Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Korleis skal vi få til betre forhold i familien? Vi har vore gift i 9 år og kjærastar i 12, vi har eit barn på 6 år. Saka er at konfliktnivået med jamne mellomrom er ganske så høgt og vi kranglar ein del. Kva kranglar vi om? Først og fremst om barneoppdragelse og temperament. Eg kan bli ganske hissig og oppfarande, noko han ikkje likar i det heile, særleg ikkje dersom det skjer ute blant folk. Det er sjølvsagt ikkje bra og lite konstruktivt, og eg må prøve å skjerpe meg og ta opp ting på ein rolegare måte.

Men eg synst han ikkje er mindre hissig og oppfarande enn meg, og særleg i forhold til barnet vårt. Dei fleste gongane når det kokar over for meg er når han, etter mi meining, er unødvendig streng og kjeftar på barnet. Vi er i utgangspunktet ikkje så ueinige om kva reglar vi skal ha heime, trur eg, men måten han behandlar barnet på får meg til å sjå rødt. Han kjeftar og truar får å få henne til å gjere som han vil. Det kan for eksempel vera ein situasjon som at barnet ikkje sit roleg ved matbordet, då kan han hisse seg frykteleg opp og rope noko slikt som at ”visst du ikkje sluttar og tulle, så hiv eg alle leikane dine i bosset”. Eller han kan bli irritert over at barnet snublar og slår seg, så i staden for å trøyste, kjeftar han og sparkar til sekken hennar. Eg klarar ikkje i slike situasjonar å la vere på gripe inn, fordi eg synst at barnet mitt blir urettferdig behandla av sin eigen far. For meg verkar det som han ønskjer at ein 6-åring skal oppføre seg som ein vaksen, aldri sutre, aldri bråke, aldri ha uhell, alltid klare alt sjølv. I staden for å oppmuntre, rose og spele på lag med barnet, kjeftar han. Han vil sjølvsagt seie at eg er altfor slapp og ettergivande og let meg manipulere av barnet.

Han samanliknar barnet også heile tida med si eiga mor, og meiner å sjå likskapar mellom dei, som forsvarar å vera så streng mot barnet. Det skal her leggjast til at han har eit relativt anstrengt tilhøve til mor si, noko eg har full forståing for, fordi ho er ganske så manipulerande og det har vore ein del problem opp igjennom. Men hans uavklarte tilhøve til mor si skal vel ikkje gå utover barnet? Alt i alt synst eg at han er ekstremt lite tålmodig og samstundes slapp ovanfor barnet, noko som også viser seg i at han ikkje giddar å anstrenge seg for t.d. å lage skikkeleg mat til barnet (kokt spagetti utan saus til middag og sjokoladepudding(!) til frukost), ikkje giddar å lese bok på sengekanten, osb. Rett og slett litt dårleg omsorgsevne og med eit overfokus på å OPPDRA gjennom kjefting. Samstundes er han jo svært glad i barnet og kan også tulle og leike med henne, så alt er ikkje heilt svart.

Alt dette fører til at eg delvis kompenserer ovanfor barnet, og delvis til at eg kranglar med mannen min. Eg ser jo at begge deler slett ikkje er bra, særleg ikkje for barnet. Barnet er sjølvsagt glad i oss begge, men i det siste har ho byrja å seie at pappa er sint og mamma er snill. Han har sagt at når eg ikkje er til stades er det ikkje konfliktar mellom dei to, og at det høge konfliktnivået er pga. at barnet forstår at ho kan oppnå det ho vil hos mamma og fordi eg blandar meg inn. Kanskje. Eg har prøvd å ikkje blande meg i måten han irettesetjer henne på, men når han stadig oppfører seg urimeleg, så klarar eg ikkje heilt å halde meg og eg blir som sagt ganske hissig. Og det vert det krangling av.

I krangelen nektar han fullstendig for at han har nokon som helst feil, men meg kallar han t.d. psykopat, tek opp gamle ”saker” og truar med skilsmisse. Dette synst eg faktisk er sårande og unødvendig. Ein annan ting er at han blir sur lenge etter ein krangel, og demonstrativt søv på sofaen om natta, nektar å ete middag saman med oss osb. Dette veit han slit på meg, og hittil har det fått meg til å ta det første skrittet til forsoning, be om unnskyldning og ta på meg skulda for det som har skjedd. Han derimot ber aldri om unnskyldning, fordi han tydelegvis aldri gjer noko gale. Men i det siste synst eg han har gått over ei grense, ved at han har byrja å kalle meg stygge ting og ved at han absolutt ikkje ser at hans måte å oppdra på ikkje fører fram, så eg trur kanskje at eg berre skal vente roleg til ”demonstrasjonen” er over denne gongen, sjølv om eg synst det er vanskeleg. Eg synst faktisk han skuldar både meg og barnet ei unnskyldning for oppførselen sin. Eg kan eigentleg ikkje fordra konfliktar, og eg er oppteken av å løyse denne konflikten ein gong for alle, eg veit berre ikkje heilt korleis eg skal gripe det an.

Videoannonse
Annonse

Krangel om barneoppdragelse er et tema i mange hjem. Synes han tar av fullstendig overfor deres barn. kansje rådgiving er noe for dere?

Min venn og dama har samme problemet med et barn i samme alder. Far til barnet har blitt oppdradd strengt,men med kjærlighet. De som kjenner han sier han var flink, sosial osv...mor til barnet har dullet med barnet til no. Hun har fått råd om ditt og datt,men vil ikke høre. Nå fikk hun beskjed fra bh om div ting. Ungen ligger bak de andre barna pga for mye dulling.

men fra det til ders problem er det stor forskjell. Syns du skal stikke fingeren i jorden og innse at dette er et problem som kan utvikle seg i veldig feil retning.

Skrevet

Ja, eg trur kanskje også at rådgiving hadde vore tingen, men mannen min er sjølvsagt slett ikkje interessert i det. Eg er nok litt hønemor, men håpar eg ikkje dullar for mykje med barnet vårt. Han synst jo det, då.. Likevel, ho er ei fin jente, litt surrete, men nokså lik andre 6-åringar, etter dei tilbakemeldingane vi har fått frå skole og helsesøster. Han føler seg vel litt "utanfor" i familien, fordi det på ein måte blir oss mot han.

Det eg ikkje forstår er kvifor det skal vera nødvendig å vera så utruleg sur og langsint! No har han ikkje snakka med meg sidan søndag, og eg har heller ikkje teke noko initiativ, noko eg normalt ville ha gjort, fordi eg rett og slett vil sjå kor lenge han har tenkt å trekkje dette ut...

Kva gjer ein med slike menn då, gir seg for å få husfred?

Skrevet

Syns det virker som et tynt argument at det ikke er sånn når du ikke er til stede, jeg tipper det bare er en dårlig unnskyldning fordi han ikke har noe bedre å hoste opp, og dette er noe du ikke kan ta han på, for du kan jo ikke vite hvordan ting er når du ikke er der?? For barnas skyld MÅ du jo gjøre noen tiltak her...

Skrevet

Det synst eg også, men kva kan eg gjere som ikkje blir møtt med fullstendig avvisning og sure miner??

Skrevet

Dette høres ut som en veldig lei situasjon, og jeg skjønner godt at du er frustrert. Tror nok rådgivning ville være et fint sted å starte, men det blir jo et problem når han ikke vil. Det du kanskje kan gjøre er å ta kontakt med familievernkontoret der hvor du bor, og be om en samtale alene. Legg frem problemstillingen for dem - det kunne kanskje være fint å ta utskrift av innlegget ditt her, og eventuelt sende dem dette i forkant slik at de kan sette seg inn i ditt syn på saken. Det er ofte mye lettere å forklare noe skriftlig, da man har litt bedre tid til å tenke igjennom etc. når man skriver. Hovedinnlegget ditt gir jo en fin oppsummering av hvordan du ser på saken.

Dernest kan du jo snakke litt frem og tilbake med familievernkontoret, og høre hvilke råd de eventuelt kan gi deg.

Desverre er det sånn at man aldri kan forandre andre. Men - det fine er, at dersom man går inn for å forandre seg selv, så vil gjerne andre følge etter av seg selv. Jeg har levd sammen med en mann i halvannet år som har hatt relativt store problemer, hovedsakelig som følge av en vanskelig barnefordelingssak med hans barn fra tidligere forhold. Våre/hans problemer har vært av relativt alvorlig karakter. For ca. et år siden tok jeg et oppgjør med meg selv i forhold til hav jeg ville/ikke ville etc. Jeg gikk inn for å være helt ærlig med meg selv, og ble enig med meg selv om at det var han jeg ville ha - for jeg visste hvilket fantastisk potensiale som lå i den mannen. Min utfordring ble å lokke frem dette potensialet i en mann som hadde det så vanskelig at nesten ingen kommunikasjon gikk gjennom. Jeg tenkte at jeg først og fremst fikk jobbe med å lokke frem mitt eget potensiale i meg selv, så ville nok han komme etter etterhvert. I denne forbindelse har jeg hatt svært god hjelp av alternative metoder (eksempelvis healing).

Det finnes også flere gode bøker om temaet, jeg kan jo særlig nevne bøkene til Phillip C. Mc Graw. Han har blant annet skrevet en veldig god bok om parforhold.

Det kan kanskje være lurt å stille deg selv spørsmålet: Vil jeg være sammen med denne mannen? Ønsker jeg å få dette forholdet til å fungere?

Hvis svaret er ja må du begynne i deg selv, å gå 100% inn for oppgaven.

Hvis svaret er nei sier det seg selv at det beste du kan gjøre er å avslutte forholdet, og heller konsentrere deg om at barnet skal få det best mulig med foreldre på hver sin kant.

Det viktigste er vel at du er ærlig mot deg selv, og at du utviser integritet og forholder deg konsekvent til avgjørelsen du har tatt.

Når det gjelder meg selv har jeg opplevd at metoden "begynn med deg selv" absolutt virker. Min mann har gått fra å være nærmest på bunnen til å bli min mest fantastiske drømmeprins.

For å spinne litt videre på det alternative, så heter det jo at "vi skaper vår egen virkelighet". Jeg for min del tok utgangspunkt i dette, og jeg stilte meg selv spørsmålet: Hva er det ved meg som gjør at jeg opplever alt dette vonde? På hvilke måte gjør jeg dette mot meg selv, og på hvilke måte tiltrekker jeg meg disse type opplevelser? Det krever at man går litt inn i seg selv, noe som av og til kan være vanskelig og tøft. Men du virker som en gjennomreflektert person, som også tør å være ærlig mot deg selv - så det kan kanskje hjelpe deg mye å stille deg selv disse spørsmålene.

Dette var mine tanker omkring spørsmålet ditt. Håper noe av det kan være til nytte. Husk: Du trenger ikke ha det sånn som dette hvis du ikke ønsker det!

Lykke til!

Mange klemmer fra Nelle :)

Skrevet

Tusen takk for fint svar, Nelle. :) Eg er ikkje i tvil om at eg vil bli i dette ekteskapet, så det er klart. Har jo tenkt ein del desse dagane, og har vel komme til at eg ikkje kan gjera så mykje anna enn å ta det roleg, og konsentrere meg om å ha ei fin førjulstid med barnet vårt. Det kostar meg all energi, men det får vere slik. Inni meg er eg ganske så såra, for eg blir skulda for å vera illojal, av alle ting, noko som eg synst er så utruleg urettferdig.

Skrevet

Selv om det kanskje bare hjelper bittebittelitt, så anstreng deg for å ikke hisse deg opp eller være usaklig ovenfor mannen din når dere er uenige. Om du mister kontrollen får han noe "å ta deg for", og ikke minst kommer han sikkert i forsvarsposisjon selv. Synes det var mye bra i Nelles svar, jeg kjenner også flere som har brukt ulike alternative metoder (yoga, manuellterapi o.l) for å jobbe med seg selv og komme mer i likevekt. Man kan lære å se ting mer fra andres ståsted, og ikke bare reagere spontant i kampen hete.

Om ikke annet kan det å hjelpe en med å se situasjoner klarere enn når en ser rødt av diverse "gamle" grunner. Da får en også bedre argumenter ovenfor seg selv og den andre.

Når det er sagt så skjønner jeg godt at du er frustrert, og mannen din bør nok skjerpe seg han også utfra hva du beskriver. Men det er veldig vanskelig å forandre en som ikke vil, og kritik og kjeft funker dessverre ofte mot sin hensikt...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...