Gjest gjest1 Skrevet 8. juli 2006 #1 Skrevet 8. juli 2006 Endeleg har eg fått somla meg til å skrive eit lite bryllups-referat! Saksar frå dagboka mi: Den fantastiske bryllaupsdagen vår, 24. juni 2006 Bryllups-feiringa vår starta vel eigentleg litt på forhånd, sidan vi hadde grilling med heile gjengen dagen før Dagen. Alt var klart i bryllupslokalet klokka 18 på fredagen, og klokka 19 ankom vi pynta og forventningsfulle til det lokalet vi hadde grillfesten på. Nesten alle gjestene kom dagen før, så vi vart ein stor gjeng! Veldig kjekt å helse på og skravle med alle gjestene, merka at praten kom MYE lettare i gang for alle på laurdagen fordi dei fleste fekk møte kvarandre dagen før. Grillmaten var knallgod, og det var kvitvinen eg koste meg med også.. 22.30 trakk vi oss stille tilbake, og reiste heim for å skrive tale. Eg vart ferdig med talen min i halv 1-tida på natta, og hoppa deretter i dusjen for å vaske hår og stelle meg, før eg kraup til køys i 1-tida.. Sovna nesten med ein gong, og sov til klokka ringte klokka 9 neste morgon. Hadde kosleg frukost saman med mannen, søs og søskenbarnet til mannen. Søs og eg gjekk ned på frisørsalongen kvart over 10. Halv 11 var vi hos frisøren, og der vart vi herleg dulla med i 3 og ein halv time! Pappa og stemor mi henta oss hos frisøren litt før 14.30, og så kjørte vi stille og roleg opp til kyrkja. Presis klokka 15 stod vi utanfor kyrkja, og danderte brudebarn og kvarandre medan kyrkjeklokkene ringte. Søs begynte å spele bruremarsjen på fele, og dørene opna seg. Eg hadde vore heilt roleg HEILE tida, men idet vi skulle til å gå inn fekk eg ein utruleg hjertebank på ein herleg god måte! Vi gjekk sakte inn alle sammen, søs gjekk fremst og spelte fele, og etter henne kom brudepikene som leide brudesvennen mellom seg. Det var berre så utruleg nydelege! Bakerst gjekk eg og pappaen min. Framme ved alteret satt den ufatteleg nydelege mannen min, og ved sida han satt den flotte broren hans! Då eg kom fram til dei banka hjertet mitt enda fortare, og under halve vigsla dunka det så hardt at det tynne stoffet øvst på kjolen faktisk bevegde seg! Vigsla var nydeleg vakker. Eg er veldig glad for at vi har brukt lang tid på å bestemme salmar, tekstar og solosong! Etter vigsla vart det kyssing og klemming og denslags på kyrkjetrappa, før fellesfotografering av heile gjengen. Når gjenstene var blitt sendt opp på lokalet for mottaking gjekk vi inn att i kyrkja for ein times fotografering. Veldig nøgd med bildene!! Etter fotografering var det tid for å ankomme lokalet, der alle gjestene stod ute med eit glass med noko sprudlande. Vi fekk oss kvar våre glass vi også, og mingla og kikka litt på lysbildeshowet vi hadde gåande på lerret ein 20 minutters tid før det var klart for middag (og vi var HEILT i rute i forhold til kjøreplanen! hehe). Middagen var alldeles nyyyyyyyydeleg, det var mange nydelege talar, og jentene mine hadde dikta song til meg som dei framførte. Under talen til mannen kom dei første tårene mine, hadde greidd å holdt meg heilt til då, men alt han sa var berre så fantastisk fint!!! Toastmasteren vår fletta programmet sammen på ein veldig fin måte, vi er nøgde med valet vårt! Hehe... Desserten var også knallgod! Etter desserten måtte vi skjære ringar av kransekaka! Vi vart holdt for augene av forlovarane våre, og sikta inn på ein kransekakering. Då vi fekk sjå såg vi at vi hadde skjært av 5 ringar, nokon som betyr at vi skal få intet mindre enn 5 barn i ekteskapet. Vi får no sjå på det.. Etter middag vart det full fest Etter 3 timar til bords var det igjen tid for litt mingling, og etter ein 3 kvarters tid var det kaffi-tid, med obligatorisk kake-skjæring. Kakebordet regelrett BUGNA, og kakene var alldeles nydelege - både i utsjånad og smak! Sjokoladebryllaups-kaka med sitronfromasj og kvitt sjokolade-trekk var også utruleg god! Til kaffien opna baren, og der vart det full fart til tidleg morgon. Det var supert med proff bartender som miksa fancy drinkar både med og utan alkohol. Gøy for både små og store!! Brudepikene stor-koste seg til langt på natt, med paraply-drinkar og dansing! Etter kaffien var det tid for brudevals! Og det gjekk jammen ikkje så verst, for å sei det sjølv! Var vel anvendte pengar det kurset syns eg, sjølv om vi kanskje sleit litt med å ikkje trakke på kjolen innimellom.. Etter brudevalsen var det full fart og bånn gass på den svært gjennomtenkte musikklista som gjekk rett heim både hos gamle og unge! Når festens eldste er 88 år, og den yngste er knappe året, må ein ha noko for ein kvar smak! Det vart full fart med dansing og prating og moro i maaaange timar!!! Vi koste oss så alldeles forskrekkeleg mykje, og det gjorde faktisk gjestene også!!! Alle vi prata med sa dei aldri hadde hatt det så gøy i bryllaup før, og det var fantastisk moro å høre! Mannen og eg fekk no svingt oss litt vi også, innimellom skravling og svinsing og svansing. Og jada, vi kom oss nok på ein snurr til slutt vi også, etter nokre timar med vin og paraply-drinkar... *fnis* Men vi vart berre sånn godt-humør og søte-fulle, ikkje sånn upassande altså! Utpå natta ein gong kom 4 venner som skotrarar. Skotring er ein vestlands-tradisjon, for de som ikkje veit kva det er, og går ut på å kle seg ut, og komme å vere med på ein del av festen i eit bryllup. Desse skotrarane er gode venner av oss, så vi vart veldig glade når dei kom, og dei skapte verkeleg liv, og dansa med både mannen min og eg! Dei to venninnene mine som song i kyrkja kom også på festen utpå kvelden. Enda lenger ute på kvelden (kan klokka ha vore 2, mon tro?) var det tid for film-vising! Ingen av gjestene hadde gått heim enno(!), og søs og servitørane fekk alle inn i danse-salen der lerretet og prosjektoren hang. Søs kom med ein liten introduksjon av jazz-sangerinna eg har i magen, og så viste vi filmen eg hadde spelt inn meg sang og dans til mannen på "All that jazz"-melodien! Det vart tatt i mot med STOR applaus!!! Veldig gøy!!! Hihi... Mannen syns det var storarta! Halv 5 hadde dei siste gamlingane gått heim, og DÅ vart det verkeleg hæla i taket!!! Eg sprang rundt og styrte på og dansa litt, song litt, og slappa av litt. Den eine augneblinken dansa eg vilt, den andre satt eg i ein krok og las i gjesteboka og gråt ein liten lukkeleg skvett, og i det song eg for full hals saman med venninnene mine! Brått fann venninnene og eg ut at det var tid for bukett-kasting, så då stilte jentene seg velvillig opp! Etter bukett-kastinga skulle mannen ta strømpebandet mitt med tennene. Eg hoppa opp på ein stol, og løfta villig på skjørtet! Strømpebandet vart kasta til mannfolka som stod på rekke og rad. Blir spennande å sjå om den heldige bukett-eigaren og strømpeband-fangaren med sambuarar blir dei to neste para som gifter seg! Vi festa til klokka 7 om morgonen!!! Siste halvtimen fann brura ut at det var tid for rydding, så då knaut eg like godt to dukar rundt livet, putta kjolen oppi eine strømpa mi, og dansa og sang og små-rydda litt medan vi venta på taxi. 10 over 7 om morgonen reiste vi frå festlokalet, som dei aller siste. Det hadde vore ein heidundrandes fest, og vi var veldig slitne men veldig lukkelege då vi sovna få minutter etter vi kom heim! Godt at drømmebarnet vart unnfanga to dagar før bryllupet, for bryllaupsnatta vart det lite privat action... *fnis* Heldigvis nyt vi ferie og kveitebrøds-dagar no, og i slutten av august reiser vi på 14 dagars bryllaups-reise til Kreta..... Nokre bilder kan de sjå i dagboka mi! Her kan de sjå fleire bilder.
yvoesp Skrevet 8. juli 2006 #2 Skrevet 8. juli 2006 Gratulerer med overstått bryllup & lykke til med graviditeten og foreldrerollen!!! Synes dagen deres hørtes helt perfekt ut. Svært personlige innslag og masse sprell Flotte bilder. Dere var nydelige begge to!
Gjest gjesta Skrevet 8. juli 2006 #5 Skrevet 8. juli 2006 Å så utrolig flotte dere var veslo:) du hadde en knallfin frisyre(låne litt ideer) Ønsker dere alt godt fremover:)
Gjest gjest1 Skrevet 8. juli 2006 #6 Skrevet 8. juli 2006 Tusen takk for kompliment og kommentarar!! Vi hadde ein fantastisk dag!
Gjest gjest1 Skrevet 8. juli 2006 #9 Skrevet 8. juli 2006 Tusen takk!! Tenk, i dag har vi allereie 2 vekers bryllups-dag...
nygarda Skrevet 8. juli 2006 #10 Skrevet 8. juli 2006 Gratulerer! Hørtes ut som en perfekt dag! Hvordan fungerte det å være gravid brud? Reagerte gjestene på at du ikke drakk? Tenker på i tilfelle jeg kommer i den situasjonen selv...
Gjest gjest1 Skrevet 8. juli 2006 #11 Skrevet 8. juli 2006 Gratulerer! Hørtes ut som en perfekt dag! Hvordan fungerte det å være gravid brud? Reagerte gjestene på at du ikke drakk? Tenker på i tilfelle jeg kommer i den situasjonen selv... ← Eg var ikkje gravid brur... Hadde eggløsning dagen før bryllupet. Så det var godt tima! Det var forresten ein perfekt dag ja!
nygarda Skrevet 8. juli 2006 #12 Skrevet 8. juli 2006 Ok... Jeg bare trodde ut fra signaturen din at du var gravid i bryllupet... Meget godt tima, lykke til med ekteskap og baby! Nydelig kjole du hadde!
Gjest gjest1 Skrevet 8. juli 2006 #13 Skrevet 8. juli 2006 Ok... Jeg bare trodde ut fra signaturen din at du var gravid i bryllupet... Meget godt tima, lykke til med ekteskap og baby! Nydelig kjole du hadde! ← Graviditeten blir rekna frå 1. dag i siste menstruasjon..
Gjest Myztica Skrevet 9. juli 2006 #14 Skrevet 9. juli 2006 Høres ut som en flott dag Ble da nesten litt rørt her jeg satt... Men så er jeg litt hormonell i tillegg da nydelig bilder forresten
Gjest gjest1 Skrevet 9. juli 2006 #15 Skrevet 9. juli 2006 Høres ut som en flott dag Ble da nesten litt rørt her jeg satt... Men så er jeg litt hormonell i tillegg da nydelig bilder forresten ← Takk!
-Tone- Skrevet 9. juli 2006 #16 Skrevet 9. juli 2006 Gratulerer så mye, dere var kjempeflotte! Og du har en nydelig utstråling vil jeg si!! Gratulerer så mye med graviditeten også! Du var kanskje litt lurere enn meg; vi gifter oss to måneder etter at gutten vår blir født- og jeg tenker en del på om jeg får på meg kjolen min!!
Gjest gjest1 Skrevet 9. juli 2006 #17 Skrevet 9. juli 2006 Gratulerer så mye, dere var kjempeflotte! Og du har en nydelig utstråling vil jeg si!! Gratulerer så mye med graviditeten også! ← Tusen takk for kompliment! Den hadde nok sine grunnar, den utstrålinga...
Hildegard Skrevet 9. juli 2006 #18 Skrevet 9. juli 2006 Kjekt å se bilder og lese referat ! Gratulerer med sneipen :-D !!
Gjest gjest1 Skrevet 9. juli 2006 #19 Skrevet 9. juli 2006 Kjekt å se bilder og lese referat ! Gratulerer med sneipen :-D !! ← Takk!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå