Gå til innhold

Hva er "in" når det gjelder websider?


Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous
Skrevet

Jeg tenker da på programmer og koding? Brukes det frames? tabeller? html koder? Og hvilke programmer regnes for å være best?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Frames er totalt ut - og har vore det lenge.

Tabellar blir mindre og mindre brukt til design - det er i grunnen ut det òg.

HTML og etterfølgjaren XHTML er jo grunnlaget for alt, så det er jo der. Det som er *in* blant dei fleste som arbeider med det (i den grad ein kan snakka om fornuft som 'in') er å laga sider som følgjer standarden slik at dei fungerer for alle moderne nettlesarar, og deretter - om det trengst - 'hacke' litt for å få ting til å virka i IE òg.

Grunnen til at det er fornuftig å gjere det slik (standard først, deretter tilpassa til IE) er at det blir rimelegare, raskare, og gjerne meir tilgjengeleg. Det å laga tilgjengelege sider blir meir og meir viktig og lagt vekt på; mange reknar med at det blir lovpåbod om at nettsider skal vera tilgjengelege for alle her i landet òg. (Private sider unnateke.)

Bloggar er deinitivt in - 'blog' vart jo kåra til årets ord for 2004. :)

PHP og MySQL er heller ikkje dumt å læra seg, for interaktive og dynamiske sider er nyttige. Og populære.

Av program for å laga nettstadar er DreamWeaver MX 2004 det beste og DreamWeaver generelt det mest populære i sin klasse (grafiske editorar.) Programmet tek standardar på alvor, og siste versjon gjer det litt vanskelegare å unngå å bruka CSS.

Av reine teksteditorar veit eg ikkje kva som er mest populært - men det er mange gode å velga mellom, gratis og kommersielle.

Flash er eit program som er mykje brukt - og mykje misbrukt. Om det er ut eller in - tja. Rett brukt kan det vera svært nyttig og praktisk.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...