Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hvordan lager man egentlig en hjemmeside?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Oi! Enkelt spørsmål, men vanskeleg å svara. Det er så mange typar heimesider, og mange typar verktøy for å laga dei, at det kan variere frå alt til å berre starta å skriva og lasta opp bilete, til å bruka fleire veker til å laga rammeverk med databasar og masse programmering i bakgrunnen for alt.

Så det kjem jo an på kva type heimesider du er interessert i.

Er du mest interessert i å skriva tekstar, og oppdatere jevnleg med nye tekstar, så kan ein blogg vera midt i blinken. Og då har du med ein gong ein del mulege valg: Å innstallere på eigne sider, eller bruka ferdige tenester, t.d. her på KG, blogger.com, livejournal.com, journalspace.com, my.opera.com, wordpress.com - og masse masse meir.

Er du interessert i å laga "vanlege" heimesider, der du står heilt fritt i alt design? Då må du jo først ha ein stad å leggja dei (ISP har ofte eit slikt tilbod inkludert) - og så er det kanskje med eit online verktøy for å kunna laga heimesider (er visst blitt ganske vanleg det.) Om du ikkje vil bruka slike verktøy, men stå enno friare i design, så må du enten lasta ned heimesideprogram, eller skriva dei for hand i (x)html/css (eller i Flash).

Igjen, det finst mange stadar der du kan leggja ut sidene dine gratis, eller du kan betala for plass (og kanskje domenenamn om du vil skikkeleg satsa ;)) Og så er det ulike program for å laga sidene då: Grafiske "wysiwyg"-program der du berre plasserer elementa der du vil ha dei, program som hjelper deg med å koda for hand, eller kombinasjon av begge. Frå gratis til dyrt.

Veldig lite konkret dette, eigentleg. Om du fortel kor mykje arbeid som er tenkt lagt ned i å laga sidene, og kva dei er tenkt vera til, så er det lettare å fortelja om kva som er best og korleis du kan gå fram for å få det til.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...