Gå til innhold

At det går an.....


Gjest anonym

Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous

Dette er sakset fra Haugesunds Avis sin nettside, jeg er sjokkert.

Nye trugsmål frå gjengangar

Ein saudabu i midten av tjueåra, er nok ein gong tiltala for trugsmål mot tilsette i kommunen og politiet. Han er også tiltala for å ha truga ein person på livet og for vald og trugsmål mot ein nær slektning.

ODDVAR J. VINDEDAL (journalist)

Det er berre ti månader sidan mannen vart dømt til fire månaders ubetinga fengsel for tilsvarande forhold.

I løpet av dei tre siste åra har han truga ei kvinne på livet fleire gonger, trugsmål han har sett fram både ved å ha møtt opp der ho bur og ved å leggje att beskjed på telefonsvararen hennar. No hadde kvinna fått nok og melde mannen.

To lensmannsbetjentar i Sauda skulle forkynne ein dom for han. Dei vart truga med at han skulle skjære over strupen på politifolka i Sauda.

Men det er no helst dei tilsette ved sosialkontoret han har lagt sin «elsk» på. Variasjonane i trugsmål er vidfemnande.

Variasjon over kjent tema

Denne gong skulle han rasere rådhuset og vri hovudet av ein av dei tilsette på sosialkontoret. Bremsesystemet på bilane til dei tilsette ved same kontoret skulle setjast ut av drift om ikkje sosialklientane fekk alle sine rettar utbetalt. Han har også ringt til ei av dei tilsette ved kontoret og truga med å knuse skallen på alle tilsette om han ikkje fekk pengane han meinte å ha krav på. I det heile, om han ikkje fekk viljen sin med dei kommunetilsette, så skulle både det eine og det andre fælslege skje.

Sjølv under eit av fengselsopphalda vart det ikkje stopp. Lensmannen i Sauda og familien hans vart via faks frå Åna fengsel truga med lemlesting.

Slektningen har han slått og klemt og truga med å hjelpe til med å henge henne.

No står snart eit nytt rettsleg oppgjør for døra.

[email protected]

Publisert: 26. Mar 2002

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...