Gå til innhold

Debatten om høye strømpriser ruller nådeløst videre...


Piglet

Anbefalte innlegg

Det er bra og vite hva som er viktig her i livet... :roll:

Ein straum av sympati - Are Kalvø

BAGDAD (Alle): Nyheitene om dei norske straumprisane har sendt

sjokkbølgjer

gjennom heile det irakiske samfunnet dei siste vekene.

Alle er prega av det dei har sett og høyrt. Bilda frå Norge har fått

vaksne

menn til å gråte og kvinner og barn til å fortvile. Ingen kan stille seg

likegyldige til fjernsynsreportasjane om nordmenn som må reise til yden

fordi dei ikkje klarer å betale straumrekninga.

Overalt i landet kan ein merke at noko har skjedd, at noko er annleis.

Det er som om det har komme eit alvor inn i alle folks liv.

Når ungane klagar på eit eller anna, seier foreldra: - Tenk på ungane i

Norge. Så blir det ikkje meir klaging den dagen.

FNs våpeninspektørar fortel at dei stadig oftare blir møtt av

skuldertrekk.

- Berre leit i veg, skal ei irakisk vakt ha sagt til ein av FNs

representantar seinast i går. - Berre leit, dersom du synest dette er så

veldig viktig å halde på med i ei tid då det er kaldt på Austlandet i

Norge.

Mange stikk til FN-inspektørane små oppmuntringshelsingar, varmeputer,

månestøvlar, fyrstikkesker og liknande som dei ber inspektørane ta med seg ut av landet og gi til dei nordmennene dei møter i FN.

Fleire stader har folk gått saman for å hjelpe nordmennene. Ulltepper som har komme med lastebilar frå Norge blir no sendt i retur.

- Vi kan ikkje berre sitte og sjå på at familiar i Norge må fyre med ved,

seier ein talsmann for ei av aksjonsgruppene.

I eit støttebrev til statsminister Kjell Magne Bondevik underteikna av

fleire hundre tusen irakarar heiter det: «Våre tankar er hos deg og ditt

folk desse tunge dagane og vekene. Våre hjerte bankar for deg og ditt

folk. Ikkje bry deg om desse som kritiserer deg og plagar deg med spørsmål og krig og FN i stunder som desse. Du har då nok som det er. Vi tok til oss dine ord om mobbing i nyttårstalen som blei overført på storskjerm her. Så ikkje bry deg om mobbarane. Du har nok å tenke på. Så kan andre tenke på dette med krig og FN. Vi les norske aviser her nede, vi ser norsk TV, vi veit kva som er viktigast for dykk akkurat no. Hald ut! Og hels Einar Steensnæs og fortel han at han sikkert gjer sitt beste.»

Enorme bilde av Einar Steensnæs og Kjell Magne Bondevik som med myndige miner skrur av lysbrytarar, har begynt å dukke opp på veggar rundt om kring i Bagdad. Folk ser med respekt opp på bilda når dei går forbi. Ei meiningsmåling offentliggjort på irakisk fjernsyn i går viste at 99,9 prosent meinte den norske regjeringa gjer ein god jobb. Andre store bilde og veggmåleri viser hjelpelause nordmenn med bedande auge på upersonlige strender i Sør-Europa. Nordmennene ser ut over Middelhavet og tenker på vassmangelen der heime.

Støtten frå Irak varmar. Men er det nok?

Piglet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...