Gå til innhold

Det er inga skam å vera einsam


Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Jamvel om han Trond er mykje åleine, er det inga skam knytt til det. Det er bra mykje hobbyar ein kan putla med og det er nøgda av bøker som kan lesast. Det er likevel fint at han gjer folk merksame på at det ikkje berre er byfolk som kjenner lengt etter andre. Kva tykkjer de at me bygdefolk skal gjera for at einsame skal kjenna seg betre tekne hand om? Er me for dårlege til å byda heim sambygdingar og kjenningar på middag? 

https://www.fjuken.no/nyheiter/i/76PEwV/det-er-inga-skam-aa-vera-einsam

Endret av Nattens rytter
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Det var berre så syrgjeleg at artikkelen det vart lenkja til kravde ei form for godtgjersle for å åpna seg.

Anonymkode: e0151...5e3

Skrevet
AnonymBruker skrev (27 minutter siden):

Det var berre så syrgjeleg at artikkelen det vart lenkja til kravde ei form for godtgjersle for å åpna seg.

Anonymkode: e0151...5e3

Kva gjer du sjølv for å integrera einsame sambygdingar? 

Skrevet

Vinkar te dei igjøno ståveglaset, me må jo vera forsiktige å ikkje skremma nokon med forhasta kontakt. Kanskje utpå nyåret eg kan senda eit nikk medan eg måker snø på tunet, det kjennes høveleg.

Anonymkode: 772e6...8aa

  • Nyttig 1
Skrevet
Nattens rytter skrev (På 20.12.2022 den 18.14):

Kva gjer du sjølv for å integrera einsame sambygdingar? 

Det vedkjem ikkje at det var umogeleg å åpna artikkelen, som var det eg respondera på ved dette høvet.

Anonymkode: e0151...5e3

Skrevet
AnonymBruker skrev (3 minutter siden):

Det vedkjem ikkje at det var umogeleg å åpna artikkelen, som var det eg respondera på ved dette høvet.

Anonymkode: e0151...5e3

Det er ikkje lovleg å leggja ut tekst med opphavsrett på KG. Det var mest meint som ein tilskuv til eit ordskifte kring einsame på bygda. 

Skrevet
AnonymBruker skrev (På 20.12.2022 den 20.27):

Vinkar te dei igjøno ståveglaset, me må jo vera forsiktige å ikkje skremma nokon med forhasta kontakt. Kanskje utpå nyåret eg kan senda eit nikk medan eg måker snø på tunet, det kjennes høveleg.

Anonymkode: 772e6...8aa

"Forhasta kontakt"

😂😂😂

Anonymkode: 3e295...0f7

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...