Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei! :) 

Babyen min på straks 8mnd søv såå lite i døgnet. Han er ein skikkeleg powernaper ved kvar kvil.
Står som regel opp kl 0500, og då har han allereie vore vaken ei stund. Av og til sovnar han igjen sånn at vi ligg til 06-0630, men det er sjeldan. Dagane han står opp 05 er dagane ca slik:
1. kvil 0700. 2. kvil rundt 0900. 3. kvil rundt 1200. 4. kvil rundt 15-17. Søv då 30min, max 50min dersom vi vuggar på vogna konstant. På trilletur vaknar han etter ca 30min. 

Vi har prøvd etter råd frå helsesøster å få til ein lengre kvil midt på dag, har klart nokre få gongar å ligge på 1t-1.5t på 12-kvilen (med konstant vugging på vogn).
Uansett kortid eller kor lenge han har søve på dagen er han stuptrøytt kl 1800, og sovnar som regel rundt 1830.

Er blid stort sett heile dagen. Kun småsutring/grining når han er trøytt før neste kvil eller svalten. Så det er eigentleg ikkje problemet. Men på natta er han mykje vaken. Vaknar fleire gongar for amming, og nektar å roe seg utan puppen i munn(dette har forverra seg siste tida). Prøvar eg å ta han vekk vaknar han til også må han på puppen igjen. Så vi samsøv store delar av natta, men eg likar ikkje å ha han så tett inntil meg då eg sjølv vert kald utan dyna opptil ansiktet 😂 Far har prøvd å ta han, men då er det hylskriking, noko verken eg eller far taklar så godt så eg tar fort over.

Vi har rekna på det og han ligg som regel rundt 10-11 timar søvn i døgnet. Han har aldri vore i øvre sjiktet når det gjeld søvn. Har dei forrige mnd lege på rundt 12t søvn. Når eg les på nettet står det at baby på 8 mnd ofte søv 10-12t på natta og 2 lengre kvilar på dagen - er dette verkeleg normalen, eller er det døgnrytma til babyen min som faktisk er normal?

Helsing førstegongsmor som er redd baby får aalt for lite søvn?! 

Anonymkode: d8118...844

Videoannonse
Annonse
Skrevet

TS her.

Skreiv feil. Baby ligg som regel på ca 10t søvn i døgnet, sjeldan over.

Anonymkode: d8118...844

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...