Amantheia Skrevet 14. juli 2016 #1 Del Skrevet 14. juli 2016 Kjøpte meg ny telefon for ein månads tid sidan. Har spart opp lenge, og brukte ein god del av feriepengane mine på dette. Frå før hadde eg eit mobilabonnement hos Talkmore der eg betalte 399 i mnd. Når eg kom til elkjøp og ba om hjelp til telefon, fekk eg tilbod om å få prisavslag på telefonen om eg bandt meg til ice.net i eitt år. I utgangspunktet ville eg ikkje dette, eg ville kjøpe mobilen utan abonnement, men eg fekk tilbod på å betale det same i mnd som eg allereie gjorde, og i tilleg 2 GB mobildata ekstra. Mobilen ville bli ca 1500 kr billigare, så eg sa ja. No har det altså gått ein månad, og etter 2 simkortbytter, der eg har vore nødt til å setje opp mobilens tilgangspunktsinstillingar på nytt, har eg framleis ikkje dekning heime. Ikkje mobildata heller. Kort sagt er mobilen ubrukeleg. Eg har tatt kontakt med Ice.net, og fått beskjed om å bytte simkort, og at det elles ikkje er nokon grunn til at eg ikkje har dekning. Det tar også fleire dagar mellom kvar gong eg høyrer noko frå dei, eg kan ikkje ringe dei fordi eg ikkje har dekning, fordi det kostar kjempemykje, og dei har lange ventetider. Eg er no lei av å ikkje ha telefon, men fann fort ut at eg ikkje har angrerett når eg har kjøpt mobilabonnementet i butikk. Men kan eg klage, og heve kjøpet? Eg er som sagt bunden i eitt år, og har aldri vore borti dette før. Einaste moglegheita utanom å klage, er liksom å kjøpe meg ut, og det har eg ikkje råd til, og eg kan heller ikkje gå utan telefon i eitt år. Nokon som har tips til meg? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
penny_ Skrevet 14. juli 2016 #2 Del Skrevet 14. juli 2016 (endret) Har ikke svar på spørsmålet ditt, men har du dekning andre steder enn hjemme? Har du sjekket dekningen her? https://www.ice.no/private/coverage/ Det du kan prøve å gjøre som en midlertidig løsning er å tvinge telefonen over på 2G (GSM) eller 3G (WCDMA) for å se om det blir bedre signal enn på 4G. Endret 14. juli 2016 av penny_ Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Amantheia Skrevet 14. juli 2016 Forfatter #3 Del Skrevet 14. juli 2016 Har dekning andre stader, ja. Har også sjekka dekningen på sida, og det står at det skal vere god dekning her. Får prøve å tvinge den over, men trur likevel eg vil klage dersom det er mogeleg. Får jo uansett ikkje mobildekning til å ringe/sende meldingar. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
bact1977 Skrevet 16. august 2016 #4 Del Skrevet 16. august 2016 Chess har en sommerkampanje nå som er veldig fordelaktig. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
AnonymBruker Skrevet 16. august 2016 #5 Del Skrevet 16. august 2016 4 minutter siden, bact1977 skrev: Chess har en sommerkampanje nå som er veldig fordelaktig. Det hjelper veldig lite om telefonen er bundet til icenet og TS må kjøpe seg fri. Spørsmålet er om TS har rett på å heve kjøpet. Anonymkode: 1c4dd...d60 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Amantheia Skrevet 16. august 2016 Forfatter #6 Del Skrevet 16. august 2016 3 timer siden, AnonymBruker skrev: Det hjelper veldig lite om telefonen er bundet til icenet og TS må kjøpe seg fri. Spørsmålet er om TS har rett på å heve kjøpet. Anonymkode: 1c4dd...d60 Fekk etter lang tid med klager og mas, endeleg svar på at ice ikkje har dekning på adressa mi, og at det ikkje er planar om å gjere noko med det. Ba dermed å bli løyst frå abonnementet, noko dei nekta å gjere, då dei meinte at manglande dekning ikkje var grunnlag nok til å løyse meg frå kontrakten utan gebyr, spesielt ettersom eg fekk mobilen billigare av å binde meg til dei. Så dei krever 1800 kr (fekk 700 kr avslag på mobilen). Men fordi ice visstnok har dekningsgaranti, så har eg rett til å heve kjøpet. Heldigvis. Vil forresten ikkje tilrå abonnement hos ice.net til nokon. Ein liten kikk på facebooksida, viser til veldig mange misnøgde kundar, og nærast ikkjeeksisterande kundeservice. 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå