da! Det har jeg ikke før om ei stund, heldigvis. Jeg skal kjøpe meg ordbok før jeg starter med nynorsken(vet jeg sa jeg skulle skrive på nynorsk idag, men må øve meg litt før jeg skriver her :fnise: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjest fru Olsen

Her nokre tips viss du vil byrja å lesa nynorsk:

Are Kalvø har skrive fleire bøker der han ser med skråblikk på alt frå Sydenturar til det å bu i Oslo. Den siste boka hans trur eg er om kinarestaurantar i Noreg. Han skriv ein litt "avslepen" nynorsk.

Ivar Eskeland har fått ugive fleire bøker der morgonkåseria hans er gjengivne. Han skriv (eller "skreiv" heiter det vel når personen er død) ein meir konservativ nynorsk. Det er likevel lettlese, og mange morosame skråblikk.

Erling Lægreid skriv vel og på nynorsk. Det er sikkert nokre morgonkåseri eller artiklar utgive av han og.

Dette er lett å lese, og ein fin måte å byrja å lesa nynorsk på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...