Gå til innhold

Nynorsktråd- prøver igjen, da den forrige ble vandalisert.


Anbefalte innlegg

AnonymBruker
Skrevet

Her har dere lov til å skrive kun på nynorsk (jeg selv mestrer ikke nynorsk, beklageligvis, men jeg håper å kunne lære fra dere).

Dere kan skrive vitser, dikt, små fortellinger og annet som dere har på hjertet.

Kjør på :reise:

 

 

Anonymkode: 50cac...23d

  • Liker 2
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Så då kan eg for eksempel stille spørsmålet som vandaliserte den førre tråden: kva er poenget med ein eigen tråd for berre nynorsk??

  • Liker 1
  • 2 uker senere...
AnonymBruker
Skrevet

^^

Anonymkode: 50cac...23d

Skrevet

Eg vaks opp på Austlandet, og har diverre aldri vore rundt nynorsk. Likevel ville eg gjerne læra då eg gjekk på vidaregåande, og medan alle andre skreiv på bokmål, valde eg nynorsk. Eg liker å tenkje at eg vart betre. 

Kva er gøy med nynorsk? Du kan sjølv avgjera korleis du ynskjer å skriva. Eg tykkjer kløyde infinitiv er vene (vera, lesa), så då nyttar eg dei, medan andre kanskje nyttar vere og lese. I mi eiga dialekt sier vi "kommi" og "skrivi" - eg elskar at eg kan skriva slik på nynorsk, utan at det er feil! Samstundes skriv eg "liker", so eg i fortid kan nytta "likte", eit verb i fortid som er slik i dialekta mi òg. 

Ein må tenkje, blant anna skal ein forsøka å ikkje ha med an-, be-, og -else-ord.

Er eg feilfri? Nei, det er eg ikkje. Det er mogleg eg har skrivi noko feil her. Eg har Facebook på nynorsk. Med engelsk Facebook kan nokon gje meg en poke. Med nynorsk Facebook ein dult. Og Facebook på bokmål? En POKE!?? Eg liker tankegangen hjå nynorskbrukarane, at vi kan prova å finna på norske ord, heller enn å heile tida skulle ta til takke med dei engelske. 

  • Liker 2
Skrevet

Eg voks opp på Vestlandet og snakkar ein dialekt som liknar meir på nynorsk enn bokmål. Eg hadde nynorsk som hovudmål heilt til eg var ferdig med vidaregående (for omkring 20 år sidan), men brukar dessverre ikkje nynorsk når eg skriv i dag. Prøvde meg på eit kort innlegg her, men reknar ikkje med at nynorsken min er perfekt lengre.

Anonymkode: b39a9...7f5

  • Liker 1
Skrevet

Kva er det du seier? At du vil ha ein rein tråd med berre nynorsk? Korleis skal det gå!

Eg har to barn - eller seier dei born på nynorsk?
Den eine går i nynorskklasse og den andre i bokmål. Sjølv er en "bokmål", medan mannen min er "nynorsk".
Han mistenkjer eg har dysleksi, så der er ikkje mykje hjelp til lekselesing dei fer med han! (eller seier dei hånum på nynorsk? Hehe)...

Vel, eg hadde jo gode karakterar i nynorsk sidemål, mogleg fordi eg er frå Sunnmøre (men på den "bokmåle" delen som ikkje er heilt godkjent i grautamåldistrikta utanfor Ålesund). Eg kjenner meg ikkje helt stødig på nynorsk, så det blir litt blanding... men no har eg ei glimrande moglegheit til å lære dette språket frå scratch medan eg hjelper dottera mi med nynorskleksene sine.

Det går helt greit det - men det blir nok vanskelegare når ho kommer i høgare klasse. No går ho i fjerde. Eg har ein andreklassing som har bokmål, og det går jo heilt fint, for det er det målet eg er vand med å skriva og lesa. 

Eg skjøner at dei frå Oslo kan ha problem med å forstå dei ulike dialektene rundt om kring i Noregs land, så lite bereiste som somme av dei e! Difor tykjer eg at dei lyt ha nynorsk som hovudmål allereie frå 1. klasse, og det bør vere kun nynorsksendingar på barnetv - så dei fer det inn så og seie med morsmjølka. Då tykkjer eg det vil verte enklare, både for Osloborgarar, men også innvandrarar som kjem til Noreg og skal ut i distrikta og integrerast, å forstå kva dei fleste i Noregs land seier.


Alle tv-program bør ha representert dialekter frå heile Noreg - for Noreg er eit stor land, og det er ikkje alle som har moglegheit til å reise rundt i heile Noreg og bli kjend med dialekter og kultur rundt om i Noreg. 
 

Eg har alltid hatt eit god språkøyre, og skjøner difor godt dei fleste dialektene, men må innrømme at eg slit litt med nordfjordingar til tider, då dei har ei rekkje ord som eg aldri har høyrd før! 

 

Visste de forresten at å huske - har mange navn i Noregs land? Kva for navn kjenner de? 
I Ålesund seier vi å "disse", på Austlandet har eg skjønt at det er å "huske" dei seier, 

i Haugesundtraktene seier dei noko heilt anna - eg var der i sommar, men klarte ikkje å læra meg - nokon som veit?
I NOrdfjord seier dei å "reie".


Eg er nysgjerrig eg - kva sier du om å huske på eit huskestativ? Eller å disse på eit dissestativ?

Og kva heiter det på "english" - Dei seier : "Can you push me"? på ei sånn disse, men kva heiter dissestativ på engelsk?

 

Anonymkode: 3909c...50a

  • Liker 1
Skrevet

I Haugesund seier dei "føysa" (disse/huske). 

  • Liker 2
Skrevet
3 minutter siden, Berentsens skrev:

I Haugesund seier dei "føysa" (disse/huske). 

Ah, no demra deg for meg :) Å føysa ja :) Og føysestativ ? Eg får tenkja på å tøysa - så blir det nestan det same.

 

Anonymkode: 3909c...50a

  • Liker 1
Skrevet

Nynorsk er ikkje så ulikt bokmål, det kjipe med slike trådar er den utrulege trongen (?) til å skrive veldig grautete og gamaldags. 

Anonymkode: 44ffb...88c

  • Liker 8
Skrevet
4 minutter siden, AnonymBruker skrev:

Ah, no demra deg for meg :) Å føysa ja :) Og føysestativ ? Eg får tenkja på å tøysa - så blir det nestan det same.

 

Anonymkode: 3909c...50a

Vil tru at det heiter føysestativ, eventuelt dissestativ(?) 

  • Liker 1
Skrevet

 

På ‎17‎.‎08‎.‎2017 den 19.42, AnonymBruker skrev:

Kva er det du seier? At du vil ha ein rein tråd med berre nynorsk? Korleis skal det gå!

Eg har to barn - eller seier dei born på nynorsk?
Den eine går i nynorskklasse og den andre i bokmål. Sjølv er en "bokmål", medan mannen min er "nynorsk".
Han mistenkjer eg har dysleksi, så der er ikkje mykje hjelp til lekselesing dei fer med han! (eller seier dei hånum på nynorsk? Hehe)...

Vel, eg hadde jo gode karakterar i nynorsk sidemål, mogleg fordi eg er frå Sunnmøre (men på den "bokmåle" delen som ikkje er heilt godkjent i grautamåldistrikta utanfor Ålesund). Eg kjenner meg ikkje helt stødig på nynorsk, så det blir litt blanding... men no har eg ei glimrande moglegheit til å lære dette språket frå scratch medan eg hjelper dottera mi med nynorskleksene sine.

Det går helt greit det - men det blir nok vanskelegare når ho kommer i høgare klasse. No går ho i fjerde. Eg har ein andreklassing som har bokmål, og det går jo heilt fint, for det er det målet eg er vand med å skriva og lesa. 

Eg skjøner at dei frå Oslo kan ha problem med å forstå dei ulike dialektene rundt om kring i Noregs land, så lite bereiste som somme av dei e! Difor tykjer eg at dei lyt ha nynorsk som hovudmål allereie frå 1. klasse, og det bør vere kun nynorsksendingar på barnetv - så dei fer det inn så og seie med morsmjølka. Då tykkjer eg det vil verte enklare, både for Osloborgarar, men også innvandrarar som kjem til Noreg og skal ut i distrikta og integrerast, å forstå kva dei fleste i Noregs land seier.


Alle tv-program bør ha representert dialekter frå heile Noreg - for Noreg er eit stor land, og det er ikkje alle som har moglegheit til å reise rundt i heile Noreg og bli kjend med dialekter og kultur rundt om i Noreg. 
 

Eg har alltid hatt eit god språkøyre, og skjøner difor godt dei fleste dialektene, men må innrømme at eg slit litt med nordfjordingar til tider, då dei har ei rekkje ord som eg aldri har høyrd før! 

 

Visste de forresten at å huske - har mange navn i Noregs land? Kva for navn kjenner de? 
I Ålesund seier vi å "disse", på Austlandet har eg skjønt at det er å "huske" dei seier, 

i Haugesundtraktene seier dei noko heilt anna - eg var der i sommar, men klarte ikkje å læra meg - nokon som veit?
I NOrdfjord seier dei å "reie".


Eg er nysgjerrig eg - kva sier du om å huske på eit huskestativ? Eller å disse på eit dissestativ?

Og kva heiter det på "english" - Dei seier : "Can you push me"? på ei sånn disse, men kva heiter dissestativ på engelsk?

 

Anonymkode: 3909c...50a

Eg måtte berre svare på denne : Ein seier/ skriv ikkje "hånum" på nynorsk.. Eg ville ha skreve :" Det vert ikkje mykje leksehjelp dei får med han ."  Eg er frå Sunnfjord, og der sa vi "disse" , veit at i Nordfjord er det "reie" dei seier.. Eg riv meg av og til i håret av bokmålsfolk som skal skrive/ snakke nynorsk !  Det blir så overdreve at det er komisk :) 

Anonymkode: 229f6...b4b

Skrevet

Me kalla huskestativ for reiler. Skal me reila? Trur det må vera den einaste staden i landet som bruker det ordet. Eller?

  • Liker 1
  • 3 måneder senere...
Skrevet

Flere? :link:

Anonymkode: 50cac...23d

Skrevet
3 minutter siden, AnonymBruker skrev:

Flere? :link:

Anonymkode: 50cac...23d

Fleire! (hugs no at det er ein nynorsktråd) :fnise:

Anonymkode: b6b45...af1

  • Liker 4
Skrevet

I dag og i morgon

av Olav H. Hauge (1908-1994)

Eg er berre ein gneiste 
av den store eld. 
Og som eg kveiktest i myrkret, 
skal eg slokna ein kveld.

Eg er den bylgja som brusar 
i denne stund, 
med nye fødest og fyllest 
og gamle sig i blund.

Eg er det bladet som blakrar 
i denne vår. 
Du skal skjelva i stormen 
eit anna år.

Eg er den vakande, eigande, 
det auga som ser, 
den dropen som no speglar 
himmelens vêr.

Eg lever og gløder, 
veit ikkje kvi -

Verdi med blomar og kvende 
er i dag mi.

Du skal eiga all venleik 
på denne jord 
når eg longo er burte 
og kvorvne mine spor.

Anonymkode: b6b45...af1

  • Liker 2
Skrevet

Frettarluren kimde, da eg tok den skravla kjeftarsmella på langsynsskåpet so høgt at frettarstauren utafor stova brotna, og fiskebollen for beint i golvet. De heile var ein ofseleg spetakkelsleik. Eg huvde åt håve slik at forleiså skjemtes i etterleid.

Anonymkode: e0979...9a5

  • Liker 2
Skrevet

Eg vart særs ihuga på ein eldsutt, men eg havde ikkje eldmørjeboksen i hende. Eg tok så salbaken i handsalen og grutla burtover solbulken so svorkane slo uppetter ardaranarane.

Anonymkode: e0979...9a5

  • Liker 2
Skrevet

Eg pruvde å bestige den hakkvise leiden til stova, da eg skleid utafor og fotfløkte meg so at armslengjen oppunde håve tok skallasnei og fòr oppunder skosnallen. Eg vart helt gjallen.

Anonymkode: e0979...9a5

  • Liker 2
Skrevet
On 15.12.2017 at 1:07 AM, AnonymBruker said:

Eg pruvde å bestige den hakkvise leiden til stova, da eg skleid utafor og fotfløkte meg so at armslengjen oppunde håve tok skallasnei og fòr oppunder skosnallen. Eg vart helt gjallen.

Anonymkode: e0979...9a5

I farten ser eg åtte språkfeil, og det er omframt alle tulleorda. Ikkje så galt om du er 11, men elles...

  • Liker 2
Skrevet

Eg er frå vestladet og snakkar ein "nynorsk" dialekt, men skriver mest bokmål. Eg tykkjer nynorsk er krøkkete og tungvindt og vanskeleg å lese. Med mindre det er Olav H. Hauge eller nokon andre som verkeleg mestrar det nynorske språket. Å lese det på nettet tykkjer eg går tregare enn med bokmål. No var det lenge sidan eg hadde skreve nynorsk merka eg. Mor mi snakka bokmål, so det er kanskje ein grunn til at eg har begynt med å skrive det. Når eg skriver meldingar til privatpersonar skriv eg gjerne ei blanding av dialekt/nynorsk/bokmål.

Anonymkode: 0464d...64f

  • Liker 2

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...