Badlands Skrevet 12. februar 2007 #1 Skrevet 12. februar 2007 Hei, skal ut og reise på konferanse i April. Konferansen skal vere i Makedonia, men ganske nær grensa til Albania. Og eg har alltid vore fascinert av Albania... Eg har aldri vore i desse traktane før, og skal ta ut litt ferie og sjå meg om litt før konferansen byrjar. Kan altså velje om eg vil ha eit par dagar i Albania (Tirana, til dømes) eller reise til Skopje/Makedonia og ha eit par dagar der før konferansen byrjar. Ingen av byane skal vere spesielt interessante turistmessig, Skopje har jo hatt jordskjelv etc som har øydelagt mykje, og Tirana er ikkje spesielt godt tilrettelagt (ikkje noko turistkontor eller noko, har eg lese). Tirana er vel ikkje tryggaste staden for ei jente å reise aleine, men skitt au. Eg vil gjerne spørje folk her: Er det nokon som har vore på tur i dette strøket / denne delen av Balkan, og har tips, kor ville de ha reist dersom de kunne velje?
AnonymBruker Skrevet 17. september 2015 #2 Skrevet 17. september 2015 Hadde valgt Tirana i Albania Anonymous poster hash: fd011...b4f
AnonymBruker Skrevet 17. september 2015 #3 Skrevet 17. september 2015 Skopje i Makedonia uten tvil ! Kjempefin by, biilig og tryggere enn Tirana. Hvor i Makedonia skal konferansen være ? Det har jo også litt å si med tanke på å komme seg til Tirana. Anonymous poster hash: d5434...5f5
lidia Skrevet 17. september 2015 #4 Skrevet 17. september 2015 haha, regner med du har vært der nå, så ikke at posten var skrevet i 2007 hehehe hadde jo vært ok å høre hvor du havna og hva du syntes da
AnonymBruker Skrevet 18. september 2015 #5 Skrevet 18. september 2015 Haha, den gamle tråden min kom tilbake! ja, eg var der, og det var flott. Var i Makedonia (tre dagar aleine i Skopje, så var eg fire dagar ved ein sjø nært grensa til Albania, der konferansen var...Ohrid, var vel namnet.) Etterpå fann eg ut at eg ville til Albania. Det kjentest litt utrygt å reise heilt aleine som jente, spesielt hadde eg høyrd det kunne bli litt trøblete å kome seg over grensa og det gikk ikkje mange bussar og tog der. Eg fekk hotellet til å bestille taxi til meg. Betalte ca 100 euro, så vart eg køyrd over grensa til Albania, gjennom fjell og små landsbyar, folk køyrde med esel og vogn på vegane, det var fantastisk og spennande. Veldig stas med ein heil taxi for seg sjølv, som stoppa der eg ville, når eg ville sjå meg om. Taxisjåføren satte meg av i Tirana, før han sjølv køyrde heim igjen. Så var eg der i norke dagar, og tok tog til Elbasan og Durres. I Durres var det valdsam byggeaktivitet, heile stranda ser ut til å bli bygd med store hotell, så det er vel ikkje lenge til chartertur til Albania blir like vanleg som tur til Bulgaria, Kroatia etc. Anonymous poster hash: d6dc8...370
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå