Gå til innhold

Dine beste tips, overgangen frå 1 til 2 barn.


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei.

Om alt går fint så får vi eit nytt barn i mai. Eg trenger dine beste tips til overgangen frå eit barn til to barn! Generelle tips er heilt supert. Om du gidde å lesa, så er det og kjekt med tips retta mot oss.

Vår familiestruktur:

Skatten vi har frå før blir snart 4 år og er ca 4,5 år når baby kjem. Far arbeider skift, det vil sei at eg blir bortimot åleine med barna annakvarveke (også helga). Men han kjem heim ca 21:00. Veka etter arbeide han 5:30 til ca 14:00 og er heime ca 15:00. Han har fri annakvar fredag og laurdag. Når han er tidlig ferdig hente han i barnehagen, når han er seint ferdig levere han i barnehagen. Mannen min er ein veldig flink pappa, han gruer seg litt til neste barn kjem fordi han er veldig sliten frå før av. Det første barnet vårt var heller ingen enkelt baby (prematur, dysmatur, mpa, innlagt i periodar på sjukehus, stor uro om kvelden i ca 3 månader). Det bedra seg litt og litt over tid. Vi veit jo ikkje korleis neste barn blir, men alle er forskjellige. Eg tenkje det kan ikkje bli verre enn første, det skal ein del til altså 🤪

Barnet vi har frå før av er nå ein veldig enkel unge, velregulert, blid liten jenta som er ganske rolig av seg. Elsker bøker, perle, teikne, leika med kitt, dukker, bygga med lego. Ho er gankse sjølvstendig, sover godt om natta. Det kan kome litt sutring om ting og tang, men ho er veldig lett å snu og man kan laga avtalar med ho. Ho kan i periodar vere litt vanskelig å legga for kvelden, men eg har funnet ut at det var mest fordi ho trengte meir tid med meg og far. Vi er ofta heime 16:30, så er det middag rett før 17:00. Annakvar dag er det bading, ho legger seg kl 19:00. Legginga har gått bedre etter eg la vekk telefonen og rydda kjøkkenet etter ho sovna. Eg pleie å ligge med ho til ho sovner, det tar vanligvis 15.minutter. Ho har ofte behov for å prate om alt mulig. Eg føler ikkje ho er heilt klar for å sovna sjølv og detta fungerer fint for oss. 

Når baby kjem tenkte eg i utgangspunktet legga baby først også legga ho, men det går kanskje ikkje ann å planlegga alt? Eller ho kan vere med å legga baby, så legge eg ho. Har og vurdert å skaffa lydbøker, kanskje ho kunne hørt på lydbok mens eg legger minsten. Korleis gjer du detta?

Vart kanskje litt langt detta.

Einaste konkrete eg har på lista er å skaffa robotstøvsuger.













 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...