Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Eg vil få ynskje deg :velkommen: og håpar at du får det fint her hos meg!

Her blir det mykje fart og moro!

*********************************

Fyrst ein liten presentasjon for dei som ikkje veit kven dei ulike namna i lenkja mi er:

Linn3c: Les vidare i boka mi, og du vert kjen med meg. ;)

DaMitT: Verdas beste Linn3c-mann. Me gifta oss 21. mai 2005 etter at me 5 år tidlegare (på dagen faktisk) snakka saman på telefon for fyrste gong. Det var ca ein månad etter at me trefte kvarandre på IRC.

Titus: Skjønne Pusi vår. Vår nydelege katt som me var så heldige å få til oss då me henta henne på Kattehuset til Dyrebeskyttelesen 28. november 2005.

Småtten: Den vesle pjokken som ligg i magen til Linn3c-mammaen sin. Han er sagt at skal koma rundt 27. oktober, så rundt den tida vert det nok eit lite opphald frå KG for min del.

*********************************

Lenkjer og slikt som er verdt å ta vare på:

For gravide:

BarniMagen

Fostermål

Daniels bok

Mor og barn

SnartPappa

SnartMamma

Yoga for gravide i Bergen

Ting og tang for gravide og babyar

Barnetrend

Babysitter

Luca - for prinser og prinsesser

Tøffeliten - alt til din baby

Reflex Babyutstyr

Barnerommet - møbler til barnerommet

Ammetåka - utstyrsliste

Babyshop

BarniMagen - huskeliste

Babyshop - huskelisteSimo barnevogn

Namn:

Norske navn

Egyptiske navn

For ferske foreldre:

Nybakt mamma

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hei! Tenkte det var på plass med nokre ord! :)

Tusen takk til alle som har vore innom og kike! :D

- det er veldig kjekt!

Koseleg å bli nabo med så masse kjekke folk!

Litt om dagen min:

Slit meg i håret med tanke på kommande eksamensperiode, går med konstant vondt i magen og dårleg samvet fordi eg ikkje har lese godt nok gjennom året.

Har i dag teke "kontoret" med meg ut, og site ute i sola og lese biologi.

- Interessant, men også ganske keisamt.

Sambuaren min har drive på å laga forskalin til ein ny mur, me skal strekka helleplattingen vår bakover, slik at me får meir sol og får plass til ny stolgruppe :D Difor er det i grunn kjekkare å hjelpa til der enn å lesa. Men eg blir jaga tilbake til bøkene heile tida, og får ikkje lov å hjelpa til.

Reiste så på besøk til svigertante og -onkel, og åt vaflar og sladra litt :lol:

Drog heimatt og no får eg då svi for at eg sat ute å las i dag. Trur eg har fått mitt livs fyrste solstikk -> er kjempesvimmel og trur jammen eg har litt feber også...

Trur nesten at det er på tide å leggja seg, dagen startar tidleg med planlegging av lesinga den neste veka...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen som dagbokskriver :-D

Håper du har det bedre i dag, og at solstikket har gitt seg. Lykke til med lesinga. :rosasmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for det Marigull! :D

- Er mykje betre no, forresten. Berre litt svimmel.

I dag har eg vore lærarvikar på ein skule i nærleiken. Kjempegøy! :D

- Hadde mange kjekke fag, med veldig greie elevar!

Har nett vore på demonstrasjon, for betre løn og betre vilkår for lærarane. Kjempemasse folk! Dekka heile Torgalmenningen, nesten!

No er maten i gong, må ut og sjekka deigen no, forresten.

- den var klar, så no er pizzaen i omnen! :D (namnam, er kjempesvolten no!)

Men no må eg nesten sjå til å få lese litt meir til eksamen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du får ha lykke til med lesinga og eksamen da :-D

Pizza hørtes skikkelig godt ut forresten... kjenner jeg er litt småsulten nå... kanskje jeg skal ta meg en tur ut å se hva som finnes i kjøleskapet. :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe!

- Gjer det du Marigull! :D

Eg har starta dagen min med ein liten frukost. Og så er det berre lesing, lesing og atter lesing resten av dagen.

No er eg inne i min andre lesepause for i dag.

- Ja, det er hardt å vera student. Men spesielt for meg som har sju eksamenar!

Ja, du las rett, 7 eksamenar!

- Eg tek to skuleår på eitt, slik at eg skal koma meg ut i arbeid så kfort som mogleg! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

Wow, må si du er flink som tar to år i et. 7 eksamner hørtes ikke morsomt ut, ønsker deg lykke til !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det La Toya! :)

Er no inne i dagens tredje lesepause. Er litt sliten allereie. Men det er interessant stoff. Har nett lese om atsma, og skal ta til på epelepsi etterpå.

Eg har heldigvis leseselskap! :)

- Både katten, hunden og venninna mi som eg bur saman med. Men ho har visst trekt inn i dag, tidlegare har me sete ute i sola saman. No er me mest pausekameratar ;)

- men det høyrst ut for at det var lurt av henne å sitje inne i dag, ho har ein fæl hoste. Stakkars! Så typisk! Hoste i dag og eksamen i morgon! :(

Eg har heldigvis ikkje fyrste eksamen før 19. Gruar meg.

- Sjølv om det berre er 4 timar skriftleg, så er det nok av pensum å ta av! :-x

Men no må eg visst skriva ein mail til min kjære som er på jobb! :D

- Slik at han får vita kor flink eg er å lesa i dag også! :P

hehe!

- me sjåast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjest1

Måtte innom å sei hei eg! Er det lov å spørre om kva du studerer! Korleis greier du å ta to år på ein gong? Flink du...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pause igjen! :D

Veslo:

Takk for besøk! :)

Eg går på lærarutdanninga :D

Kva driv du med då?

Eg tek siste året på den obligatoriske utdanninga, og to fordjupingsfag over internett. Leverer litt oppgåver og tek eksamen. Håpar det går greit no; for då er eg ferdig utdanna adjunkt i ein alder av 22 år! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest gjest1

Eg jobbar i år, men begynner på universitetet til hausten. Skal ta ei integrert lærarutdanning med mastergrad i nordisk. Gledar meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjest1

Åssen går det med deg? Går det bra med lesinga? Kor er du i frå, forresten? Syns det verkar som det er litt "i nærhten", forstår du! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei du! Korleis går det med lesinga og alt? Her går det betre no, må eg seie - har hatt kjensla av at ingenting 'seig inn' når eg las i det siste, men i dag opplevde eg brått at eg hadde kontroll på ein del ting som eg ikkje hadde forventa, så det har nok snike seg inn litt likevel... :wink: Gler meg i grunnen til å bli ferdig med ein eksamen eg - greit med alt ein kan krysse over i a-planen, liksom... Men det er jo ikkje det at det blir lite å gjere etterpå... :roll:

Jaja, ha ein fin dag i alle fall, og lukke til med lesinga vidare! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Hei igjen!

Veslo:

Eg er frå Sunnhordland, men ikkje verken Stord eller Bømlo (som eg trur du kjem frå;)).

Pip:

Ja, er så einig! Blir SÅÅÅÅÅ (vise med armane) godt å bli ferdig med eksamenen! Har sett på notata dykkar no, skal få sendt mine til dykk i løpet av morgondagen tenkjer eg. Har ikkje fått skrive alt inn på data enno, og det prioriterar eg ikkje akkurat i dag :P

I dag les eg som berre det, for fyrste eksamenen er allereie i morgon! :o

-Det har gått kjempefort!

I går hadde eg besøk av foreldrene mine, og eg viste mamma dei fine tinga eg har kjøpt til inspirasjon til invitasjonar og bordkort. (Har kjøpt nokre ark, i ulike fargar og kvalitetar, litt bast i grøn og lilla, og litt gåvepapir i same fargane, samt eit scrapbook-sett i bryllaupstil)

Men nett no er det berre berre denne eksamenen som gjeld!

Sjåast i neste lesepause! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink du er, Linn3c! Eg orkar ikkje lese i dag eg, nesten... Har pugga nokre småting, men må liksom ta det litt med ro nett i dag, føler eg...

Det einaste som er dumt med å bli ferdig med denne eksamenen, er at ein må til med lesing til neste, og det blir ikkje kjekt... Jaja. Gudd løkk med siste innspurt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip:

Tusen takk for helsing og lykkeønskje!

- Og det same til deg!

Lurt å ta det med ro siste dagen! :)

- Er heldigvis ei stund til neste enno, men då kjem dei som perler på ei snor for min del, har ein eksamen kvar dag etter 2. pinsedag...

Men nok om det!

- No skal eg snart til å laga rømmegrautrestar til DaMitT som kjem heim frå jobb straks! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

- No skal eg snart til å laga rømmegrautrestar til DaMitT som kjem heim frå jobb straks! :D

Åh - det høyrdest i grunnen litt godt ut. Her står mannen og wokar på harde livet, så det vert snart mat her i huset òg! :wink: Snakkast! (No skal eg forresten hugse å sende deg den PM-en som eg gløymde i stad!)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...