Gå til innhold

Regjeringa ga tre nei til møte om flaumsikring


Anbefalte innlegg

Gjest Tycho Urke
Skrevet

Tre forsøk på å få til ein nasjonal konferanse om flaumsikring har det siste året vorte møtt med ei kald skulder frå regjeringa.

Tre gonger det siste året har Vestland fylkeskommune teke initiativ til ein nasjonal konferanse for flaumsikring.

Like mange gonger har regjeringa takka nei til å delta.

«Stryn-seminaret» skulle vere eit svar på Riksrevisjonens tilsynsrapport frå mars 2022 som avdekte store etterslep i førebuingane til eit villare og våtare klima.

Frå NVE, KS og leiar i Transportkomiteen på Stortinget var svaret på invitasjonen i alle tilfelle det same: Dette ville dei delta på.

Rom og konferansesal vart difor booka ved Hotel Alexandra i Loen.

Men frå regjeringa var responsen meir avmålt.

Trass ein serie «sterke oppmodingar» frå fylkesordførar Jon Askeland (Sp) sa tre ulike departement i tur og orden nei til invitasjonen.

Postlistene viser at Kommunal- og distriktsdepartementet (KMD) og Klima- og miljødepartementet (KLD) takka nei i oktober; medan Olje- og energidepartementet (OED) vende tommelen ned i februar.

Heller ikkje eit tilbod om å tilpasse programmet til flytidene til og frå Oslo – «slik at det skal vere mogleg for deltakarar å delta utan å måtte overnatte» – var nok til å få regjeringsmedlemmene på glid.

Seminaret vart derfor avlyst, i alle tre tilfelle.

https://www.nrk.no/vestland/regjeringa-ga-tre-nei-til-mote-om-flaumsikring-1.16515926

Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

Kom igjen, du kan ikke ha en NASJONAL konferanse initiert fra Vestland, det sier seg selv.

Spesielt ikke når de faktisk har en kompetent Sp-politiker som snakker om noe han faktisk har evne til å forstå ; det ville gi helt gale signaler.

Også Loen da: Hotel Alexandra er langtfra prestisjefylt nok til at noen orker å fly ut med lekefly og timevis med buss. 
 

Nei, her har vi en fast prosedyre vi har lang tverrpolitisk  erfaring med : denne typen rapporter skal begraves i utvalg, kommitearbeid og utredning. Bare se hvor vellykket det var med pandemirapporten.

Ellers kan de føre til tiltak og det koster skattepenger, og vi kan ikke sløse med de…

Endret av Druid

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...