Gå til innhold

Fremhevede innlegg

Skrevet

Jeg skal til Toronto om ca. 2 uker, og har en del spørsmål om byen.

Har bestemt meg for å dra til Paramount Canada's wonderland, siden jeg er berg-og dalbaneentusiast. Noen som har vært der?

Men jeg er jo selvfølgelig også interessert i shopping, og lurer på om det er noen Canadiske butikkjeder ala britiske Marks & Spencer og Bhs. Tenker kanskje spesielt på undertøysavdelingene som disse kjedene tilbyr, det er jo nesten umulig å finne noe ålreit her i landet i "monsterstørrelsen" som jeg bruker. (For det meste 75E)

Andre butikker som selger ålreite klær til en bra pris? Bryr meg ikke noe om dyre merkeklær.

Hva med kjøpesenter, er det noen store senter der man kan tilbringe en hel dag? (hvis man er kvinne, vel og merke....samboer'n kommer vel til å få fnatt :ler: )

Skal selvfølgelig også til Niagara falls.

Andre ting man bør få med seg i Toronto og omegn?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Eg var i Canada's Wonderland ein laurdag i juni, og då var det såpass mykje folk der at køane rett og slett vart for lange for meg. Eg har jo ikkje vore der på ein vekedag midt i sesongen, så eg veit jo ikkje om det er betre då. Er du berg- og dalbane entusiast så er det jo i utgangspunktet ein genial park for deg! Eg fekk bare med meg ein gammal berg- og dalbane laga i tre før køane vart for lange, men det var veldig kjekt!

Nå hugsar eg ikkje heilt korleis Marks & Spencer er, for det er veldig lenge sidan eg har vore i UK, men eg innbiller meg at du er ute etter noko slikt som Hudson Bay Company (the Bay) eller amerikanske Sears.

Når du er i Canada så synest eg at du skal gå innom ein Roots-butikk. Det er ikkje den billegaste kjeden i landet, men ikkje veldig dyrt heller, og kleda er laga i Canada (trur eg). Dei har mest av trenings-/fritidstøy, men eg har òg kjøpt eit fint svart skjørt der, og eit par veldig gode sandalar faktisk.

Kan elles anbefala kjeden Jacob; dei har ei undertøysavdeling, men eg trur ikkje dei har så godt utval i uvanlege storleikar. Men i dei andre avdelingane skal du kunna finna klede som passar. Av og til finn eg dessutan noko fint på Le Chateau, men det varierer veldig.

Eg må dessutan anbefala American Apparel. Dei produserer alle kleda sine, heile prosessen, i LA, og dei betaler arbeidarane sine langt betre enn klesprodusentar flest. Kleda er dessutan veldig behagelege, og dei har mange flotte fargar! Dei har fire butikkar i Toronto, oversikt ser du her.

Det mest kjende kjøpesenteret er definitivt Toronto Eaton Centre. Dette ligg ganske sentralt til, i krysset mellom Yonge St. og Dundas St. Eg likte veldig godt Yorkdale Shopping Centre, som ligg eit stykke frå sentrum, men det ligg rett ved eit Subway-stopp, så det er likevel lett å koma til.

Niagara Falls er ok, men ikkje forvent noko særleg av byen. Har de lyst å gå på casino, så er forresten Niagara Falls plassen.

Ein kan ikkje reisa til Toronto utan å ta ein tur opp i CN Tower, som nok er den mest kjente turistattraksjonen i byen. Eg vil dessutan anbefala ein tur langs Queen Street West; der er det mange sære butikkar.

Vil elles bare sei at det ofte er veldig varmt i området på den tida, og høg luftfuktigheit. Det blir veldig klamt og ekkelt. Lite ein kan gjera med det, men det hjelper i alle fall å bu ein plass der ein har vifte eller air conditioning på rommet.

Skrevet

Tusen takk for utfyllende svar, dette satte jeg jammen pris på :klem:

*printe ut*

Skal bo hos noen slektninger av samboer'n, de bor ikke i Toronto men i en forstad som heter Brampton. (De har visstnok air conditioning hehe. )Men vi kommer til å tilbringe masse tid i Toronto :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...