Gå til innhold

Eg er drukke ut!


Anbefalte innlegg

Gjest gjest1
Skrevet

Så vart eg drukke ut då!

Jammen vart det ikkje utdrikningslag på meg denne helga!! Eg hadde absolutt ingen mistanke fordi eg var så godt som 100% sikker på at eit eventuelt utdrikningslag ville komme helga før bryllupet. Overraskelsen var derfor stor då eg stod 6 vakre venninner utanfør døra mi laurdag morgon klokka halv 8!

Eg vart vekt av telefon frå syster mi halv 8 om at eg måtte skunde meg ut og åpne, fordi ho hadde glømt jobb-nøklane sine hos meg. Trøtt og fæl, og litt små-irritert over å bli vekt så tidleg på første fridagen min på leeeenge, heiv eg på meg morgonkåpe og gjekk til døra medan eg lurte på kor i alle dagar dei jobb-nøklane hennes kunne ligge. Gjennom døra såg eg at det stod fleire folk, og eg vart enda meir irritert og tenkte det var søs som hadde tatt med seg nokon Raude Kors-folk ned for å hente nøkkelen sammen med henne. Eg opna døra og fekk litt av eit sjokk når eg såg at det var vennene mine som stod der, og lurte nokre sekunder på kvifor i alle dagar dei kom på besøk sååå tidleg, før det gjekk opp for meg at søs aldeles ikkje skulle på jobb - og at vi skulle på vift!!! Eg fekk besjed om å hive på meg jogge-klede, og fekk eit kvarter på å gjere meg klar. Eg gjekk nok litt rundt meg sjølv ei stund før fekk på meg klede, og forvirringa gjorde at eg glømte å ta med meg både eitt og hitt, noko som skulle vise seg å skape litt krøll (men dette kjem eg tilbake til seinare).

Utanfor blokka vår stod far til to av venninnene mine med ein minibuss, og det var han og denne som frakta oss trygt utover fjorden, og mot Voss, som eg til slutt forstod at vi skulle til. Vi kjørte inn til Voss Raftingsenter, og eg vart vill av begeistring! Rafting har vore ønskedrømmen min lenge, og å skulle få prøve rafting i lag med sine beste venner var berre toppen av lykke!! På Voss kom også resten av vennegjengen, transportert frå Bergen. Eg trudde kanskje ikkje at resten av gjengen kom til å bli med, for eg veit dei har vore opptatt med eksamen og slikt, så gleda var stor då desse 5 vidunderlege dukka opp også!

Så var det vips og hei og inn i våtdrakter - og så var det rafting next!

Sjølve rafte-opplevelsen var berre heilt fantastisk KONGE!!!! Vi kjørte vanskelighetsgrad 3-4 (vanskelegaste er 5), så stryka var akkurat ville nok til å kjenne spenning og skrekkblanda fryd i magen, utan at det var så skummelt at vi vart livredde! Åååh, eg er så ufattelig glad for at vennene mine ikkje er nokon pingle-dritar, men at dei derimot er dei tøffaste av dei tøffe som tar utfordringar på strak arm!

Etter eit par timar med rafting bar det rett og dusjen og det utandørs boblebadet ved raftingsenteret. Med bobler både i vatnet og glasset, ein fantastisk utsikt og herleg skravling hadde eg det heilt nyyyydeleg!! Nokre minutt i badstua vart det også tid til, det var vidunderleg!! *likar badstu*

Etter bade-seansen skulle vi dusje og ordne oss, og då fekk eg på meg ein rålekker blå og raud tights frå det glade 80-tall, ei stilig grå Kretskampen 1997-t-skjorte og ei heftig joggejakke som berre lyyyyste fargerikt fellesskap. Med matchande signal-gule handballsko og eit skilt som det stod "Jippi, Springebjørg skal gifte seg" på, var eg verkeleg klar for fest! Det neste som stod for tur var mat på rafting-senteret, vi fekk grilla hamburgarar, såg lysbildeshow frå raftinga og eg koste meg med nok ei cider til maten.

Etter rafte-, bade-, og mat-seansen vart vi kjørt opp til plassen vi skulle vere; ein vakker grisefarm langt oppi gåkk (les fjellside på Voss). Jentene mine hadde leigd eit hus, og hadde tydlegvis fleire overraskelsar på lur. Vel inne i huset vart champagnen spretta og skålt i, og søtassane mine serverte deretter ost og vin. *me like*

Kvelden fortsatte på sedvanleg jentevis, med skravling og vin og kos! Jentene fekk lurt i meg eit par shottar med noko frykteleg sterkt, så då det nærma seg middagstid (i 8-tida) var eg allereie fin i farta! Som seg hør og bør på ein grisefarm fekk eg på meg den umiskjennelege blå dressen frå Felleskjøpet, sjølvsagt med tilhørande caps. Sidan eg følte meg så vakker i outfiten måtte eg sjølvsagt ta ein dans til Roxettes - småironisk nok - "She`s got the looks".

Så var det tid for mat!

Kjellaren var neste destinasjon - og der hadde grisebonden grilla gris til oss. Vi inntok den ettertrykkeleg gjentatt eksklusive herremåltidet i det kjempe-koslege rommet med steinveggar og open peis. Eg var SKRAVLE-høne under middagen, og det har vi visst video av også ja.. Glad vennene mine kjenner meg, for for ein ukjent kunne nok dei video-snuttane få meg til å virke smårar.. Hehe.. Eg er glad vennene mine har oppdradd meg til å ikkje ta meg sjølv høgtidleg i alle fall! Maten var nyyydeleg god! Mot slutten av herregårdsmiddagen med utsøkt tilbehør vart det tid for song. Jentene mine hadde dikta song til meg på Di Derre-melodien "Jenter og sånn", og den songen var berre så utruleg fin og rørande og morsom og god - at den lokka fram kveldens første tårer! :ler:

Etter mat vart det meir vin og fjas og prat og moro - og nokre av oss tok (ink. meg) tok oss ein tur i badestampen som stod utanfor huset. Rett nok hadde vi fått myyykje vatn både under raftinga og etterpå, men stampe-seansen var kjempe-kosleg og deilig!

Etter bading og dusjing og svinsing og svansing og nokre klesskift vart det atter tid for å skravle, mimre, synge litt og drikke viiiin (=fin). Utpå natta ein gong fann vi ut at vi skulle ta turen ned til Voss. DÅ kom problemet med at eg hadde glømt lommebok og legitimasjon - eg vart nekta adgang på utestaden! Ingen big deal eigentleg, men eg blei piss-sur og vart litt furten. Då eg omsider hadde komt meg inn ein gong vart eg kasta ut fordi vakten meinte eg var under 18 år. Jaja, sånn er det å vere baby-face... Hehe... Sutra og følte meg heilt åleine i heile verda eit lite øyeblikk før dei fantastiske vennene mine kom og tok vare på meg og fekk meg inn enda ein gong. Men når eg først var komt inn fann eg ut at eg ville opp att til huset, så då tok vi taxi til gåkk igjen. *håplaus* Tida etter vi hadde komt opp igjen var berre sååå utruleg kosleg!!! Vi satt og åt chips og dip og drakk sjokomjølk og prata skit og eg berre naaaaaut livet!! Eg trur klokka var 5 før vi kom oss i seng faktisk!! Men DÅ tok det ikkje mange minuttene før vi kubba, dagen hadde både vore lang og innhaldsrik og full av alkohyler (eg er faktisk imponert over meg sjølv som ikkje kubba tidlegare, sjølv om eg prøvde meg på ein powernap på sofaen utan hell...).

Klokka 8 sundag morgon vakna eg frisk som ein fisk, og stod opp og småpusla litt med rydding og frukostlaging medan eg hørte på musikk og tenkte tilbake på den fantastiske gårsdagen og prisa meg lukkeleg for at eg hugsa det aller meste, og at vi hadde fotobevis av eventuelle svarte hol. *ler*

Frukosten, som bestod av varme rundstykke, eggerøre, deilig pålegg og sjokomjølk, inntok vi rundt langbord på kjøkkenet. Trur formen på dei fleste var brukbart fin, gårsdagen tatt i betraktning. Sjølv følte eg meg i alle fall uforskamma frisk og vaken, og var utruleg glad for det! Mot slutten av frukosten fekk eg sagt nokon takkens ord (sidan eg heilt hadde glømt vekk at eg hadde lova å halde tale under grise-middagen), og håpar eg fekk fram kor kjekt eg hadde hatt det i helga.

Denne helga er det beste som har hendt meg på så lenge eg kan hugse!!! Eg har verdens beste venner, og får faktisk tårer i augene i skrivande stund, berre av å tenke på det!!! Eg er så ufatteleg glad i dei, og så utruleg imponert over kor flinke dei har vore til organisering og planlegging og styring!!! Eg trur søs har ordna fælt som forlovar og "head-chief" - og ho har gjort ein kjempe-jobb ved å halde styr på resten av gjengen!!!

Eg kjem aldri til å glømme denne dagen, eg fekk verdens beste utdrikningslag, ever!!!!! Dagen blei heilt perfekt, og alt som hører med på ein skikkeleg jentefest var på plass! Eg er priviligert som har venner som gjengen min!

No er eg sliten, stolt og lukkeleg! :hjerte:

Videoannonse
Annonse
Gjest gjest1
Skrevet

Heldig du er som har så gode venninner. :)

Gjest gjest1
Skrevet

Bare skriver et innlegg så jeg har den på mine innlegg; orker ikke lese den nå.. ;)

Skrevet

Hørtes ut som et knalkjekt utdrikningslag!! Håper jeg blir like fornøyd med mitt. :)

Gjest gjest1
Skrevet
Heldig du er som har så gode venninner. :)

I know!

Bare skriver et innlegg så jeg har den på mine innlegg; orker ikke lese den nå.. ;)

Meget forståelig! ;)

Hørtes ut som et knalkjekt utdrikningslag!! Håper jeg blir like fornøyd med mitt.  :)

Om du har venner som kjenner deg godt, får du nok eit utdrikningslag du blir nøgd med!

Gjest gjest1
Skrevet

NÅ har jeg lest den :) Så kul dag! Høres ut som en flott opplevelse!

Gjest minnimy ii
Skrevet

åååhhh så herlig,hørtes fantastisk ut.

gøyt at de klarte å finne en helg du ikke hadde anelse om :ler:

jeg hoppet litt når jeg leste utdrikkningslag,hjelp ikke lenge igjen nå :klappe::klem:

Skrevet

Grattis med vel overstått :)

Skrevet

Å, så fantastisk gøy! Superkoselig at du fikk drømmedagen din og at du endelig fikk raftet- det er jo så moro! Også synes jeg det var bra at utdrikkingslaget kom overraskende på deg. Du har jo stålkontroll på alt annet ;);)

Gjest gjest1
Skrevet
NÅ har jeg lest den :) Så kul dag! Høres ut som en flott opplevelse!

Det ar rett og slett KONGE!!!!

åååhhh så herlig,hørtes fantastisk ut.

gøyt at de klarte å finne en helg du ikke hadde anelse om :ler:

jeg hoppet litt når jeg leste utdrikkningslag,hjelp ikke lenge igjen nå :klappe:  :klem:

Det nærmar seg ja!! :hoppe:

Grattis med vel overstått :)

Takk!!!! :sjarmor:

Å, så fantastisk gøy! Superkoselig at du fikk drømmedagen din og at du endelig fikk raftet- det er jo så moro! Også synes jeg det var bra at utdrikkingslaget kom overraskende på deg. Du har jo stålkontroll på alt annet ;)  ;)

Ja, det var knall!! Ikkje veit eg korleis dei har greidd å lure meg, men dei klarte det med glans!!

Skrevet

Så bra at du ahdde en så flott dag!! :)

Selv synes jeg rafting høres kjempeskummelt ut, hehe!!

Gjest Fruktkake
Skrevet

Dette hørtes jo helt fantastisk ut! Ta vare på vennene dine, de er tydeligvis av den gode dorten!

Gjest lillelou
Skrevet

Høres ut som om du hadde en fantastisk helg,veslo. :)

Vel unt! :klem:

Skrevet

Så moro! Rafting er kjempegøy! Måtte dere ut i vannet før dere satte i gang? Eller ramla dere utti? ISKALDT!! :frustrert: :grine2: Høres ut som en veldig deilig dag! :enig:

Gjest gjest1
Skrevet
Så moro! Rafting er kjempegøy! Måtte dere ut i vannet før dere satte i gang? Eller ramla dere utti? ISKALDT!!  :frustrert:  :grine2:  Høres ut som en veldig deilig dag! :enig:

Måtte nok uti vatnet ein tur før raftinga ja! Hehe.. Var ei som datt ut også, men det gjekk bra! :)

Var knall!!

Gjest Lizbet
Skrevet

Så bra du fikk slik en knall dag!

Gjest nevèsta
Skrevet

Det hørtes ut som en kjempefin dag!

Gjest gjest1
Skrevet
Så bra du fikk slik en knall dag!

Det hørtes ut som en kjempefin dag!

:enig:

Gjest -eline-
Skrevet

Høres ut som et utdrikningslag jeg ville trivdes i hvertfall :) Så flotte venninner du har! :smilbla:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...