Linn3c Skrevet 2. mai 2005 #1 Skrevet 2. mai 2005 Det heile starta eigentleg tidleg i førre veke, med mi kjensle om at eg skulle drikkast ut i helga. Og påfølgjande gnål om det... Festarmannen var standhaftig og sa at "Neida Linn3c, me skal til onkel (visevert) og snakka om detaljar" Men eg var framlies påståeleg og hadde fått inn i hovudet at eg måtte vera klar kvar helg, for det hadde forlovaren min sagt at eg måtte vera. Så planen min var å vera "klar" for utdrikkingslag kvar helg til det vart noko av. Så hadde det ikkje blitt no, hadde eg vore klar att neste helg Men denne veka fekk eg nokre "teikn" på at det kunne vera at det nærma seg fortare enn ana. Måndagen var eg på besøk hos kusina mi som kunne fortelja at ho skulle ha besøk av to andre av kusinene våre i helga... Hmmmm.... Laurdag morgon vakna eg i 8-tida og var fullstendig klar for at "no kjem snart Silvius (forlovaren min) og hentar meg" Eg sovna att og drøymde om utdrikkingslaget. At alle veninnene mine var små monster som eg måtte sloss mot for å ikkje bli "torturert" på utdrikkingslaget. Kanskje det var det som skulle til for at det vart så bra? Kva veit eg... Men det skjedde ingenting klokka 9, som eg hadde trudd. Festarmannen var roleg og sa til meg at eg måtte slappe av og gjera meg klar til å gå på besøk til onkelen hans. Noko skuffa sette eg meg til å sjå på fjernsyn. Men då klokka var om lag halv tolv skjedde det saker og ting. Hunden vart heilt vill og brått sto ho der. Silvius. Midt i stova mi. "Der er du endeleg," utbraut eg. :brunette: Eg fekk beskjed om å kle meg om, og ta med eit skift finklede. Ute på trappa fekk eg ein ledetråd og den skulle leia meg til ein plass i sentrum. Festarmannen køyrde oss inn til byen og slapp oss av på Bryggen. Me byrja å gå. Eg hadde ikke snøring om kva ledetråde kunne bety. SÅ me gjekk vidare innover til eg såg ein bygning og skjønte meininga med ledetråden, for der sat jo veninne H! Eg fekk spørsmål om eg var nøgd no, og om det var nok utdrikkingslag no. Hehe.. Me var jo nett begynt, og eg visste at kusine B skulle vera med, for det var avtala for mange månader sidan... Så eg var ikkje fornøgd før eg fann henne. Eg fekk fleire ledetrådar og kvar av dei leia meg til ein ny plass og ein ny person. Og kvar gong fekk eg same spørsmål; "Er du fornøgd no?" Men inga kusine B. På ledetråd 5 kom den styrste overraskinga til då, for der fann eg jammen veslo! :D Det var kjekt det! Eg leita og leita rundt omkring dei ulike ledetrådane og til slutt hadde eg ein ganske stor gjeng. Me var 11 stk og eg fekk det som skulle vera siste ledetråden som leda oss til arbeidsplassen min. Der stod kusine B og veninne G. Og det fyrste kusine B klarte å sei var "åh, no når de var så seine, skjønte eg berre ikkje korleis me skulle rekkja bowlinga klokka tre..." Søte kusine B! Då var eg litt mindre nervøs for kva dei skulle finna på! Me fekk tid til ein liten matbit før bowlinga, så me stakk inn på min stam-kinesiske restaurant. Herleg med litt mat, men eg var framleis nervøs så eg klarte ikkje eta så masse.. :rosasmil: Så var det avgarde for å bowla, det var kjempeartig! - Sjølv om eg tapte... hehehe.. Etter bowlinga måtte kusine C gå for å rekkja heimatt, ho skulle i konfirmasjon dagen etter. Og resten måtte innom meg, for Silvius hadde gløymt brillene sine der. Så den eine bilen for dit og den andre forsvann. Veldig greit å stikka heimom, for då fekk eg sjans til å byte litt på meg, og slappa litt av i bilen. Så køyrde me vidare ut av byen, ikkje tilbake der me var. Og me enda opp hos veninne A. Der hadde resten av gjengen allereie ordna til masse greier, og me vart servert den herlegaste maten! Heilt fantastisk! :D Kusine S diska opp gresk salat til forrett, og til hovudrett fekk me herleg ovnsbakt kylling surra inn i bacon, og til dessert fekk me ein heilt fantastisk sjokolademousse. Etter maten vart det litt kakling, som det gjerne blir når mange jenter er samla. Kjempekoseleg! Når me hadde prata litt, vart det overrekking av den flottaste gåva eg nokon gong har fått! :D Eg fekk eit scrap-book-album, som alle hadde bidratt med noko til! :D Ei heilt fantastisk venebok som er blitt mitt kjæraste eige. Etter denne litt sentimentale delen av utdrikkingslaget kom ein kjenning av meg til selskapet. Ho er ikkje heilt veninne, men eg har ein svært god tone med ho, så eg antok med ein gong at ho skulle vera ein av gjestene mine. Eg la merke til at ho hadde koffert med seg og spurde om ho var på reisefot. Då kunne ho fortelja at det var ho som var underhaldninga for kvelden. Og det ho tok opp av kofferten sin var "ingrediensar" til eit dildo-party! Kjempeartig, og veldig bra innslag etter ein såpass sentimental del som me nett hadde. Me fekk klemma og kjenna på og testa på nasene våre. Artig! Etter at ho var ferdig gjekk det heile over i fest og stemninga var heilt topp! Alt i alt det beste utdrikkingslaget ein nokon sinne kan tenkja seg. :D Tusen takk allesaman!
Trampe Skrevet 2. mai 2005 #3 Skrevet 2. mai 2005 Det der hørtes helt fantastisk ut!! Et slikt utdrikningslag vil jeg også ha! Bare lurer på hvordan jeg skal klare å komme meg unna mine "venninner" som har som mål å få meg så full som mulig og skal ha meg til å dumme meg ut... Jeg drikker aldri mye og har lite lyst til å gjøre masse tåpelige ting. Det ser jeg virkelig frem til, må jeg si
Gjest Lizbet Skrevet 2. mai 2005 #4 Skrevet 2. mai 2005 Høres ut som du hadde en super dag, ja! Koselig! Bare lurer på hvordan jeg skal klare å komme meg unna mine "venninner" som har som mål å få meg så full som mulig og skal ha meg til å dumme meg ut... ...Bytte ut "venninner" med venninner?
Gjest gjest1 Skrevet 2. mai 2005 #5 Skrevet 2. mai 2005 Eg hadde det minst like moro som deg Linn3c!!! det var så kooooooos!!! Gledar meg til det er min tur!!! Hihi..
smilepia Skrevet 3. mai 2005 #8 Skrevet 3. mai 2005 Høres veldi kjekkt ut, Linn3c ! Håper jeg ikke har noe værre i vennte :-)
Glossy Skrevet 3. mai 2005 #9 Skrevet 3. mai 2005 Hørtes veldig koselig ut!! Så bra at du likte det da! Det var jo det viktigste...!!
Tinema Skrevet 3. mai 2005 #10 Skrevet 3. mai 2005 høres ut som en super dag, og det høres ut som om du selv syns at det var en god dag. Det er jo så viktig. Det skal ikke føles som om man blir gjort narr av eller noe sånt. Man skal kose seg sammen med venninnene sine. Det ønsker jeg meg i hvertfall for mitt når den tid kommer.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå