Gå til innhold

Serverer du fisk med kveis?

Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Ivrig fiskar og hobbykokk.

Absolut ALL fisk som lever i havet har ein eller anna form for rundmakk i seg. Å finne ein villfisk utan parasitt i seg er som og vinne i lotto. Kveisen er i hovudsak og finne i mage/tarm på fisk. Dette er naturlig krinsløp i havets biolog og kan ikkje gjerast noko med då fisk et dyreplankton/fisk som har fått i seg egg og larve av rundorm og dermed vert infisert. Det er sjøpattedyra som er hovudverten for desse parasittane.

Har flytta frå vestlandet til nordland og har bemerka meg at fisken her nord har mykje meir kveis i seg enn på vestlande. Og då snakkar eg MYKJE meir. Dette er nok grunna større tettheit av kval/sel her nord.

Ofte ser eg kveisen har bevega seg vidare frå mage/tarm og djupt i fiskekjøttet. Somregel i buken, men ofte heilt inn i nakkemuskalturen. Er mest brosme og torsken det gjeld, men ser det på dei fleste fiskeslag som sei, makrell, sild, kveite, uer, hyse,steinbit.

Har frå tidligare ein del år på meg både som fiskar og i fiskeindustrien. Under produksjon vert fisk med mykje kveis kverna til fiskefarse og brukt til fiskegrateng, pudding, fiskeboller/kake. Eg har aldri vore særleg kresen av meg, men eg kjøpar ALDRI slike produkt etter denne oppdaginga. All fisk vert sjølfiska og nøye gått over før eg lagar fiskemat som fiskebollar og fiskekake. Ofte må eg skjære filetar opp i strimlar for og fjerne kveis. Mykje arbeid, men då kan eg og familia min nyte fiskematen eit hakk høgre.

Ein døyr ikkje av litt kveis som er kverna og varmebehandla eller vore nedfryst. Men apetitteleg er det ikkje. Ein anna sak er og få i seg rå kveis. Det er rett og slett farleg. Då denne parasitten vandrar gjennom tarmveggar og vidrare i kroppen kan den gå nær kvar som helst. Eit tilfelle på sjukehuse i tromsø var der ein pasient der kveis hadde feilvandra gjennom kroppen og var på veg ut gjennom augeeple. Trasig tilfelle. Denne personen har nok ete rå og ikkje nedfryst fisk og fått i seg parasitt på den måten. Parasitten kunne like gjerne ha vandra til  ryggmag/hjerne, då er det verkeleg fare på ferde. Sushi er godt, men frys alltid slik fisk 5 døgn i -20 celsius før du skal nye herligheita!

Ofte får eg servert fiskemiddasg med svigerforeldra. Eg veit at dei ikkje tenkjar på dette med kveis når dei lagar i stand og serverar. Og det er mykje god mat som vert servert. Ein gong vart eg bydd på skreimølje med nydeleg lever attåt. Eg elskar lever med løk og svart peppar! Svigerfar kan verkeleg og lage dette perfekt. Eg åt meir lever ein fisk og rogn. Då eg på tredje påfyll med lever oppdaga eg ein kveis som låg fint dandert på ein løkbit, ihelkokt. Eg kika meir ned i levergryta og vende med skjeida. Yterligare fem parasittar dukka opp. Sidan dette var so godt, lot eg meg berre gløyme, og ausa ny porsjon lever. Gnadde den ekstra godt med potet, fylte ekstra på med øl i begeret naut måltidet.

Konklusjon vert slik at so lenge ein veit om det eller har håndplukka ut kveisen sjølv er det ekkelt. Ein kan helder prøve og fortrenge det mest mogleg. Då går det berre god!

Fisk er sunt so lenge ikkje kveisen vandrar rundt og gnager i skolten :)

Lurar på kva synspunkt andre brukarar her inne har anngåande kveis?

Endret av Neptunsnigel
skrivefeil
Videoannonse
Annonse
AnonymBruker
Skrevet

Enda en grunn for å være glad for å ikke spise fisk tenker jeg! 

Anonymkode: 82091...00e

  • Liker 3
Skrevet

Vestlending her. Kveis er absolutt ikkje appetittvekkande.... Dersom eg finn kveis på tallerkenen er måltidet over, matlysta forsvinn umiddelbart😂

Skrevet (endret)
17 minutter siden, AnonymBruker skrev:

Enda en grunn for å være glad for å ikke spise fisk tenker jeg! 

Anonymkode: 82091...00e

Alt vi et kan innehalde parasittar. Frukt,grønnsak, bær f.eks kan ha spolemakkegg. Desse parasitttegga vert utklekt i tarmen og vandrar gjennom blodomløpet og fram til hjerte. Tilslutt endar dei opp i lungane. Berre og grave i "rein" jord får du med deg x-anntal parasittar i nevane. Husdyr og barn som et jord får i seg mykje rart av parasitt som tek vertskap i kroppen.

Endret av Neptunsnigel
Gjest NotNaomi
Skrevet

Og jeg elsket fisk helt til nå ;-)

AnonymBruker
Skrevet

For en malerisk beskrivelse.... :kvalm: jeg skjærer den vekk før tilbereding. Men har ikke sett så mye som du beskriver. 

Anonymkode: 94cc6...021

AnonymBruker
Skrevet

Hvis vi får fisk med kveis pleier vi å skjære bort det verste, men vi kan aldri garantere at fisken er fri for kveis. Derfor varmebehandler vi alltid fisken godt, spesielt den vi spiser fersk.

Det finnes imidlertid en fisketype som alltid er full av kveis, og den hiver vi tilbake på sjøen hvis den ikke har blitt for skadet av kroken. De som har blitt tatt i øyet el må vi ta, men da går over halvparten til måsene.

Kveis er ikke veldig delikat, men så lenge man ikke spiser rå fisk går det bra. Når vi spiser rå fisk fryser vi den alltid i dypfryseren først, for da dør eventuelle parasitter.

Likevel er kveis fryktelig ekkelt, så jeg pleier å ikke se så nøye på fisken min når jeg spiser. Sånn i tilfelle jeg skulle få øye på en liten sammerullet orm og miste apetitten.

Anonymkode: 0db02...137

Skrevet

Hæ.. mark i fiskegrateng? NEITAKK.. takk for opplysninga. Filet heretter! Aldri sett i laksefileter eller torsk, fra butikken. Sikkert plukka vekk ;) Det du ikke veit, har du godt av.. nei.. hvordan var den igjen :fnise:

Skrevet (endret)
3 timer siden, AnonymBruker skrev:

Det finnes imidlertid en fisketype som alltid er full av kveis, og den hiver vi tilbake på sjøen hvis den ikke har blitt for skadet av kroken. De som har blitt tatt i øyet el må vi ta, men da går over halvparten til måsene.

Kveis er ikke veldig delikat, men så lenge man ikke spiser rå fisk går det bra. Når vi spiser rå fisk fryser vi den alltid i dypfryseren først, for da dør eventuelle parasitter.

Reknar med det er bromse du hintar til. Desverre har denne type fisk ofte mykje kveis i seg, dumt sidan den er ein nytelse, smakar fantastisk godt. Her i nord er det so fiskerikt at eg gjerne kan få 100 kg torsk ombord på ein liten time. Av reint kjøtt er det sirka 1/3.  Resterande 2/3 er hode/rygg og mageinnhald. Ut av desse ca 30 kg med reint kjøtt utan bein hiv eg sikkert halvparten grunna kveis. Synd, men krabbane lev godt under flytebrygga mi :P

Hugs minst 5 døgn med djupfrysing, dei er hardføre desse parasitane.

Endret av Neptunsnigel
Skrevet

Jeg er nordlending og hvis foreldrene mine fant nye kveis I fisken så serverte de den ikke. Og hvis levra f. Eks hadde mye kveis ble den kasta. Hvis fisken bare hadde et par kveis i seg, ble de fjerna før tilberedning.

  • Liker 1
Skrevet
2 timer siden, Simbyxor skrev:

Hæ.. mark i fiskegrateng? NEITAKK.. takk for opplysninga. Filet heretter! Aldri sett i laksefileter eller torsk, fra butikken. Sikkert plukka vekk ;) Det du ikke veit, har du godt av.. nei.. hvordan var den igjen :fnise:

Er somregel torsken fiska i fjordar som har mest kveis. Det grunna at desse fiskane går i eit "lukka" miljø. Dermed vert det meir opphoping av kveis i slik fjordfisk kontra fisk som lev ute på åpe hav, men desse og har kveis, men ikkje so mykje i sjølve kjøtte. Filet av fisk som selgast i butikkane er lyssjekka og nøye kontrulert, men det kan hende der kjem en og anna kveis med dette produkte.

Fiskegrateng lagar du sjølv, kok fersk eller lettsalta fisk, utan kveis ;) Lag velling med mjøl og godt smør og litt muskatt. Skill plomme frå eggekvita og visp den inn i vellinga av saus. Kok makaroni. Bland alt saman. Visp eggekvita godt slik so når ein skal lage trollkrem. Bland forsiktig i piska eggekvite. Hiv på kavringstrø på toppen, gjerne heimelaga. So i ovnen. Nydeleg med potet, gullerot og smelta smør  :)

Skrevet
14 minutter siden, DysterPytten skrev:

Jeg er nordlending og hvis foreldrene mine fant nye kveis I fisken så serverte de den ikke. Og hvis levra f. Eks hadde mye kveis ble den kasta. Hvis fisken bare hadde et par kveis i seg, ble de fjerna før tilberedning.

Er greit og servere ok fisk. Eg har nok fått servert mykje skit oppgjennom åra. No et eg nesten kun fisk eg har fiska og tilberde sjølv.

Har bemerka meg at folke her i nord ikkje et kysttorsk, men ventar til den arktiske torsken frå barentshave tek til på vandring si. Skrei er den beste torsken, spreking med fast kjøtt etter vandringa si, og ofte heilt kveisfri. Men den har slutta og vandre langs kysten slik den gjor før. Går ein 100 år tilbake kunne ein fiske skrei heilt til v.agder-fylke. Skrei er faktisk det norønne navne for og vandre.

Skrevet
7 minutter siden, Neptunsnigel skrev:

Jeg er fiskerdatter, så har aldri spist kjøpte fiskeprodukter. Ellers synes jeg torsk og skrei er veldig "opphausa"(overvurdert) og ser ikke greia. Men det har kanskje med oppvekst å gjøre. Er mye annet jeg foretrekker fra havet og ville aldri funnet på å kjøpe i butikk.

Skrevet
1 time siden, DysterPytten skrev:

Jeg er fiskerdatter, så har aldri spist kjøpte fiskeprodukter. Ellers synes jeg torsk og skrei er veldig "opphausa"(overvurdert) og ser ikke greia. Men det har kanskje med oppvekst å gjøre. Er mye annet jeg foretrekker fra havet og ville aldri funnet på å kjøpe i butikk.

Ja torsk er ikkje noko smaksbombe. Og fersk er det vertfall smaklaust. Torsken må vere lettsalta, bokna, tørka eller røykt for min sin del. I fiskemat er den sjølvsagt fersk på den måte at den ikkje har vore nedfryst.

Sidan fiskesmaken på torsk ikkje er utprega er det nok derfor den er populær. Når det gjeld smak på fisk so meinar eg det er det samme som med kjøtt, det må modnast for og få god smak. Får eg fin røye, lar eg filetane ligge 3-4 dagar i kjølseskapet før eg tilbered. Kveite f.eks er nermast smaklaus om den ikkje får modne. Vinterkveita lar eg gjerne henge ei veke minst!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...