Gå til innhold


Foto

From flab to fab!Winners never quit, and quitters never win..Eg - ein vinnar?!


  • Please log in to reply
421 svar på dette emnet

#1 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 03 januar 2012 - 19:26

Snart er det gått 6 veker sidan eg fødte (for meg) verdas vakraste gut, og då er det på tide å tenke så smått på trening og kosthald igjen :)

Litt om meg sjølv: Er 27 år, gift og har altså ein son :) Eg er altfor tung og altfor lat, og har vore overvektig/tjukk/feit/lubben/tett/kraftig (og alle andre synonym) stort sett heile mitt vaksne liv. I 2006 var eg nesten normalvektig, då trena eg mykje og slanka meg nærmare 15 kg. No, i 2012, har eg ein del meir enn 15 kg å gå ned, for mange kilo har sneke seg på sidan 2006 :sjenert:

Eg fekk nokre kg vektnedgang gratis i forbindelse med svangerskapet og fødselen, for eg la ikkje på meg under svangerskapet :) Eg er difor no 11 kg lettare enn før eg vart gravid, for eg tok av meg ca 10 kg etter fødselen :)

Og så er eg sær..eg skriv ikkje kor mykje eg veg. Eg skriv at eg veg f.eks. 0,4 kg.. Noko som kan bety 70,4..80,4..100,4...120,4..you get the point ;)

Foreløpig er planen ikkje å slanke meg noko særleg så lenge eg ammar, men går eg ned nokre kg naturleg, så blir eg veldig glad :) Den meste av treninga blir i form av å trille turar i første omgang. Og går eg ned så mykje som 1 kg i månaden så er eg fornøgd :) For det blir 12 kg på eitt år :tommelsmil:

Eg må også gjere ein del med kosthaldet mitt, for det er ikkje kjempebra. Foreløpig er målet å ikkje drikke brus anna enn på laurdagar (dette litt pga eg trur guten min reagerer på brusa) og kutte ned på småetinga av godteri og sjokolade. Prøve å begrense det også til laurdagar.

For meg er det eit stort steg berre det å kome meg ut av sofaen og ut på trilletur, så her blir det ingen halvmaraton med det første ;) Men eg elsker å løfte vekter, så eg håper å få tida til litt god styrketrening også etterkvart :)

Eg skal prøve å halde dagboka oppdatert med både aktivitet, kosthald og vekt.
  • 1

#2 BareBea

BareBea

    Ivrig skribent

  • Medlem
  • PipPipPipPipPip
  • 639 innlegg
  • Ble med 21. des. 08

Skrevet 03 januar 2012 - 19:54

Skal følge med her :)
  • 0

#3 Gjest_frøken am_*

Gjest_frøken am_*
  • Gjester
  • Ble med --

Skrevet 03 januar 2012 - 21:18

Skal følge med her :)


:Nikke:
  • 0

#4 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 03 januar 2012 - 22:26

Skal følge med her :)



:Nikke:


:tommelsmil:

No må eg verkeleg vere flink her, sånn de ikkje blir skuffa :fnise:

Kan jo opplyse om at mannen min og eg nettopp har vore på trilletur i over 1 time! Flott! :)
  • 1

#5 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 05 januar 2012 - 17:57

Det vart to trilleturar i går også. Ein på formiddagen saman med ei venninne, det var ein roleg tur med kafébesøk, kanskje 1 time effektiv trilling. Og så gjekk eg saman med mannen min på kvelden, også ca 1 time, i litt meir kupert terreng og litt raskare :)

I dag blir det tur i kveld, eg gadd ikkje å gå i formiddag...

Har klart meg i 4 dagar utan brus no, det er VELDIG bra til å vere meg! Og spesielt sidan vi har masse brus ståande i matboda, som vi kjøpte inn til jul ;) Men eg syns det hjelp på prompinga til M, så det er definitivt verdt det! :jepp:

No må eg berre jobbe med resten av kosthaldet mitt.. Har ete havregryn med banan og mjølk i dag (og ein halv liter O'boy), men har også ete ein sjokolade (Peanøttkubbe), 1 pk Lovehearts og litt potetgull. Ikkje så bra :sjenert:
  • 1

#6 Gjest_frøken am_*

Gjest_frøken am_*
  • Gjester
  • Ble med --

Skrevet 05 januar 2012 - 22:27

Du holder på å bli en sånn barnevognmafiamamma :haar: :fnise:
Har enda til gode å komme meg på kafétur! :jepp:
Og trilletur. Det skal testes i morgen! Satser på å gi H en god dose melk og så løpe FORT :ler:

Ble veldig imponert da jeg leste om brusen! Supert! :tommelsmil:

Og så har du vært så flink å spise havregryn og melk, og så dabbet det sv utover dagen :fnise:
Vet åssen det er...da jeg var gravid kunne sambo og jeg kjøre 50m bort til Shell for å kjøpe doughnut (donut? :klo:) og boller og sjokolade. Og så hjem igjen :fnise:

Det er ikke bare å legge om sånn! Jeg MÅTTE. Så det ble litt annerledes...

Si ifra om du trenger tips til lette, mettende og GODE måltider! :)
  • 0

#7 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 06 januar 2012 - 12:51

Du holder på å bli en sånn barnevognmafiamamma :haar : :fnise :
Har enda til gode å komme meg på kafétur! :jepp :
Og trilletur. Det skal testes i morgen! Satser på å gi H en god dose melk og så løpe FORT :ler :

Ble veldig imponert da jeg leste om brusen! Supert! :tommelsmil :

Og så har du vært så flink å spise havregryn og melk, og så dabbet det sv utover dagen :fnise :
Vet åssen det er...da jeg var gravid kunne sambo og jeg kjøre 50m bort til Shell for å kjøpe doughnut (donut? :klo :) og boller og sjokolade. Og så hjem igjen :fnise :

Det er ikke bare å legge om sånn! Jeg MÅTTE. Så det ble litt annerledes...

Si ifra om du trenger tips til lette, mettende og GODE måltider! : )


Haha, vil IKKJE bli ei av dei irriterande småbarnsmødrene som tek ALL plass på kafeen med vogna mi :ler: Eg passa på å parkere den der ingen andre skulle gå ;) Lurt å gi mat før du stikk ut ja, det gjer eg alltid. Og han sov faktisk i 3 timar og våkna ikkje for mat før eg kom heim :tommelsmil:

Oppskrifter er alltid velkomne! :tommelsmil:

--------------------------

I dag er planen ein liten trilletur bort til butikken når mannen kjem heim kl 17. Og så skal vi trille oppom svigermor, og det er jo bra med tanke på at det er ein bakke opp til ho! Godt for pusten! ;) (Eg hater eigentleg bakkar :fnise: )

I går gjekk vi ein laaang tur på kvelden, det vart nærmare 1,5 time :tommelsmil: I snøveret :) Men M sov godt :)

Hittil i dag har eg drukke eit glas O'boy og ete nokre nevar potetgull. SKIKKELEG bra frukost.. :murvegg: Eg prøver å få i meg litt mjølk, og då er O'boy godt å ha. Eg trur ikkje det er O'boyen som er avgjerande for om eg går ned i vekt eller ikkje, for å seie det slik.. ;)

Vekta viste 1,1 kg i dag, og det er eg eigentleg godt fornøgd med. Det har trass alt nettopp vore jul og eg har eigentleg hatt ein tendens til å gå opp eit par-tre kilo i jula..så å halde meg relativt stabil er eg fornøgd med! :tommelsmil:

Oppsummering: fått gått 7 trilleturar hittil i veka, nokre korte og nokre lange :) Skal prøve å få gått litt i helga også :) Har ikkje drukke brus hittil, VELDIG bra! Men må jobbe med kosthaldet.. Vekta har holdt seg stabil gjennom jula - flott! :jepp:
  • 0

#8 BareBea

BareBea

    Ivrig skribent

  • Medlem
  • PipPipPipPipPip
  • 639 innlegg
  • Ble med 21. des. 08

Skrevet 07 januar 2012 - 01:20

Si ifra om du trenger tips til lette, mettende og GODE måltider! :)


Dette er vi alle interessert i!! :tommelsmil:
  • 0

#9 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 09 januar 2012 - 19:31

Ei helg med myyyykje brusdrikking (dvs. som normalt :gjeiper: ) og lite aktivitet (også som normalt)..

I dag er planen å trille ein tur når mannen kjem heim frå jobb kl 19. Ca 1 time.

I morgon håper eg også å få til ein trilletur på formiddagen, og så ein tur når mannen kjem heim kl 19.

Kostholdet i dag har vore så som så. Har ikkje drukke brus, bra! :tommelsmil: Det starta også bra, med relativt sunn frukost: 1 banan og 1/2 eple i bitar, med cottage cheese, kanel og biiittelitt sukker :) Nam nam! Og eit glas O'boy og eit glas Biola :)

Men har også småete litt kokesjokolade, 1 pk Lovehearts og litt potetgullrestar. Middagen var lasagne frå helga :) Eg MÅ slutte å kjøpe inn snop som eg har utover veka, for eg klarer i k k j e å la vere å ete det :gjeiper:
  • 0

#10 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 11 januar 2012 - 20:28

I går vart det trilletur då mannen kom heim frå jobb. Ca 1 time i vind og øspøsregn/hagl. Var VÅT då vi kom heim! Men er ganske stolt over at vi faktisk kom oss ut :)

I dag blir det neppe trilletur, for i dag er veret om mogeleg endå verre enn i går :) Så det blir litt kos inne i dag, og det kan jo vere godt det også :)

Frukosten var 3 rista skiver, to med Brelett og kvitost og 1 med berre Brelett, og eit glas Biola. Har ikkje ete mat sidan kl 11 i dag tidleg, men har ete 1 pk Lovehearts og eit par nevar potetgull, pluss eg fann noko sjokolade :fnise: Har også drukke 1 glas FunLight og CapriSonne. Burde drikke meir, trur eg. Er veldig ofte tørst, og kanskje spesielt sidan eg ammar.
  • 0

#11 BareBea

BareBea

    Ivrig skribent

  • Medlem
  • PipPipPipPipPip
  • 639 innlegg
  • Ble med 21. des. 08

Skrevet 13 januar 2012 - 00:09

Det er viktig å drikke masse når en ammer og helst vatn!! :) Iskaldt vatn.. namnam :tommelsmil: Så må du huske å ikkje kjøpa inn meir potetgull til helga enn kva deko et. Så slepp du at det ligg i skapet og freistar! :)

God helg! :)
  • 0

#12 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 13 januar 2012 - 14:21

Det er viktig å drikke masse når en ammer og helst vatn!! :) Iskaldt vatn.. namnam :tommelsmil: Så må du huske å ikkje kjøpa inn meir potetgull til helga enn kva deko et. Så slepp du at det ligg i skapet og freistar! :)

God helg! :)


Ja, trur eg må bli flinkare å drikke! Iskaldt vatn er jo eigentleg kjempegodt :jepp: Og må definitivt bli flinkare til å ikkje kjøpe inn meir enn vi et opp i løpet av helga ja.. :sjenert: Det er rart, å ikkje drikke brus går heilt greit, men snopet/potetgullet..DET er vanskeleg å la ligge i fred! :)

God helg til deg også!

Dette innlegget har blitt redigert av silverdoe: 13 januar 2012 - 14:26

  • 0

#13 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 13 januar 2012 - 14:25

Vekta viste 0,4kg i dag, dvs ned 700 gram, og det er jo bra! :tommelsmil: Men for all del, vekta har vist både 1,8 og 0,4 denne veka, så det svingar veldig..eg var nok berre heldig at 0,4 landa på denne fredagen :fnise:

Har ikkje blitt så mange trilleturar denne veka, for veret har vore heilt grusomt! I natt var det storm, igjen.. syns det har vore storm stort sett kvar dag sidan jul.. :) Håper det blir betre til i morgon, skulle ha handla nokre ting og det hadde vore kjekt å tatt ein trilletur i same slengen :)

Men har klart å la vere å drikke brus mandag til torsdag, i dag kjem eg nok til å sprekke. ;) Men for meg så er 4 av 7 dagar utan brus ei STOR forbetring, for tidlegare har det vore 7 av 7 dagar med brus! Målet er at det skal bli 1 av 7 dagar til slutt :)

Dette innlegget har blitt redigert av silverdoe: 13 januar 2012 - 14:28

  • 0

#14 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 16 januar 2012 - 17:13

Fekk gått ein trilletur både laurdag og søndag :tommelsmil:

Laurdag var eg og M i sentrum og handla inn litt til dåpsinvitasjonar. Det var jo mest rusling da, men var tross alt i bevegelse i 1,5 time, og det er bra til å vere meg :jepp: Og bakken oppatt frå sentrum er braaaatt :)

Søndag tok vi oss ein trilletur som vart ca 1 time, i litt variert terreng. Dvs. asfalt, men både opp, ned og flatt :)

I dag var eg og M også på trilletur i ca 1 time.

Kostholdet er framleis så som så, men eg syns eg faktisk et liiitt mindre snop og drikk liiitt mindre brus, også i helgene!
  • 0

#15 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 20 januar 2012 - 14:51

Var heime hos mamma og pappa tre dagar denne veka, og då vart det litt brus og godteri kvaaar dag :sjenert:

Men eg var også ganske flink på onsdagen og gjekk trilletur i nærmare 2 timar, i vind og pøsregn! :tommelsmil:

I dag vart det også ein trilletur i fineveret - for ein gongs skuld sol! :sol: Vart berre ca 45 minutt, men det er jo betre enn ingenting :)

Vekta derimot..var 1,5 kg i dag :fnise: Det er OPP 1,1 kg :ler: Men for all del, eg held meg relativt stabil. Eg trur ikkje at no er det på veg opp, berre fordi at tilfeldigvis i dag var vekta litt tung :) Eg varierer mellom 0,x og 1,x gjennom heile veka, så eg er ikkje akkurat deppa :fnise:
  • 0

#16 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 24 januar 2012 - 14:33

Det vart ein liten trilletur i går og ein liten i dag også, ca 40 minutt i sola :)

Men 40 minutt er mykje betre enn 0 minutt, som det lett kan bli hos meg, for eg er frykteleg bedagelig anlagt..haha, eller lat som det også heiter ;) Så eg ser på kvart eit minutt i bevegelse som ein siger :jepp:
  • 0

#17 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 27 januar 2012 - 15:01

Offisiell vegedag i dag: 0,5 kg. Dvs ned 1 kg frå førre fredag og det er jo bra :tommelsmil: Men varierer framleis veldig frå dag til dag, men så lenge eg held meg relativt stabil er eg fornøgd :)

Har fått til trilleturar nesten kvar dag denne veka og det er eg fornøgd med :) Har vore litt mykje brusdrikking førre veke og litt denne veka, men ikkje onsdag og torsdag. Kvar dag eg IKKJE drikk brus er bra! Men må skjerpe meg, definitivt :jepp:
  • 0

#18 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 29 januar 2012 - 21:27

Ein liten trilletur i dag, ca 40 minutt :)

Mannen min snorkar fælt, og vi vurderer snorkeoperasjon. MEN, han vil prøve å slanke seg litt først, for han har nokre kilo ekstra han også. Så no har vi ein ny plan :)

Vi gjekk nemlig gjennom handlelista vår frå laurdagen, og fann ut at vi handla for 900 kr totalt, der ca 250 kr var unødvendige godteriliknande ting! Det er myyyyykje! Viss vi bruker 250 kr i veka på snoperier, så blir det fleire tusen i året, og ca 36 kr dagen. Så vi fann ut at okei, vi må kutte ned. Så no gir vi oss 30 kr dagen (tilsaman, ikkje pr. person) på sparebøssa viss vi ikkje et sjokolade, fløteis, potetgull/popcorn, sjokoladekjeks, smågodt, Lovehearts, kake eller drikk brus. Målet vårt er å klare 150 kr i veka, altså å klare det frå mandag til og med fredag. Og til og med fredag kan bli hardt, for vi får ofte helgefølelsen allereie då.. Så fredagen blir ei stor utfordring! Men vi vil unne oss det på laurdag og søndag. Så får vi sjå om vi klarer å droppe søndagen også etterkvart :)

Pengane skal vi putte på sparegrisen vår, som vi skal tømme kvar månad (viss vi ikkje gjer det berre tek vi pengane ein gong vi treng det, så den må tømmast ofte :fnise: ). Og vi får såklart ete kake viss vi er i selskap eller liknande. Vi skal jo f.eks. ha dåp snart, vi må jo få lov til å ete kake og drikke brus då. Men då taper vi 30 kr ;)

Eg er optimist! :tommelsmil:
  • 0

#19 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 31 januar 2012 - 17:56

Klarte meg ein heil dag utan snoperier og brus i går :tommelsmil: Og har hittil klart det i dag også, til og med sjølv om eg var i butikken! ;)

Men mannen min klarte det ikkje i går, han åt nokre karameller, så det vart ikkje 30 kr på sparebøssa. Her er det ein for alle, alle for ein, så viss ein av oss ikkje klarer det så går det utover begge. Men det eg er mest fornøgd med er at sjølv om han då "øydelagte" så begynte eg ikkje å drikke brus eller ete sjokolade. Det kunne eg lett ha gjort, sidan det likevel ikkje var vits i å halde meg, sånn pengemessig. Men eg holdt meg! :tommelsmil:
  • 0

#20 silverdoe

silverdoe

    C-Kjendis

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPipPip
  • 2 132 innlegg
  • Ble med 21. mai 08
  • Kjønn: Kvinne

Skrevet 01 februar 2012 - 16:07

Hehe, mannen putta på 30 kr på sparebøssa i går, 15 pr dag han "svikta" :) Han følte det var urettferdig at når eg var så flink så skulle ikkje eg få noko for det. Så han betalte for meg :)

Har klart meg sålangt i dag også, men gjett om marsipanen, snøkulene, potetgullet og popcornet fristar da! Mmmm..! Gler meg til laurdag ;)

Tok mål av kroppen min i dag, tenkte kanskje å gjere det rundt den 1. kvar månad. Det er grusomme mål, men eg tenker som så at det kan berre bli betre :jepp: Det blir uansett ikkje verre enn då eg var høggravid, for då trur eg magen min var rundt 130 cm rundt :fnise:

Her er i alle fall den nakne sannhet (riktignok målt midt på dag, etter måltid..)

1. februar.
Vekt: 0,7 (det var om morgonen).
Hals: 36 cm
Bryst (med bh på): 117 cm :daane: (Og eg vog dei i går, på kjøkkenvekta..2700 gram pr pupp! Omg! :sjenert: )
Bryst under: 90 cm
Midje: 97 cm
Hofte: 110 cm
Lår: 73 cm
Legg: 44 cm
Ankel: 25 cm
Overarm: 36 cm
Handledd: 17 cm

Då veit eg kva eg har å strekke meg etter. Det kan berre gå nedover. Det MÅ berre gå nedover :)

Dette innlegget har blitt redigert av silverdoe: 01 februar 2012 - 16:08

  • 0




0 bruker(e) leser dette emnet

0 medlemmer, 0 gjester, 0 skjulte brukere